Nye takter

Herbie Hancocks reise

– For meg er dette ikkje berre ei musikalsk reise, men ei reise som medmenneske, seier Herbie Hancock. Denne veka er han i Oslo for å både spele og snakke.

For femti år sidan gav han ut det ikoniske jazzalbumet «Maiden Voyage». Spørsmålet om kva for reise han er ute på no, fall difor naturleg. Denne veka landa han i Oslo, ikkje berre for å halde opningskonserten for den trettiande utgåva av Oslo Jazzfestival søndag, men også for å vere deltakar og talar i Nei til Atomvåpens markering i høve syttiårsdagen for atombomba over Hiroshima. Ei reise han gjer for fredsorganisasjonen ICAP (International Committee for Peace) der han er ein av grunnleggjarane.

Som musikar har Hancock vore i Noreg mange gonger. Denne medarbeidar intervjua han første gong 1988, då han opna jazzfestivalen i Molde. Det var året etter at Hancock vann Oscar for beste musikk, til Bernard Traviers film «Round Midnight» (1986), der Dexter Gordon var nominert som beste mannlege skodespelar.

– Prisen eg fekk var historisk, då det var første gong jazz som filmmusikk fekk ein Oscar, seier Herbie Hancock.

Den sterke takketalen kan du framleis sjå på YouTube, med Bette Midler som strålande introdusør. Med åra har Hancock laga musikk til eit titals filmar.

LES OGSÅ: Legende i sin egen tid

Miles-møtet

Den musikalske merittlista til Hancock startar i fødebyen Chicago, der han spelte med trompetisten Donald Byrd og saksofonist Coleman Hawkins. Hans første album på Blue Note i 1962 var «Takin’ Off», med Freddie Hubbard, Dexter Gordon, Butch Warren på bass og Billy Higgins trommer. Hitlåten på plata var «Watermelon Man», som Mongo Santamaria laga ein singel av. Men viktigare for Hancock var at plata fanga merksemda til Miles Davis.

– Det var opphavleg Tony Williams som tipsa Miles om meg, seier Hancock, som i det legendariske sekstitalsbandet til Davis fann si eiga stemme som pianist, med Ron Carter på bass, Tony Williams på trommer og Wayne Shorter på saksofon.

Mentorane

«Maiden Voyage» var Hancocks femte album på Blue Note, etter «Blow Up» som var musikken til Antonionis film av same namn. Blue Note-perioden avslutta han med platane «Speak Like A Child» og «Prisoner» før han gjekk elektrisk med «Mwandishi» og «Head Hunters», og også saman med Miles Davis.

– Kva har samarbeidet med Miles Davis hatt å seie for deg?

– Han var min musikalske mentor. Den menneskelege mentoren min er buddhismen, som har vore religionen min sidan 1972. Det var Miles Davis som introduserte meg for Fender Rhodes som «piano», ikkje syntheziseren, som kom seinare. Unge Tony Williams var ein viktig pådrivar som gjorde at Miles Davis vart nyfiken på kva som skjedde musikalsk der ute, seier Hancock.

Tida strekk ikkje til for alle hans merittar, men eit populært band på syttitalet var det akustiske V.S.O.P., med musikarane i Miles-bandet med Freddie Hubbard som trompetist.

– Hubbard var med på den første plata «Takin’ Off» i 1962, og var min livslange ven til han døydde i 2008.

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Refleksjon

– Søndag opnar du Oslo Jazzfestival med ein solokonsert. Spelar du ofte solo?

– Meir enn før. I utgangspunktet var eg ikkje interessert i det heile. Eg ville spele i band, men har fått augo opp for solospelet, ikkje minst som musikalsk refleksjon, seier Hancock, som i 2002 gav ut samlinga «Herbie Hancock Box», der han presenterer eit tverrsnitt over musikk han har spela inn over 17 år, 24 album og litt til, med eit teksthefte forma som eit essay, der han går gjennom tilhøvet til musikarar han har spela med, mellom dei også unge Wynton Marsalis.

Dette var ein «reunion» han også ville ha Miles Davis med på, men han trekte seg.

– Tony Williams introduserte McLaughlin for Miles Davis. Difor er han med på nokre av platene. Unge Tony Williams influerte Miles på mange måtar, og Miles’ stordom var at han lytta i staden for å diktere. Å alltid vere open, det er det eg også har lært av buddhismen.

Framtida

– Ornette Coleman som heldt opningskonsert for Oslo Jazzfestival i 2010, gav i 1959 ut plata «The Shape Of Jazz to Come». Overført til vår tid, kva form vil jazzen få i framtida?

– Det er ikkje lett å seie. No gjer også hiphop-musikken sitt inntog, og eg ser på pianisten Robert Glasper som ein viktig fornyar. Det gjeld også Flying Lotus alias Steve Ellison, som er grandnevøen til Alice Coltrane, seier Hancock.

Og etter at han har dratt fra Oslo, kjem Flying Lotus til byen for å spele på Øyafestivalen neste veke.

– Eg ser fram til å spele på opningskonserten søndag, etter dagar i Oslo som har gitt meg mykje. Om framtida tykkjest uviss, er det definitivt lys i tunnelen.

Mer fra Dagsavisen