Kultur

Dei evige jazzmarker

Det har ikkje berre med den lyse årstida å gjere, men likevel. Når Joe Lovano (55) møter Hank Jones (88) på årets duoplate, får du den same yre kjensla.

Sist eg intervjua saksofonisten Joe Lovano, var han kisteglad for å ha fått med seg pianisten Hank Jones på plate, men han enno levde. Sidan vart det to av dei, «I'm All For You _ Ballad Song Book» (2004) og «Joyous Encounter» (2005), begge med kvartett. Så får vi dette årets duoalbum med den barnlege tittelen «Kids: Live at Dizzy's Club Coca-Cola», og det er ei fryd frå ende til annan. Klubben ligg i Lincoln-senteret i New York, klubb-opptaka er frå april i fjor. I mellomtid møtte eg den snart 89 år gamle Hank Jones i Molde i sommar, den eldste og einaste gjenlevande i ein søskenflokk på sju, med tre jazzbrør, og han er den siste i heile slekta. Ein mann som strutta av vitalitet, som nesten kom dansande langs fortauet, som har jazzen i blodet, som tryllar fram den eine songen like leikande lett som den andre.

Samkjensle

Det er 34 års aldersskilnad mellom han og Lovano, men det skortar ikkje på musikalsk samkjensle på dette albumet, der Hank Jones innimellom duo-spora briljerer som solopianist. Her er 11 spor frå «Lady Luck» til «Lazy Afternoon», med to songar av Jones-broren Thad, der «Kids are pretty People» har inspirert til platetittel. Her er Bud Powells «Budo», for ikkje å snakke om «Oh, What a Beautiful Morning». Perler frå songboka, foredla av to sjeler med ein tanke, alt til ære for John Hicks, Dewey Redman, Leroy Jenkins, Ray Baretto, Alice Coltrane og Michael Brecker. Dei for alle til dei evige jazzmarker det siste året, men jazzen lever og har det bra, her også.

Meir duo

Ein duo av eit anna slag er det når bassist Lars Danielsson møter den polske pianisten Leszek Mozdzer på albumet «Pasodoble». Det er det fjerde albumet Danielsson gir ut på det tyske merket ACT, eter det storslåtte «Libera Me», så «Salzau Music On Water» med trombonist Nils Landgren, og «Mélange Bleu» med sterk norsk innsats frå Bugge Wesseltoft, Nils Petter Molvær m.fl. For folk flest er Leszek Mozdzer mindre kjend, om du ikkje veit at han mellom anna har samarbeida med Zbigniew Preisner om musikk til Kieslowskis «farge-trilogi» på film, og dessutan er ein merittert jazzmusikar. Lars Danielsson er ein solo-bassist av rang, og han og Mozdzer fabulerer fint saman på dette stilige albumet, der dei har skriv all musikk sjølve.

Mellomrom

John Surman i ei «klassisk» setting er ikkje noko uvanleg, tenkjer eg når eg høyrer på «The Spaces In Between». Snarare er det slik at den britiske saksofonisten og komponisten som har fast plass i ECM-stallen og Norge som ekstra fedreland, kan dukke opp i kva setting som helst, om saksofonhornet er baryton, tenor, sopran, eller han byter til bassklarinett. Det er noko sakralt over det, sjølv om han er mann for sitt horn også i mindre sakrale samanhengar. «The Space In Between» spring ut av eit samarbeid med bassist Chris Laurent og ein strykekvartett, som i 1999 resulterte i «Curuscating», eit album vel motteke i alle leirar. Surman har tatt med seg musikk han gjennom åra laga for mange slags settingar, inn i desse «romma imellom». Vakkert er eit ord eg ikkje kjem utanom, mens musikken byggjer seg opp til eit tittelnummer Rita Manning spelar solo på fiolin, før det atter greinar seg ut i landskapet. Patrick Kiernan, Bill Hawkes og Nick Cooper er dei andre strykarane som er med på reisa vidare.

Joe Lovano & Hank Jones:
«Kids: Live at Dizzy's Club Coca-Cola»
Blue Note (EMI)

Lars Danielsson & Leszek Mozdzer:
«Pasodoble»
ACT (Musikklosen)

John Surman:
«The Spaces In Between»
ECM (Grappa)

Mer fra Dagsavisen