Kultur

Halvorsons festival

– Mor mi er svensk, og eg har norske slektningar også, sa Mary Halvorson, gitarist frå det grenselaus unge musikkmiljøet i New York før

MOLDE (Dagsavisen): – Eg møtte Anthony Braxton som tilfeldigvis var lærar der eg byrja å studere. Snart slutta eg studiane eg først hadde byrja på. Sidan har eg kjent han i mange år, og utan han veit eg ikkje ein gong om eg hadde vorte musikar, seier Halvorson om Braxton, nestor og enfant terrible i moderne amerikansk jazz og samtidsmusikk den dag i dag.

– Musikken eg voks opp med var trekkspelet til mor, seier Mary Halvorson, fødd i Boston i 1980.

I fjor spela ho med Braxton og trommeslagaren Weasel Walter på Kongsberg. I går spela ho på Forum i Molde med bassist John Hebert og trommeslagaren Ches Smith. Ho er ein del av ein spennande ny generasjon musikarar i USA, og bestemde seg tidleg for at ho ikkje late seg omgje av musikalske båsar. Ho spelar alt frå rock til streit jazz, og leier også ein mykje omtykt kammermusikk-duo med fiolinist Jessica Pavone. Ho er dessutan med i det progressive rockebandet People. «Opulence» er eit album med trommeslagaren Walter. Moldebandet platedebuterte ho med i fjor, på albumet «Dragonland».

Hendrix først

– Skulle du bli jazzgitarist i utgangspunktet?

– Eg elska Jimi Hendrix over alle, men min første musikklærar var jazzmann. Men eg vart aldri ein standard jazzgitarist, sjølv om eg har stor sans for gamle storleikar som Jim Hall og Wes Montgomery. Eg lyttar ikkje på jazz som «gitarist», men eg høyrde tidleg på Ornette Coleman, Eric Dolphy, Art Ensemble of Chicago. Eg kan spele all slags musikk og elskar bass og trommer, seier Halvorson.

Ho studerte ein periode ved New School of Jazz & Contemporary Music i Brooklyn, der ho også underviser.

Et eige språk

– Eg har sett «notane» til Anthony Braxton som er ark og plakatar med nokre figurar på. Cecil Taylor bad musikarane i eit stort band spele landskapsteikningar han delte ut. Kva med deg?

– Braxton har eit eige språk, difor lagar han grafiske teikningar. Eg høyrer Cecil Taylor skal spele her i Molde. Han elskar eg, seier Halvorson om avantgardejazzens superveteran som spelar solokonsert i dag.

Over grensene

– Du kjenner den nye jazzen i USA. Kva veit du om den nye jazzen hos oss?

– Eg veit om einskildmusikarar som Ingebrigt Flaten og Mats Gustafsson i Skandinavia, og i Atomic måndag høyrde eg også Paal Nilssen-Love live for første gong. Han er ein av dei du med ein gong høyrer er magisk. Trommeslagarar er elles det eg lyttar mest på for tida, og eg er verkeleg glad for det nye samarbeidet over Atlanteren, seier Mary Halvorson.

No skriv ho musikk for ein kvintett. Og Moldefestivalen går inn eit nytt døgn, etter ei forrykande opning måndag der solokonserten til Bugge Wesseltoft enno syng i oss.

Mer fra Dagsavisen