Nye takter

Trygve Seims finske reise

Musikalsk er Finland mitt andre fedreland, seier Trygve Seim etter strålande konsert med Helsinki Songs.

Torsdag debuterte kvartetten med ein av Oslo Jazzfestivals finaste konsertar, med estiske Kristian Randalu på piano, finske Markku Ounaskari på trommer, Mats Eilertsen på bass og ein Trygve Seim som får saksofonen til syngje enten som alt eller tenor.

Musikalsk har han hatt eit langvarig tilhøve til finske musikarar, og han har leigd seg inn i den finske komponistforeininga si leilegheit i Helsinki, der han skreiv tittellåten «Helsinki Song».

– Etter kvart vart musikken vi har spelt så finsk i leten at namnet «Helsinki Songs», med s, sa seg sjølv som tittel på bandet, seier Seim.

Vesala

1985 byrja han å spele saksofon etter å ha høyr Jan Garbareks album «Eventyr».

– Når kom interessa for finsk musikk?

– Eg byrja å spele i kvartetten til den legendariske finske trommeslagaren Edwad Vesala i 1996, der ektefellen hans Iro Haarla spelte piano. Då mannen døydde, tok ho over bandet og eg var med vidare, på plater som vart gitt ut i 2006 og 2011. Eg spelte også med trioen Kuara, som er eit finsk ord for lyd, der Per Jørgensen er trompetist og vokalist, Samuli Mikkonen pianist og mitt nye funn på trommer heitte Markku Ounaskari.

Trygve Seim har endå ein link til Finland gjennom Sinikka Langeland som han spelte med på to av platene hennar på ECM.

– Difor har det vorte mykje finsk i den musikalske ballasten i 20 år, seier Seim, som framleis brukar huset til den finske komponistforeininga, der står eit piano som han brukar når han skal skrive ny musikk.

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Sauna

– Kva med sauna?

– Eg har ei campingvogn fullt utrusta med sauna som eg fekk i bursdagsgåve når eg var 40. Eg er dårleg til å snakke finsk. Finnar flest kan svensk, men nektar å snakke det.

– Når blir det plate?

– Det er nøyaktig eitt år sidan vi først var i studio i to dagar, men når det blir plate er uvisst, seier Seim som har vore i ECM-stallen både med eigne album og som sidemann, i alt på 15 album. Mats Eilertsen spelar han med i The Source. Markko Ounaskari er frå Helsinki, pianisten Kristian Randalu kjem frå Estland, som er så godt som nordisk, meiner Seim, som med bandet sitt verkeleg heldt publikum i age med sin sakte, poetiske musikk.

Mer fra Dagsavisen