Kommentar

Gud er død

Tidenes største fotballspelar, Diego Armando Maradona, har gått bort seksti år gamal. Hjarta hans makta ikkje meir. På ein måte er det mindre overraskande at Maradona døydde no enn at han levde så lenge som han gjorde, for han utsette kroppen for ekstreme påkjenningar både på og utanfor banen.

Nils Henrik Smith er fotballskribent for Josimar og forfatter av boken 11 meter.

Allereie då han spelte for Barcelona tidleg på 1980-talet, byrja han å bruke kokain, ein vane han truleg aldri heilt klarte å kvitte seg med. Samstundes medførte presset frå omgjevnadene, kravet om at han måtte spele og yte sitt ypparste i kvar einaste kamp, at han gjennom heile karriera var avhengig av smertestillande sprøyter og andre remedier.

Etter at tida som spelar var over, gjekk han gjennom operasjonar for overvekt, hjartekomplikasjonar og, tidlegare denne månaden, ei blodansamling i hjernen. Onsdag ettermiddag norsk tid fekk han eit hjarteinfarkt og anda ut.

Les også:  Legenden Diego Maradona er død, 60 år gammel

Det er vanskeleg å fatte, vanskeleg å ta inn over seg og gje uttrykk for kva Maradona eigentleg representerer, ikkje berre som spelar, men som kulturelt ikon. Den vesle argentinaren var eit fotballgeni, ein forbløffande kombinasjon av teknikk, kreativitet, tempo, balanse, styrke og vågemot, men han var også noko mykje meir.

Vesle Diego var fødd til å vere fotballstjerne. Allereie som barn trollbandt han publikum heime i Buenos Aires med sine ballkunstar. Då han var femten debuterte han som profesjonell for Argentinos Juniors, og frå den augneblinken av var han i praksis hovudforsørgjar for heile storfamilien Maradona.

Han fekk ikkje vere med på VM-triumfen på heimebane i 1978 – ei audmjuking som sette djupe spor – men året etter var han den store spelaren då Argentina vart juniorverdsmeistrar i Japan. Han gjekk frå Argentinos til favorittklubben Boca, og derfrå vidare til Barcelona for det som den gongen var tidenes høgaste overgangssum.

Maradona mislukkast i sitt første VM, i Spania i 1982, men kom likevel til Camp Nou under eit voldsomt forventningspress. Men han fann seg aldri til rette i Katalonia. Han var plaga av skadar, pådrog seg hepatitt, byrja å lefle med kokain og var sentral i eit skandaløst slagsmål etter ein cupfinale mot Athletic Bilbao.

Les også: Maradona er død: Legenden bak «Guds hånd»

Ein ny rekordovergang, denne gong til Napoli, vart redninga. Byen var lutfattig, mafiastyrt og kolerabefengt, og klubben hadde få framgongar å vise til i si seksti år lange historie. Scena var perfekt for Diego. Han hadde alltid vore motivert av ei kjensle av utanforskap, ein intuitiv mistanke om at verda var vend mot han.

Då han var tre år gamal, heldt han på å drukne i ei latrine. «Diego! Hald hovudet over driten!», ropte onkelen Cielo. Det vart eit motto Maradona heldt fast ved i all tid sidan. Napoli vart sett ned på, ja forakta, av klubbane frå det rike nord-Italia. «Måtte Vesuv vaske dykk reine med eld!», song tilhengjarane til Milan og Juventus.

Å vinne Serie A handla difor om noko mykje meir enn å erobre eit fotballtrofé. Det var snakk om sjølvrespekten til folk som ikkje hadde mykje anna enn sjølvrespekt å støtte seg til i ein knallhard kvardag. «De anar ikkje kva det går glipp av!», stod det skribla på ein murvegg ved ein napolitansk gravlund då klubben vann ligatittelen for første gong i 1987.

Maradona hadde bevist at han var frelsaren, han hadde overvunne all motstand både på og utanfor banen og byen den triumfen dei higa etter. Året før, i Mexico, hadde han dominert VM-sluttspelet på ein måte ingen har gjort verken før eller sidan.

Høgdepunktet kom i kvartfinalen mot England, då han etter å ha scora Argentina sitt første mål med «Guds hand» demonstrerte sitt eige guddomelege potensiale i det han utmanøvrerte motstandaren gjennom tidenes individuelle fotballprestasjon ved det andre, ei scoring så magisk at ho stadig er bortimot umogleg å yte rettferd i skrift.

Argentina slo Belgia i semifinalen og Vest-Tyskland i finalen, og ein triumferande Diego vende attende til Napoli og nye triumfar. Napoli vann både serien og cupen i 1987, UEFA-cupen i 1989 og serien igjen i 1990. Samstundes byrja hans stadig meir utsvevande privatliv til å skape ein gradvis meir anstrengt situasjon mellom klubb og spelar.

Napoli ville nok likevel late nåde gå for rett for sin helt viss det ikkje var det som hende under Italia-VM 1990. Heimelaget endte opp med å spele semifinale mot Argentina på San Paolo, heimebanen til Diego, byen kor han var høgare elska enn nokon annan fotballspelar har vore nokon stad, nokon gong.  Argentina vann etter straffekonkurranse, og frå den kvelden av var Maradona ein merka mann i Italia.

Eit halvt år seinare testa han positivt for kokain etter ein kamp i Serie A og vart utestengt frå all fotball i femten månader. Diego gjennomlevde mørke år. Etter at dopingdommen var sona, gjorde han ymse comebackforsøk, men sleit med overvekt og dårleg form. Men innan USA-VM 1994 var han, uventa nok, tilbake på det argentinske laget, kortklypt, slank og utruleg nok nesten like god som før.

Les også: Slik blir Maradona husket etter sin bortgang

Etter to ypparlege kampar mot Hellas og Nigeria vart han plukka ut til dopingkontroll, og det viste seg cocktail av preparat som skulle stimulere vektnedgang. «Dei har kutta beina av meg», sa ein fortvilt Maradona då han vart sendt heim frå sluttspelet. Denne uverdige avsluttinga på landslagskarriera fortel mykje om Diego som person. Han hadde jo berre gjort det han hadde gjort fordi han ynskja å hjelpe Argentina.

Korleis kunne det vere gale når intensjonen var god? Samstundes fortel det kanskje endå meir om kvifor han stadig er så høgt elska, også av fotballentusiastar som ikkje har noko personleg forhold til verken Argentina eller Napoli. Ulikt dei andre store stjernene i fotballhistoria var Maradona aldri redd for å tale makta imot. Igjen og igjen gjekk han til frontalåtak på det han oppfatta som korrupsjon og hjå pampane i fotballen og samfunnet elles.

Diego var aldri ideologisk konsistent, og støtta hans til venstrepopulistiske leiarar som Fidel Castro og Hugo Chavez var truleg meir motivert av eit intuitivt behov for å vere rebelsk enn ein gjennomtenkt politisk ståstad, men når han kunne, freista han alltid å innta det han oppfatta som folket sin ståstad.

For dette vert han elska, på ein annan måte enn fotballentusiastar elskar andre fotballspelarar. Ingen andre enn Diego kunne ha sagt og gjort så mykje dumt og fått tilgjeving for det. Men denne vilkårslause kjærleiken ville likevel ikkje vore mogleg viss det ikkje var for spelaren Maradona, ein spelar som gjorde ting ein ikkje skulle tru var mogleg i ei tid då det ikkje burde vore mogleg å gjere det.

Les også: Diego Maradona og øyeblikket vi ikke skjønte (+)

Diego Maradona nådde toppen i ein epoke prega av ein defensiv kynisme som er vanskeleg å førestelle seg i dag, ei tid då forsvarsspelarar kunne utføre dei mest hårreisande valdshandlingar utan konsekvensar. «Maradona var ikkje berre den beste eg spelte mot, men også den ærlegaste», sa den store Milan-forsvararen Paolo Maldini. «Han vart alltid sparka ned og han klaga aldri.»

Grunnen var at han visste at han i kraft av sitt talent kunne overvinne all motstand. Maradona vart stjerne i ei tid då fotball gjekk frå å ganske enkelt vere idrett til å verte ein del av den globale underhaldningsindustrien. I kraft av sitt talent og sin særmerkte karisma var han ein av dei første idrettsutøvarane som i praksis vart eit eige varemerke. Han omgav seg med eit stadig meir talrikt og barokt hoff av meir eller mindre offsielle lakeiar.

Likevel var han ikkje beskytta slik dagens superstjerner er det. Alle som har sett Asif Kapadia sin dokumentar «Diego Maradona» (2019) vil vite kor eksponert han var for sitt beundrande, men likevel potensielt nådelause publikum. Alt dette bidrog til å byggje opp den intense indre konflikten som utgjorde mennesket Diego. Men utan denne konflikten ville kanskje heller ikkje fotballspelaren Maradona vore like fascinerande.

På ein kveld som dette verkar det uviktig, for ikkje å seie vulgært, å skrive noko om livet hans etter spelarkarriera. Dei ofte bisarre trenaroppdraga, den tidvis absurde offentlege personaen, det er best å late alt det kvile. Nett no kan eg berre slå fast at vi som fekk oppleve han då han var på sitt beste har motteke ei sjeldan gåve, eit privilegium det er vanskeleg å fastslå verdien av.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.

Mer fra Dagsavisen