Nye takter

Meisterjazz

– Eg prøver berre å spele det eg høyrer, seier Ches Smith, platefersk til Nasjonal Jazzscene neste veke.

Tittellåten til «The Bell» (ECM/Musikkoperatørene) var ein av dei første trommeslagaren skreiv til det nye bandet sitt. Med dei meir kjende Craig Taborn på piano og Mat Maneri på fiolin til ein, lat oss kalle det kammermusikalske jazztrio til opphavsmannen protesterer. Han har skrive all musikken sjølv, og spelar vibrafon og timpani også, på det utgjevaren kallar «eit kammermusikalsk album for meister-improvisatorar med brei musikalsk røynsle». Soga er at Smith hadde ein eingongsjobb i New York, og brått hadde eit høve til å gjere «noko heilt anna» som heiter.

Som sagt så gjort, og resultatet er eit meisterstykke av fabulerande musikk der det lengste sporet heiter «Isn’t It Over?». Eit anna er «I’ll See You On the Dark Side Of The Earth» og «It’s Always Winter (Somewhere)». For New York-baserte Smith er albumet hans ECM-debut, velkommen etter i stallen Mat Maneri og Craig Taborn er husvarme i, frå før. Med dette er «The Bell» ein fest av eit plate.

Fire Next Time!

Den legendariske trioen heiter «Fire!», albumet heiter «She Sleeps, She Sleeps» (Rune Grammofon/Musikkoperatørene), og det er det femte i rekkja sidan den eksplosive trioen med Mats Gustafsson (saksofon), Johan Berthling (bass) og Andreas Werlin (trommer/Steel) gjekk opp i ein høgare einskap. No med eit album med musikk dei treffande kallar ein cocktail av mørk, hypnotisk slowcore jazz. Avleggjaren om ein kan kalle det så, var suksessen Fire! Orchestra!, ti gonger så stort, sidan korta med til atten musikarar. Dei kjem med sitt tredje album neste år, men no er det dei tre fyrbøtarane sin tur.

Og fela ho let!

«Time Before And Time After» (ECM/Musikkoperatørene) er tittelen på franske Dominique Pifarélys soloalbum på fiolin (ein gong var fiolinisten med på Stefano Battaglias «Re: Pasolini»). Alle låtar improvisert, unnateke evigvarande «My Foolish Heart»!

Mer fra Dagsavisen