Nye takter

Satte fyr på Moldejazz

Med Mats Gustafssons opningskonsert som residerande artist i Molde sette han ein standard som berre han sjølv kan slå.

Av ROALD HELGHEIM

KONSERT

Fire! Orchestra

Bjørnsonhuset

Espen Reinertsen &Trondheim Jazzorkester

Teatret Vårt

Tigran Hamarasay

Storyville

Molde Jazzfestival

I nær halvannan time heldt han publikum i den ikkje fullsette Bjørnsonstova stangen med eit verk kalla "Ritual", med nok ein demonstrasjon av korleis vinnaren av den nordiske musikkprisen evnar å kombinere det veldige, valdssame det grenselaust vakre i nokre passasjar som var ugløymelege. Eventyret, om vi kan kalle det så, starta med trioen Fire! med Gustafsson, bassist Johan Bertling og trommeslagar Andreas Werlin, som gav ut plate. Fleire og fleire vart med i prosjektet Fire, og med 28 kvinner og menn heitte bandet Fire! Orchestra. Ei liveinnspeling vart til då bandet vart på turne og opna sesongen på Nasjonal Jazzscene i Oslo med ein forrykande dobbeltkonsert. Det resulterte i albumet "Exit" i 2013, med oppfølgjaren "Enter" i fjor.

Konserten i Molde var Norgespremieren på stykket "Ritual",  forventningane var skyhøge, og resultatet enormt. Ståande midt i det tjue kvinner og menn store bandet instruerte Gustafsson dei musikalske grupperingane i bandet i både samspel og motspel, og ingen kan som han late eit tema gå som eit lokomotiv gjennom bandet med gruppevise eller solovise innslag frå musikarane, med Sofia Jernberg og Mariam Vallentin som vokalistar. Ein musikalsk suggererande "monotoni" krydra med innslag alle stader frå mens kompet går, det er ingen som får dette til som Gustafsson, sjølv saksofonist som til fulle er med å dra lasset, med sterk konkurranse frå trombonist Mats Åleklint. I det nesten heilesvenske bandet er Hild Sofie Tafjord med på horn, danske Lotte Anker på saksofon, eit ekstranummer var legio, og opningskonserten fyrde opp den 55. jazzfestivalen i Molde med fyr og flamme.

Etterpå sette den armenske Tigran Kamasyan pianisten eit strålande punktum for Moldefestivalens dag 1 i den tettpakka vesle klubbsalen Storyville. I Teatret Vårt under same tak kvitterte Espen Reinertsen for fjorårets Jazzstipendiat saman med Trondheim Jazzorkester med ei musikalsk perle. I byrjing ein verkeleg lågmælt kontrast til Gustafssons opningskonsert som enno song i oss. Eilertsen frå Gran på Hadeland har sterk fartstid som både pop og jazzmusikar (Streifenjunko), er med i bandet til Christian Wallumrød som dyrka stilla på sin måte, og han komponerte med musikk inspirert av sitt eige album "Forgaflingspop" til prisvinnarbandet.

Frå det absolutt lågmælte utvikla det seg til ein vakker forundringspakke, der Reinertsen  var både solist og saksofonist. Til prominente musikarar i bandet høyrde også Hild Sofie Tafjord og Sofia Jernberg på dagens andre spelejobb etter opningskonserten, på ein konsert det var ei lise å nyte.

Opp under taket bar det til ein makelaus godnattkonsert med vokalisten og pianisten Tigran Hamasyan med trio. Hans femte album kom i år, på Act Music har vi høyrt han med Lars Danielsson, og det vart eit skifte i både takt og tone i trioens måte å spele på, frå det rocka til det finstemte, både som trio og solo med Tigran Hamasyan.

Mer fra Dagsavisen