Kultur

Finsk i kjempeform

KONSERTER

Sibelius' symfoniar og verk av Magnus Lindberg

Finsk Radiosymfoniorkester dir. Sakari Oramo og Avanti! Kammerorkester

Festspillene i Bergen Grieghallen/Logen

Svaret er ja og ikkje berre fordi klisjeen om det typisk finske sjølvsagt kjem til kort i møte med den fantastiske mangfaldige Sibelius. Ved å invitere det radiosymfoniorkesteret frå Helsinki til storinnsats viser direktør Per Boye Hansen at han vågar forskyve tyngdepunktet for festspela i Bergen. Dei blir ein arena for å nå djupare i noko vi tror vi kjenner den klassiske musikken og den nordiske kulturarven framfor å varte opp med stadig nye fargesprakande eksotiske framsyningar. Det siste var meir i føregjengar Bergljot Jonsdotters ånd og nokre kan nok sakne slikt men på årets festspel har vi kome musikken tettare inn på livet både i stort og intimt format.

Det er eit spørsmål om kvalitet både i programval og formidling og konsertopplevingane har nådd langt forbi frykten for at noko skal bli for einstoning traust eller konvensjonelt. Ta Sibeliussymfoniane: under leiing av Sakari Oramo har dei framstått som høgenergiske varierte og lyriske – svimlande på sitt aller beste. Berre klangvariasjonen hos strykarane i radiosymfoniorkesteret har vore ein kveld verdt og blåsarane har briljert med lekre detaljar i fleng.

Eit og anna kunne vore endå mer netthendt løfta fram men symfoniane har vore ei svir; frå den første ung klar og oppreist til den andre som prøver ut heilt andre idear nesten famlande om ikkje så nedstemt forskande som den sære fjerde. Sibelius kan nærmast krype langs skogbotnen med sansane stilt inn mot mose og melankoli for i neste opus neste sats eller neste takt få ein vegg av irrgrøn skog til å reise seg mot ein knallblå himmel. Og i den sjette og særleg den sjuande symfonien samlar han alt i smektande melodiar og klangspekter som skulle inspirere mange etter han.

Ein av dei er landsmannen Magnus Lindberg født året etter at Sibelius døde i 1958 og festspelkomponist i år. Det finske radiosymfoniorkesteret framførte hans Feria og Chorale side om side med Sibelius den første ei kraftutlading av heftig harmonikk og kompakte orkesterfargar den andre ein like karakteristisk gest til tradisjonen han står i: basert på Bach-koralen Es ist genug.

Men det var kammerensemblet Avanti! som verkeleg pensla ut nyansane i det Lindberg har å by på då dei varta opp med verk for mindre ensemble i Logen laurdag frå duoen Steamboat Bill for klarinett og cello via klaverkvintetten &de tartuffe je crois til Related Rocks for to slagverkarar to klaver og elektronikk. Musikarane med klarinettist Kari Kriikku i spissen takla tilsynelatande heilt uanstrengt dei vanvetige utfordringane frå den snakkesæle energibunten av ein komponist. Om han kunne bli i overkant intens for nokre av oss etterlet også denne konserten seg eit inntrykk av ein ny musikalsk punch på festspela som det skal bli spennande å følgje i åra som kjem.

Mer fra Dagsavisen