Polen og populismen

Det polske presidentvalet vart ein ny siger for dei nasjonalkonservative kreftene i landet. Kva no?

Våren 2011 var eg i Polen i tre månader. Det var første gong eg vitja landet.

Eg visste ikkje så mykje om Polen før eg kom dit. Eg kjende landets dramatiske og ofte tragiske historie i særs grove trekk. Eg kunne namngje ein handfull polske fotballspelarar, skihopparar, forfattarar og filmregissørar. Eg hadde sjølvsagt høyrt om Lech Walesa og Solidaritet. Og eg visste at Karol Wojtyla var kjend over heile verda som pave Johannes Paul II.

Men det var først då eg byrja lære landet å kjenne eg forstod kor mykje den katolske kyrkja generelt og paven spesielt tyder for polsk identitet.

Les også: Derfor gir presidentvalget i Polen grunn til bekymring

På mine sundagsturar passerte eg fleire gonger kyrkjer kor folk stod tett i tett utanfor kyrkja og lytta til messa via høgtalarar, fordi det var fullt inne. Då eg drog til Zakopane reiste eg med eit spesialdesigna Johannes Paul II-tog, dekorert med Vatikanets fargar og med bilete av paven overalt.

Stundom fekk eg kjensla av at polakkane meinte at paven heilt på eiga hand hadde frelst landet frå kommunismen.

I 2011 hadde Polen ei nokså pragmatisk sentrum/høgre-regjering under leiing av den seinare EU-presidenten Donald Tusk. Landet hadde klart seg relativt greitt gjennom den internasjonale finanskrisa, og dei polakkane eg vart kjend med gav uttrykk for ein viss framtidsoptimisme.

Rett nok var det ei smal sak å få auge på større sosiale forskjellar i det polske samfunnet enn kva eg var van med frå det norske, men frå min priviligerte (og sikkert naive) ståstad framstod Polen som ein nasjon på veg opp og fram.

Uansett, eg vart glad i landet, og har jamnleg vendt attende sidan. Men det polske samfunnet har endra seg markant sidan eg først vart kjend med det.

I 2015 vann det nasjonalkonservative, høgrepopulistiske Partiet for lov og rettferd parlamentsvalet, og sidan har Polen tatt fleire steg i autoritær retning. Den statlege TV-kanalen er omgjort til eit reint propagandainstrument for styresmaktene, Lov og rettferd har freista å politisere domstolane ved å sette inn likesinna i sentrale posisjonar, og ikkje minst er det sett i verk ein sjokkerande kulturkrig mot homofile og andre som bryt med tradisjonelle kjønnsnormer.

Les også: Polariseringen av Polen

Under valkampen nyleg uttalte president Andrzej Duda at «LHBT-personar er ikkje menneske, dei er ein ideologi», og la til at denne såkalte «ideologien» var «verre enn kommunismen».

Då motkandidaten Rafal Trzakowski, ordførar i Warszawa, signerte eit vagt løfte om støtte til hovudstadens homofile, inkludert anti-diskrimineringsundervisning i skulen, sa Duda at løftet innebar «seksualisering av barn» og at det ville «øydeleggje familien».

Den katolske kyrkja i Polen har diverre i stor grad slutta opp om Lov og rettferds hatefulle bodskap.

Erkebiskopen i Krakow, Marek Jedraszewski, uttalte at ein «regnbogepest» herja landet. LHBT-samfunnet representerer sjølvsagt på ingen måte noko reelt problem, men å demonisere éi bestemt gruppe og stemple ho som eit trugsmål mot samfunnets kjerneverdiar er noko autoritære makthavarar har lukkast godt med før.

Lov og rettferd og deira lakeiar i statleg TV nørte òg opp under gamle fordommar under valkampen ved å nytte grov antisemittisk og – kanskje meir uventa for lesarar her heime – anti-tysk retorikk. Sistnemnte botnar til dels i urgamle politiske og territoriale konfliktar, men har òg å gjere med Tysklands rolle som pådrivar for integrasjon i EU, og det faktum at fleire uavhengige polske medier har tyske eigarar.

Valresultatet har sjølvsagt ført til både sinne og avmakt hjå Lov og rettferds motstandarar.

Det herskar frykt for at styresmaktene no vil gjennomføre «irreversible endringar» i det polske samfunnet. Agnieszka Graff, professor ved Universitetet i Warszawa, uttalte til The Guardian at det var «game over», og at attvalet av Duda representerte «det siste stadiet av demonteringa av demokratiet i Polen.»

Jørn Holm-Hansen, forskar ved OsloMet og Polen-ekspert, meiner snakket om «irreversible endringar» er for drastisk. Andre valomgang var trass alt jamn – Duda fekk 51% av stemmene, utfordraren Trzakowski 49%. Dei politiske konfliktlinjene i Polen går både mellom by og land, mellom ulike verdisyn og mellom generasjonar. Dei urbane, sekulære og ikkje minst unge stemte stort sett på Trzakowski.

Les også: Land stenger ned: Portforbud, maskepåbud og stengt uteliv

Holm-Hansen peiker på to hovudproblem for opposisjonen.

Det eine er at Lov og rettferd har eit nokså omfattande velferdsprogram som dei faktisk har levert på, noko som gjorde det vanskeleg for Trzakowski å utfordre dei på dette feltet. Dessutan har partiet styrt i ein vedvarande økonomisk oppgangsperiode. Lønene går opp, arbeidsløysa ned, og færre utvandrar frå landet.

Det andre er at dei ikkje har makta å «knekke populisme-koden», altså appellere breitt utanfor eiga kjerneveljargruppe. Målingar mellom valomgangane synte at dei fleste som planla å stemme på Duda hadde han som sitt førsteval, medan mange Trzakowski-veljarar eigentleg ville føretrekt ein annan kandidat.

Det vert neppe enkelt for opposisjonen å samle seg fram mot neste parlamentsval i 2023. Det polske demokratiet er ikkje knekt, men det er nede i kneståande. Dei som kjemper for å reise det på beina igjen fortener vår solidaritet.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.