Nye takter

Kosmiske refleksjonar

- Tida var inne til å gje verda eit nytt band, seier Thomas Strønen om Reflections in Cosmo.

MOLDE (Dagsavisen): I dag er det verdspremiere i Molde for bandet som vart til fordi Strønen og Ståle Storløkken etter mange års samspel i duoen Humcrush - der den frie improvisasjonen har stått sentralt, fann ut at dei ville ha eit band med eit meir låtstrukturert uttrykk. Reflections in Cosmo er namnet på det nye bandet, ein kvartett med saksofonist Kjetil Møster og Hans Magnus «Snah» Ryen, gitarist og vokalist i Motorpsycho, attåt Strønen og Storløkken.

- Kvifor nytt band no?

- I utgangspunktet er vel eit nytt band ikkje noko verda treng nett no, så vi lyt prøve å bevise at eksistensen vår tilfører noko nytt. Etter mange års samspel som duo, som vil halde fram som Humcrush parallelt med det nye bandet, ønskte vi eit større og meir slagkraftig artilleri med eit utvida instrumentarium. Vi vil trekkje linjer frå psykedelia og 70-talets prog­rock til nyare former for impromusikk med dagens teknologi. Mens Ståle og eg har arbeidd i heilt frie landskap, blir Reflexions in Cosmo definert av låtstrukturar. Tema blir utvikla over lengre tid og kvartetten framstår som eit kollektivt maskineri, snarare enn eit komp med solistar, seier Strønen.

Nytt album

- Alle har ein mangefasettert bakgrunn og eit godt handverk i botnen. Felles er også ei fordomsfri oppfatning av sjangrar sjanger. Storløkken og eg er saman i ein duo, men det nye bandet er ikkje eit utvida Humcrush. Det er eit band med fire musikarar som skaper sitt eige uttrykk, og vi har allereie spelt inn musikk til eit nytt album. Vi var tre dagar i Øra studio, vi har lytta gjennom materialet og slått fast at musikken held mål. Det kjem også eit nytt Humcrush-album, men det er uavhengig av dette.

- Korleis gjekk de til verket?

- Vi snakka aldri om kva slags band det skulle vere. Alle hadde i forkant øvd og jobba med tema som kunne føre spelet i en retning vi ønska. Vi kunne sett i gong og spelt fritt og berre jamma, men det vil i praksis seie seksti prosent leiting, 20 prosent bra musikk, ti litt betre, men det er dei siste ti minutta som er geniale. Håpet er å kunne utvide andelen av det som verkeleg fungerer. Musikken kallar vi improvisasjon i fri dressur med taumar, seier Strønen.

- Var valet av Møster og Ryan opplagt?

- Etter å ha drodla ei stund avgjorde vi at vi ville ha med eit blåseinstrument. Vi ville ha med ein med trøkk som kan trenge gjennom det eksisterande lyd­biletet. I tillegg ville vi ha med ein som skitna til lydbiletet, i positiv forstand. Ryan kallar seg nok ikkje impromusikar, men har dei eigenskapane som er positive når du spelar jazz og impromusikk.

Høgrisikoband

I august samlast musikarane for å gå gjennom materialet som blir til plate til våren.

- Kva med namnet Reflections in Cosmo?

- Det er eit høgrisiko­band med musikk som kan nå uante høgder, seier Strønen, som utanom Humcrush og Food leier eit kammer­ensemble med strykarar med namnet Time is a blind Guide.

Sist veke fekk bandet platekontrakt med ECM. I dag er det verdspremiere i Molde for Reflections In Cosmo.

kultur@dagsavisen.no

Mer fra Dagsavisen