Nye takter

Danielssons vene songar

Lars Danielsson skriv så fine songar at dei er ei fryd for øyret. At bassisten har komponert på gitar og ikkje piano, er neppe heile forklaringa.

Det er noko med opninga som gjer at du straks får denne gode kjensla av at dette kjem til å bli veldig fint, ikkje berre når du høyrer Mathias Eick og klodens vakraste trompetspel for tida. Den britiske gitaristen John Parricelli i akustisk framtoning er med, den polske pianisten Leszek Mozdzer som i vi sist høyrde duoplate med Danielsson, og Eric Harland, trommeslagaren bak typar som Charles Lloyd og Joshua Redman. Første stykke er «Pegasus» og det glir over i «Melody on Wood» og det er berre å sveve vidare på ei sky. Dette er det femte albumet sidan Danielssons første ACT-album «Libera Me» som var på ti på topplista mi det året (2004), så eit album med trombonist Nils Landgren, så «Mélange Bleu» med Nils Petter Molvær og Bugge Wesseltoft på laget, duoalbumet med Mozdzer, «Pasodoble», og så dette. Men kva med å komponere på gitar? Vanlegvis brukar han pianoet når han skriv låtar, forklarar bassisten som også er cellist, men med å bruke gitaren arbeider du på ein friare måte, musikken blir meir «atmosfærisk», forklarar han.

Som lerka

Same kva, så går cellosoloen «Traveller’s Wife» over i «Traveller’s Defence» der lydsjekkopptaket med bandet vart betre enn alle dei andre, vi får Mozdzers fortryllande fabuleringar på «Ballet», og vi rekk ikkje å fortelje kor bra alle songane er. Eg kjenner det som den vesle lerka til Arne Garborg som når ho finn ein tuvetopp «fri for snjo, så kved ho i med sin finaste song,/ so trur ho på vår med ein einaste gong».

Enno ligg snøen over tuvetoppane, føret er godt, og vi er berre halvvegs i dette albumet med namn og tittellåt etter ein ulveedderkopp eg aldri ville gått til sengs med. Danielsson har valt sine medspelarar med omhug, med musikk som skapt for dei.

Byggmeister Raknes

«Someday you will follow me/ could be tomorrow» er det første Eldbjørg Raknes ytrar til oss på eit typisk Raknes-album, «From Frozen Feet Heat Came». Typisk for ein kunstnar som aldri slår seg til ro, og som etter å ha starta eige plateselskap står endå friare til også å utforske sitt musikalske univers, denne gongen med improvisert musikk til improviserte ord. At ho i mellomtida har vore byggjeleiar for det unike prosjektet Sjøbygda Kunstnarhus i Selbu, kan også ha vore ei kjelde til eit album der dei stutte titlane åleine blir eit dikt: «Some day/ like lighter/ from frozen feet/ heat came/ closer/ ka då?/ så, så/ see, sing/ sit down/ where?/ everyway, everyday».

Etter lenge å ha lånt litterære tekstar frå andre, tek ho sine eigne ord og lydar i munnen, på engelsk, norsk, eller det spesielle tungemålet ho også har dyrka før. I dette universet kan alt skje, ikkje berre med ein nesten konverserande saksofon i munnen til Eirik Hegdal attåt, men også ein Stian Westerhus på gitar og elektronika som i det som var att av øyra mine, toppa All Ears-festivalen i Oslo i januar. Her kan vi trygt snakke om å leggje ein ny, sterk dimensjon til verket til byggmeister Raknes.

Grieg-koden

– Eg har knekt Grieg-koden på min måte. Resten er opp til publikum, sa Geir Lysne til Dagsavisen før han gjekk på scena med stort band under Jazzfestivalen i Oslo 2007, for å framføre sitt kanskje mest ambisiøse verk. Opphavleg var det bestilt i høve markeringa av hundreårsjubileet for meisterens død. Sjølv hadde eg ei mektig oppleving i Sandvika, av eit verk der det ikkje er ein note som ikkje står i eit Grieg-partitur, men som er sydd saman som eit anagram, ein Grieg-kode ikkje ein gong musikarane hadde knekt, med eit unntak. Som storbandleiar har Geir Lysne eit stort namn i Europa, og til «The Grieg Code» henta han musikarar frå øvste norske jazzhylle pluss Danmark, Russland og Tyskland. Det er eit mektig epos, med det sterkaste vokalinnslaget blant mange frå trompetist Eckhard Bauer! Sterke solistar er det elles flust av, og ei stor lydaropplevinger er det, skapt av mannen som ein gong hadde sitt eige Listening Ensemble.

Lars Danielsson
«Tarantella»
ACT (Musikklosen)

Eldbjørg Raknes
From Frozen Feet Came Heat»
MYrecordings (Musikklosen)

Geir Lysne Ensemble
«The Grieg Code»
ACT (Musikklosen)

Mer fra Dagsavisen