Nye takter

Geir Lysnes frie univers

Etter hundrevis av konsertar med eit tjuetal orkester og store band, går Geir Lysne etter andre lydar.

Lana Trio

«Lana Trio»

Va Fongool (Musikk­operatørene)

Geir Lysne

«New Circle»

ACT (Musikk­operatørene)

Knyst!

«Knyst!»

Gaffer Records (gafferrecords.com)

Albumet heiter «New Circle», og det er ikkje mektige storbandarrangement som helsar oss på opningsnummeret «Please Welcome», men ein elektrisk puls i botnen for musikk som opnar nye vegar og horisontar, og med mannen bak Geir Lysne Listening Ensemble sjølv som drivande solist, både på hovudinstrumentet saksofon og anna. Eckhard Bauer er trompetist, Olav Torget er gitarist, Gjermund Silset bassist og Knut Aalefjær er trommeslagar. Men nøkkelpersonen er Reidar Skår, produsenten, musikaren, sogningen og lydmannen som har vore Lysnes vegvisar inn i eit univers der Skår har vore den sparringpartnaren Lysne har bombardert med sin musikk og sine idear. Dei andre musikarane er kopla inn på vegen, og det er eit album snikra lag på lag i studio med gjestemusikantar frå inn og utland attåt. Det har ikkje gjort musikken mindre «melodisk», men tvert om, i eit anna landskap, der låten «Sakn» også kan symbolisere lengten etter å bruke seg sjølv og musikken sin på ein ny måte.

Grossisten

I norsk jazz er trønderen og sogningen Lysne grossisten i store bands musikk, med lydarensemblet som via ACT Music gjorde Lysne til eit stort namn i Europa som komponist og arrangør. Med fire album på ACT før dette, og hundrevis av konsertar med norske og utanlandske band, medrekna to radiostorband i Tyskland, har landet sidan 2000 vore ein arbeidsplass for Lysne. På plata følgjer han gjennom eit herleg album der musikken også er farga av gjester som Nguyên Lê og vokalisten Hong Thanh frå Vietnam på «A Million Stars», med songaren Solo Cissoko frå Senegal som på siste spor «Alwilly» gjenskapar musikken i ein norsk salme Lysne har skrive, i sitt afrikanske bilete.

«New Circle» er Lysnes musikk omskapt til noko spennande og nytt, på eit album der han verkeleg er i sitt ess.

Også eit knyst!

Med «Rectal Injections» slår trioen med det stillfarande namnet Knyst! verkeleg an tonen med ei rad smell, på debutalbumet av same namn. Musikarane er Kasper Skullerud Værnes på altsaksofon, Christian Meaas Svendsen på bass og Andreas Wildhagen på trommer, og dei er alle med i den unge garden av jazzmusikarar som du møter att i nye band og nye konstellasjonar. Og etter å ha avreagert i starten er det ein nær lyrisk overgang til «Ascholutt» og «Denmark», dei tre første låtane signert bassisten Meaas Svendsen, som også er i duoen Duplex og bandet Mopti, for å nemne to. I Kasper Skullerud Værnes har nasjonen fått eit supertalent på altsaksofon som også har komponert fire av songane. Legg til restkomponist og trommeslagar Wildhagen, også med fot i fleire band. Og vi har ein trio som viser seg fram i det klassiske format saksofon, bass og trommer gjennom eit sett låtar der den frie improvisasjon ikkje er å krysse fartsgrenser, men å søkje saman i eit musikalsk språk som særmerkjer denne trioen, der både duo, trio og solospel går opp i ein einskap. Sidan den unge tenorsaksofonist Sonny Rollins lagde gull av formatet på Village Vanguard på femtitalet, har det vore ei sveineprøve for mange. Bandet Knyst! forsvarar ein stolt tradisjon med glans på debutalbumet sitt.

Lana for liten og stor

Lano-reklame var min første assosiasjon ved synet av albumet til den nye Lana Trio, som også lanserer seg sjølv med brask og bram og eit lite skrik denne veka, på albumet av same namn. Kjetil Jerve spelar piano, Henrik Munkeby Nørstebø trombone og Andreas Wildhagen for andre gong på trommer denne laurdagen, i trioen som med å ramse opp andre band som musikarane spelar i, også er ein del av dei mange unge tordenskjold-soldatane i norsk jazz. Ikkje sagt negativt, for øving gjer meister, og at mangfaldet er stort er endå betre. Her med ein moderne trio der eit somme tider kvilelaust piano er omgitt ein trombone i fleire luftlag og trommene. Plata kjem etter seks års samarbeid mellom tre som endeleg har funne fram til den nyskapande sounden, vert det meldt. Det er eit dristig førelegg til fri improvisasjon, og lukke på reisa vidare!

Finske
 dialogar

Sjekk dette albumet frå den finske saksofonisten Joakim Berghäll, som på «Dialogues I» (Boulder Music) har skrive musikk til ti musikalske dialogar med ti finske jazzpianistar. Det er også debutalbumet til Berghäll frå Helsinki, og om du ikkje har høyrt namna på alle pianistane er Iro Haarla (spelte med Edvard Wesala) og Alexi Tuomarila mellom dei mest kjende, sistemann frå bandet til Mats Eilertsen. Dessutan Samula Mikkonen som spelar trio med Per Jørgensen og Markku Uonaskari, og fleire er i band på ACT Music, og altså i toppsjiktet av finske jazzpianistar. Og det seier faktisk ikkje lite.

Berghäll trakterer sopran, alt, tenor og barytonsaksofon, ein framifrå musikar som med dei ti dialogane har levert ein sterk debut. «Dialogues I» vil han følgje opp med «Dialogues II» med gitarist, det tredje med folke- og verdsmusikarar, og starten lovar godt.

Funky 
Lenny

Lenny White (63) var trommeslagar i Chick Coreas Return To Forever, der han var med på fem plater. På hans 16. album i eige namn, «Lenny White Live» (Challenge/MusikkLosen), er det funky så det held med eit sterkt lag: Mark Ledford (trompet), Bennie Maupin (saksofon), Foley (leadbassist), Victor Bailey (bass), Donald Blackman og Patrice Rushen (keyboards).

Mer fra Dagsavisen