Nye takter

Konserten som endra alt

For femti år sidan heldt John Coltrane sin einaste konsert i Norge. Og vi som var der, gløymer det aldri.

Som eit gudsord frå landet hadde eg kome til hovudstaden for å studere, men også med eit sug i meg etter å høyre levande jazz. Eg gjekk på alle konsertar som var, og eitt av mine tidlege minne er med Bud Powell på jazzklubben Metropol, i september 1962. Men etter Coltrane-konserten i Njårdhallen skulle ingenting bli som før.

Njårdhallen - der eg i 1962 tok ein av mine første førebuande eksamenar i matematikk, i ein enorm idrettshall på Oslos vestkant, med taket i ein boge på tvers som gav meg ei kjensle av Kafka. Det minner om ei scene frå Orson Welles’ filmatisering av «Prosessen», der Josef K arbeider i ein bank, sitjande i eit enormt kontorlokale der alle som ein reiser seg som på kommando, når dagen er slutt. I ein hovudstad utan anna konserthus enn Universitetets Aula, var Njårdhallen arena for mange opplevingar på sekstitalet. Men 23. oktober 1963 sat eg langt framme mot scena, som var rigga opp på den eine langsida av hallen, då John Coltrane, Elvin Jones, Jimmy Garrison og McCoy Tyner kom og spelte i ein time og tre kvarter for ein nær fullsett hall. Kva dei spelte? På den tida var Coltranes enorme, minst tjue minutt lange versjon av «My Favorite Things» standard på konsertane, på ein turne der kvartetten spelte i Stockholm Konserthus kvelden før Oslo, i Helsingfors dagen etter. Etter jazz-eksperten Johs Berghs melding i Aftenposten spela dei også dei faste «Mr. P.C.» og «I Want to Talk about You», og han skriv at «i deler av de syv kvarter vi fikk høre kvartetten, spilte den det absolutt fineste jeg har hørt på konserter her hjemme».

Bergh og Vold

Bergh og Jan Erik Vold har 24. oktober kvar si store melding, i Aftenposten og Dagbladet, av ein konsert som mitt klåraste bilete frå, berre er med trommeslagaren Elvin Jones med sine lange armar og enorme trommespel, og John Coltrane i hundre på tenorsaksofonen. To som jaga kvarandre vidare i nokre tromme- og saksofonduellar dei ofte avslutta eit nummer med. Coltrane spelte også sopransaksofon. Yngstemann i bandet var den glimrande 25 år gamle pianisten McCoy Tyner, i dag den einaste gjenlevande av den klassiske Coltrane-kvartetten, og som etter Johs Berghs oppfatning «gjorde en god del av det beste vi fikk høre på konserten». Ferskast i bandet var bassisten Jimmy Garrison, på konserten eit offer for eit lydanlegg som ikkje levna bassisten ein sjanse til å bli høyrd utanom ein og annan solo. Og det høyrer med at ettersom det ikkje finst opptak av konserten, finst det ingenting på plate om Coltranes einaste konsert i Norge, av det som har kome ut av «John Coltrane in Europe»-utgjevingar. I biografien «John Coltrane - His Life And Music» av Lewis Porter, står han i registeret også oppført med ein konsert i Njårdhallen 21. november 1962, men det er feil.

Kvartetten

I 1963 hadde denne utgåva av Coltranes kvartett, med unnatak av Garrison som i 1962 tok over som bassist etter Reggie Workman, spelt saman i tre år. Mine to første Coltrane-album er frå tida før, med «Giant Steps» og «Coltrane Jazz», før Coltrane gjekk til «the house that Trane built», plateselskapet Impulse!, der han innleia ein ny era med «Africa/Brass» i 1961. 1963 var året for platene «Live At Birdland», «Ballads», «John Coltrane and Johnny Hartman», «Duke Ellington and John Coltrane» og den viktige «Impressions». «Crescent» kom året etter, før den monumentale «A Love Supreme» i 1965, albumet som «Kind Of Blue»-biografen Ashley Kahn har skrive bok om med tittelen «The Story Of John Coltrane‘s Signature Album». Han skreiv også boka «The House That Trane Built» om plateselskapet Impulse, som i 2006 kom samstundes med cd-boksen med same namn, åtti år etter fødselen til både Davis og Coltrane. I ein artikkel Jan Erik Vold skreiv i Dagbladet dagen før konserten i Njårdhallen, meiner han det vil vere klokt å førebu seg, og oppmoda folk til å skaffe seg plater som nettopp «Impressions» og dei andre frå samtida.

Ny Frihet

I ettertid har det vore ei oppleving å lese meldingane til både Vold og Bergh, som har friska opp minnet om det som for meg var ei skilsetjande oppleving. «I større grad enn noengang siden den tradisjonelle jazz, er det her tale om kollektiv improvisasjon der de to tre eller fire musikerne som spiller samtidig er på en måte alle er like meget i forgrunnen», skriv Bergh. På den lange versjonen av musikallåten «My Favorite Things» spelte og improviserte Coltrane gjennom heile låten i ein toneart, noko som i dag er gjengs i jazzen, men som i 1963 kunne setje sinn i kok. I Dagbladet skreiv ein oppglødd Jan Erik Vold om den nye fridomen i Coltranes måte å improvisere på, med å bryte med ein «jazzimprovisasjon bygd på den gitte melodis harmonisekvens», og om dei lange solo-innslaga til Coltrane på slutten av kvar avdeling som «overlegne demonstrasjoner på fri improvisasjon i en grad av frihet som tidligere har vært ukjent innen jazzen»

Vold skreiv om jazz i Dagbladet frå han i 1957 budde i USA, hausten 1963 kom han heim, og fortel i dag at artikkelen om Coltrane-konserten var den siste han skreiv om jazz i avisa, då han etter Coltrane ikkje hadde kunnskapar nok til å halde fram på eit så høgt nivå. Etter konserten var musikaren Hans Marius Stormoens første reaksjon ovundring over at Vold i det heile våga å skrive om konserten.

Coltrane og Norge

I 1960 var John Coltrane godt kjend i jazzkrinsar Norge, men diskusjonane var heftige over kven som var dei beste. I Bjørn Stendahls historie «Freebag...? Jazz i Norge 1960-1970» står at Johs Bergh alt i 1957 skildra saksofonistane Hank Mobley og John Coltrane som «musikere med den rette gnist». Under debatten om Coltrane og Rollins (som Coltrane sjølv var ein stor beundrar av) skreiv Bergh i 1960 at «Coltrane kan virke frastøtende på en uforberedt tilhører, og hans ukonvensjonelle rytmiske og harmoniske stil kan virke planløs. Men i sine beste øyeblikk skaper han jazz som i spenning og dristighet ikke overgås av noen andre». Samarbeidet med Miles Davis opna også nye auge og øyre for Coltrane, plater som «Giant Steps» og «Coltrane Jazz» var i vinden. Etter samarbeidet med Miles Davis bestemte Coltrane seg i 1960 for å gå sine eigne vegar. Det er eit brot vi kan høyre utspele seg musikalsk, som på albumet «Miles Davis & John Coltrane Live in Stockholm», frå ein forrykande konsert 22. mars 1960. Med ein strålande versjon av «On Green Dolphin Street» der John Coltrane i ein av sine råaste soloar formeleg riv og slit i dei musikalske lekkjene, som om han spelar seg fri.

Etterpå

Om det tok tid før norsk musikarar sjølve gjekk inn Coltranes verd, var tenorsaksofonisten Bjørn Johansen i 1961/62 i gang med eit band med Arild Wickstrøm (piano), Petter Holm (bass) og Ole Jacob Hansen (trommer) som tydeleg hadde Coltrane-kvartetten som førebilete. Og femten år gamle Jan Garbarek vann hausten 1962 NM i «amatørjazz» - på det som må ha vore ein av mine første konsertar i byen - med musikk omtalt som tydeleg inspirert av Coltrane. I dag seier Garbarek sjølv at Coltrane på den tida var den einaste han var påverka av, og han var også på konserten i Njårdhallen.

Kva Coltrane og musikken hans sidan har hatt å seie for nye generasjonar gjennom femti år, kan knapt overvurderast. På sekstitalet var konsertar i Oslo med Charles Mingus, Thelonious Monk, Charles Lloyd og andre også skilsetjande opplevingar. I Njårdhallen høyrde vi også Cannonball Adderley med Joe Zavinul, og Duke Ellingtons storband. Men Coltrane-året var 1963, datoen var 23. oktober, og ingenting vart som før.

Dobbel Coltrane: Apropos femtiårsjubileet for konserten til John Coltrane i Oslo: «Afro Blue Impressions» (Pablo Records/Universal) er ei nyutgjevenig av eit album som vart innspelt i 1963 med John Coltrane, McCoy Tyner, Jimmy Garrison og Elvin Jones, men som kom på dobbel LP på Pablo Records først i 1977. No kjem det på dobbel cd med med bonusspor, som ei verdig jubileumsmarkering av at det vart spelt inn i det viktige året 1963.

Seglems norske reise

Karl Seglem

«NyeSongar.no»

Ozella (Musikk­operatørene)

Med «Drömvisa» innlemmar Karl Seglem også Göran Fristorp i sitt heimlege jazzprosjekt.
Etter å ha dyrka sitt særeigne tonespråk i krysninga mellom folkemusikk og jazz, fann Karl Seglem for fire år sidan tida mogen til å gjere noko annleis. Med «NORSKjazz.no» oppfylte han draumen om å skrive musikk for ein klassisk jazzkvartett, og med Eple Trio utvida til kvartett med han sjølv på tenorsaksofon, var suksessen eit faktum. Andreas Ulvo (piano), Sigurd Hole (bass) Jonas Howden (trommer) laga sjølv plate som del av eit masterstudium, og med Jan Johansson som ein uttrykt inspirator var dei eit perfekt kompaniskap for Seglem og hans reinskorne songar.

Så også på «NyeSongar.no», der også andre i bandet er medkomponistar. Og med ein song han har hatt eit særleg tilhøve, let han gamle minne om somrar i Bergen og heime i Årdal strøyme på, gjennom ein fin versjon av Göran Fristorps «Drömvisa». Med titlar som «Desembersongen», «Porten», «Angular Momentum», «Inn i juni» og «Etter snø (Odda)» kan nokon kvar drøyme seg bort i den musikalske venleiken. Seglem oppdaga tidleg at det var når han dukka ned i sin eigen tradisjon det opna seg ei ny verd. I 25 år har han dyrka sitt tonespråk, som han også internasjonalt har gjort suksessmed. Eple Trio har vorte eit unikt følgje på Seglems reise, og «NyeSongar.no» er med sitt mangslungne uttrykk ein glitrande oppfølgjar til «NORSKjazz.no».

Ein fretless Gewelt

Terje Gewelt

«Steppingstone»

Resonant Music (Musikk­operatørene)

Med albumet «Steppingstone» er Terje Gewelt verkeleg i støtet, på eit album der ideen bak har vore å introdusere seg sjølv som fretless elbassgitarist, i ein gitartrio der ein hentar inspirasjon frå fleire sider av jazzen.

Etter ein konsertturne vart albumet innspelt, og i selskap med to allsidige musikarar som Staffan William-Olsson på gitar og den hyppige norgesgjest Adam Nussbaum på trommer, er prosjektet i dei beste hender, på ei plate der Gewelt lar bassen syngje både som soloinstrument og basskomp.

Ein av lærarane har høyrbart vore Jaco Pastorius, og som aktiv musikar i inn og utland sidan åttitalet då han som student i USA starta «Forward Motion», er Gewelt ein av våre mest allsidige bassistar, sist i med den italienske bassisten Enrico Pieranunzi. Musikken til «Steppingstone» har han på to låtar nær skrive sjølv, og det er ein Gewelt og eit band i godt slag vi høyrer.

Mer fra Dagsavisen