Få gjorde som Strømshaug ein innsats for lokalsamfunnet og fylket sitt. Det er berre seksten år sidan han døydde, men vi ser døme på at han alt held på å bli gløymd. Derfor denne markeringa vår av 100-årsdagen.
Han vaks opp på garden Strømshaug med viktige fornminne midt på tunet. Dét er ikkje uvanleg i Råde, men faren var opptatt av slikt, og Kristian utvida til registrering av stadnamn og ord og uttrykk og kartlegging av dialekter. Han samla historier og til og med barnesongar.
Det mest synlege etter han er vel Råde bygdetun som han gav tomta til.
— Østfold Mållag
Han «Spørjar-Krestjan» oppsøkte «fortellerær», som han sa, særleg eldre folk i bygdene. Han utvikla ein eigen intervjumetode, og alt på slutten av 1940-talet tok han opp samtalane på ein bandspelar. I ei heimesnikra ramme frakta han denne bak på mopeden. Seinare, med bilen «Blekkmærra», dekka han heile Østfold. Han etterlet seg over 600 lydband, som no blir digitaliserte.
[ No preikar vi! ]
Han Kristian var sjølvlærd, men som snekkarkyndig restauratør av gamle hus blei han engasjert av Borgarsyssel museum. Men den etter kvart vitskapelege assistenten utvida arbeidsfeltet sitt til språk, stadnamn og andre mindre handfaste kulturminne. Han utgav seks bøker i faga sine, medrekna ei lærebok i lafting. Han kom med i bygdebokredaksjonar, bidrog til lokalhistoriske tidsskrift og heldt foredrag rundt i heile fylket. Det mest synlege etter han er vel Råde bygdetun som han gav tomta til.
I eitt intervju blei han kalla ein «seriøs stabeis». Han var slett ikkje av det sjølvhevdande slaget, men på fagfelta sine stod han fast som fjell. Som at nynorsk burde bli skriftspråket i Østfold, basert på dialektforskinga hans og andres. Så var han også med på å skipe Østfold mållag i 1989.
Han var odelsguten som godt kunne drive ein gard, men som snart overlet dette til slektningar for å dyrke interessene sine. Grundig, nøysomt og utan eigen familie ofra han seg for slikt som mange andre såg på som uviktig.
[ Hotellet vil bli høyere enn Hvalers høyeste topp, Bankerødkollen ]