Ytringsfridumskap

Denne veka har romfolk i Noreg gått rundt på gata og seld eit magasin som leflar med holocaustfornekting. Kva i all verda?

13. juni i år heldt Ytringsfrihetsforbundet (YFO) eit møte på Litteraturhuset i Oslo. Forbundet, som vart grunnlagt i fjor, er registrert som eit «livssynssamfunn» i Brønnøysundregisteret og har kunngjort at dei vil søke offentleg stønad på lik linje med andre livssynssamfunn.

President i YFO er Helge Lurås, elles mest kjent som primus motor i den omstridte, høgreorienterte bloggen Resett, som i april vart blokkert av Google si annonseteneste AdSense, fordi selskapet meinte bloggen hadde brote med deira retningslinjer ved å «rette unaturlig oppmerksomhet mot annonser».

Dette hendte i forlenginga av at ein heil del privatpersonar hadde kontakta bedrifter som, i nokre tilfelle utan å vere klar over det, annonserte på Resett, og oppfordra dei til å slutte med det, samstundes som profilerte politikarar som Sveinung Rotevatn (V) og Karin Andersen (SV) òg ytra seg svært kritisk om bloggen.

Under møtet på Litteraturhuset tok Bjønnulv Evenrud ordet. Evenrud er leiar for organisasjonen «Folk Er Folk» og magasinet ved same namn, og vart i 2012 kåra til «Årets navn» i Ny Tid for den innsatsen han hadde gjort for å betre livsvilkåra for romfolk i Noreg, mellom anna gjennom å gje dei sjansen til å skaffe seg ei inntekt ved å selje magasinet på gata.

No kunngjorde han at Folk Er Folk ville gå mot straumen ved å annonsere på Resett. Denne veka heldt han ord. Via annonsen – staseleg illustrert med eit psykedelisk portrett av sjølvaste Voltaire – kunne ein laste ned ein digital versjon av nyaste utgåve av magasinet, noko som medførte at innhaldet i det fekk ei merksemd det vanlegvis ikkje får. Folk Er Folk er trass alt eit magasin folk først og fremst kjøper for å hjelpe seljarane, ikkje for å lese grundig, men no byrja det straks å dukke opp skjermdumpar frå magasinets leiarartikkel i sosiale medier.

I eit underleg, usamanhengande samansurium av ein tekst hevda Evenrud at «i disse dager skyver vestlige regjeringer og organisasjoner (…) kvinner, barn og minoriteter hardt foran seg for å strupe ytringsfriheten».

Slike påstandar er ikkje uvanlege å finne verken i den «alternative» medieverda eller i diverse kommentarfelt, og Evenruds leiar ville neppe fått særskilt mykje merksemd viss det ikkje var for at han freista å grunngje sitt syn ved å referere til den britisk-franske akademikaren Robert Faurisson, som i 1983 vart bøtelagt for å ha hevda at «Hitler aldri gav ordre om eller tillot at nokon vart drepen på bakgrunn av sin rase eller religion», og seinare, i 1990, dømt under den såkalla Gayssot-lova, som forbyr holocaustfornekting.

Dette skapte sjølvsagt reaksjonar. Kring ein halv million rom – inkludert om lag 100 med norsk statsborgarskap eller sterk tilknyting til Noreg – mista trass alt livet under nazismen, og at romfolk går rundt i norske gater og – etter all sannsynlegheit utan å vite det – seljer eit magasin som leflar med tanken om å «justere det historiske narrativet» kring desse masseutryddingane, framstod som uhyrleg.

Guri Hjeltnes, leiar ved Holocaustsenteret, uttalte at innhaldet i leiaren var «konspirativt og bygget på forfalskninger», og at teksten var «en hån mot romfolk som selger Folk Er Folk». Konspirasjonseksperten John Færseth samanlikna det med det amerikanske fenomenet «bumfighting», kor heimlause personar får betalt for å slåst medan dei vert filma, og filmen deretter lagt ut på nett.

Saka vart ikkje betre av at Folk Er Folk, for å «støtte den frie meningsdannelsen i Norge og i utlandet» gav spalteplass til organisasjonar som i år har fått nei til å delta under den politiske festivalen Arendalsuka – med, som vi skal sjå, god grunn. Hans Jørgen Lysglimt Johansen, leiar av det høgreradikale partiet Alliansen og open holocaustfornektar, hevda i sin tekst at «det etablerte maktapparatet» motarbeider ytringsfridomen: «motstemmene mot det liberale progressive kulturmarksxistiske multikultur massinnvnadringseksperimentet skal stenges ned», medan Morten Lorentzen frå Folkebevegelsen Mot Innvandring kalla regjeringa for «folkefiender» og påstod at «ytringsfriheten desimeres gradvis uten at den jevne borger realiserer dette og aktivt protesterer».

Johansen og Lorentzen avslører seg som fanatikarar. Helge Lurås ville aldri ordlagt seg slik. Men innhaldsmessig er det eit visst slektskap mellom påstandar som dette og det Resett-nestoren skreiv då han kunngjorde grunnleggjinga av Ytringsfrihetsforbundet 2. juledag i fjor: «Den frie samtale og muligheten til å være seg selv har blitt svekket de siste tiårene. Stadig flere ord og uttrykksmåter blir rettslig, politisk eller moralsk fordømt.

Stiller man seg kritisk til ikke-vestlig kultur og advarer mot dens inntog i det frie, liberale Vesten, innebærer det en fare for egen anseelse, og muligens levebrød.» Jurist og ytringsfridomsekspert Anine Kierulf kommenterte overfor Aftenposten at «YFO framstår som litt pussig i et ytringsfrihetsperspektiv: Det skal beskytte én type ytringer – kritikk av ikke-vestlig kultur – mot det ubehag man kan føle når ens kritikk møtes av motytringer. Det er omtrent det motsatte av begrunnelsen for ytringsfrihet: at sannhetssøken og demokrati best oppnås gjennom friest mulig meningsbrytning.»

Dette siste er – tilsynelatande – det same synet som Bjønnulv Evenrud målbér når Folk Er Folk annonserer hjå Resett og gjev spalteplass til Alliansen og FMI. Men han set jo krokfot på sin eigen postulerte intensjon når han på leiarplass refererer ein apologet for nazismen – ein ideologi som ikkje tillet nokon andre meiningar og verdiar enn sine eigne. «I dag er sensur i ferd med å bli ytringsfrihet», påstår han, og er på bærtur. Ytringsfridom er retten til å seie det du meiner, men då må du òg tole at det vert påpeikt når det du meiner er skadeleg. Dét burde redaktøren for eit magasin som forfektar å ville hjelpe ei marginalisert og sårbar gruppe forstå.