Fredrikstad

No preikar vi!

Kan ein nynorsk-festival vere med på å gjere Fredrikstad til Ivar Aasens hovudsete på Austlandet? Desse to vil prøve.

– «Østfoldsk» liknar meir på nynorsk enn bokmål, meiner målmann Magne Aasbrenn. Den nye leiaren i Noregs Mållag held fram to utgåver av Fredriksstad Blad, og skriv om titlane på fyrstesidene munnleg:
– Sjå her, «Robothjelpen fra Øra» blir «Robothjelpa frå Øra» på nynorsk, mens «Hun blir GPS-sporet» blir «Ho blir GPS-spora». Det nynorske alternativet høyres meir «østfoldsk» ut, forklarar han.

Spennande, ikkje konservativt

Saman med seg har han bystyremedlem i Fredrikstad, Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen (20). Den unge herremannen er sjølve hjernen bak «Hællæ nynorsk», ein nyoppstarta festival som skal gå av stabelen i Fredrikstad 25.-27. oktober. Det er Østfold Mållag som står bak festivalen i samarbeid med Noregs Mållag. Målet? Å gjere byen til nynorskens hovudstad her på Austlandet.   
– Nynorsk er så spennande og interessant. Vi må bli kvitt dei etablerte fordommane berre for folk med høgare utdanning, seier Kjølholdt Gustavsen.
Til avisa Framtida.no seier Aasbrenn  at det ifølgje Sentio Research er kring 6.000 nynorskskrivarar i Østfold.

Med Kalvø på plakaten

Programmet for festivalhelga er allereie på plass, og det er mange godbitar. Både Are Kalvø, Ragnar Hovland og Brit Bildøen tek turen til Plankebyen. Heile Frederik II vidaregåande skule er med på festivalen, og det blir mellom anna kurs i debatt-teknikk, filmframvisning med nynorsk teksting og språk-kviss med Aasbrenn som kvissmaster. Arrangementa tek plass på ulike stader i byen, mellom anna på kinoen, Litteraturhuset og biblioteket.
– Vi må få litt lågare skuldrer når det kjem til nynorsk. Litt mindre raud penn og meir moro, seier Aasbrenn.

Tek festivalen på ordet

I høve festivalen kjem Fredriksstad Blad ut på nynorsk. Men «bare» e-avisa.

– Noko anna vil vere for radikalt, seier René Svendsen, ansvarleg redaktør i Fredriksstad Blad, som fortel at han sjølv les nynorsk flytande, men skriv litt «krøkkete».  
Tysdag 25. oktober lagar avisa ei ekstra utgåve på nynorsk, som blir tilgjengeleg for abonnentane som e-avis.
– Vi likar å speile lokalsamfunnet både redaksjonelt og visuelt. Men eg trur ikkje den jamne papiravislesar ville fortått konteksten, da festivalen er heilt nyetablert. Difor blir det «bare» e-avis, fortel redaktøren. Han legg til at reaksjonane førebels har vore positive.
–Nokon innbitne nynorskmotstandarar har naturleg nok vore negative, seier han.

Mer fra Dagsavisen