Kommentar

Vil vi få fleire fiskarar framover?

Fiskeripolitikk er litt som å dele ut honning frå ei honningkrukke. Det store spørsmålet er kven som får, og kven som ikkje får.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Fiskaryrket er ikkje som det ein gong var. Mens ein tidlegare måtte få subsidiar for at fiskerinæringa skulle gå rundt, har fisket sidan 2000-talet gått over til å bli stadig meir lønnsamt. Å dele ut fiskekvotar, som Stortinget skal gjere i vår, blir då i praksis som å dele ut store verdiar frå fellesskapet til enkeltfiskarar.

Korleis fordelinga vil sjå ut, vil ha store konsekvensar for kor mange som bur og jobbar langs kysten vår. For utdelinga skjer i ein kontekst der stadig færre kystsamfunn har fått ta del i denne verdiskapinga og haustinga.

Dei siste 20 åra har ei rekke kystsamfunn mista sin fiskeriaktivitet, både til havs og på land.

I stortingsmeldinga som ligg til grunn for vårens store fiskeslag, skriv regjeringa sjølv at dei i strukturkvotane åleine, skal fordele kvotar til ein samla verdi på 70 milliardar kroner.

Regjeringa har gått inn for ein modell som i praksis er mest lønnsam for dei som allereie over fleire år har samla mange kvotar på sine fartøy. Éin enkelt aktør vil med denne løysinga få tildelt kvoter verdt opp til 700 millionar kroner over tid. Dei 25 største eigarane vil få verdiar tilsvarande 6,8 milliardar kroner. Det skriv regjeringa sjølv i si eiga kvotemelding.

Kor elles enn i fiskeripolitikken ville vi kunne sjå ei sånn utdeling av verdiar frå naturressursar eigd av fellesskapet, utan at særleg mange fekk det med seg? Og utan at det kjem med ein grunnrenteskatt?

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Fiskekvotane skal bli fordelt på eit vis som på ein og same gong sikrar lønnsemd, sysselsetting og busetting i kystsamfunna, og berekraft. Det står i lovverket. Tanken har vore at ein ikkje krev grunnrenteskatt, fordi ein i staden skal fordele fiskekvotane i tråd med ein form for samfunnskontrakt: Ved å spreie ressursane på tvers av kysten, og legge til rette for ei variert flåtegruppe som leverer fisken lokalt, skal desse verdiane gi arbeidsplassar i kystsamfunna og ivareta den tradisjonelle haustingsretten lokalsamfunn har hatt til fisken i fjordane.

Men no vaklar denne samfunnskontrakten. Riksrevisjonen felte for nokre år sidan ein dom over politikken frå dei siste tiåra, som i praksis sa at næringa har vore veldig lønnsam, for dei som har vore innanfor yrket. Men på sysselsetting og busetting har ein ikkje klart å følgje opp lova. Og dei siste 20 åra har ei rekke kystsamfunn mista sin fiskeriaktivitet, både til havs og på land.

Les også: Prøv deg på årets påskenøtter!

Regjeringa svarer med å føreslå fleire grep for å flytte kvotar over til dei mindre fartøya i kystflåten, som særleg har tapt på dei siste tiåras utvikling. Men i spørsmålet om strukturkvotane, som er der dei største verdiane ligg, vel dei samtidig ein modell som gjer at dei som har kjøpt og samla opp kvotar får meir enn dei andre. Og denne modellen legg samtidig opp til at det vil lønne seg å fortsetje å samle opp kvotar i åra som kjem.

På den måten kan vi få i det store ende opp med meir av den utviklinga Riksrevisjonen åtvara om.

Dei største aktørane vil kunne fortsetje å samle opp fleire kvotar på sine fartøy, og det er vanskeleg å forstå regjeringas melding annleis enn at det vil kunne fortsetje å gi færre arbeidsplassar. Men det verkar det ikkje som om ein er så bekymra for. Regjeringa skriv at dette vil kunne vere samfunnsøkonomisk lønnsamt, og at: «For samfunnet som helhet, hvor arbeidsledigheten er lav og med høy arbeidskraftetterspørsel, kan arbeidskraftbruken representere en overflytningsgevinst.»

Les også: Drømmen om påskefjellet er et mareritt

Om ein skal tolke denne setninga, verkar det nesten som om regjeringa har tenkt at det kan være bra for samfunnet om fiskekvotane blir fordelt på ein måte som gir færre arbeidsplassar, fordi dei ledige fiskarane då kan jobbe andre stadar. Eg veit ikkje kva dei har tenkt her, men formuleringar som dette gir grunn til å stusse. For Stortinget har gjentekne gongar sagt at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsemd åleine som er målet med politikken. Å gi arbeidsplassar lokalt skal også vere eit hovudmål.

Lønnsame arbeidsplassar er ofte betre enn subsidiar for eit lokalsamfunn. Difor har det vore brei semje om ein modell med kvotar som blir fordelt jamt og skattefritt mellom små og store fartøy i staden for å berre dele ut kvotane til dei største fartøya, med grunnrenteskatt. Men no står vi i fare for å ikkje få ei særleg god løysing for verken kystsamfunn eller fellesskap. Det er uklårt om det blir fordelt nok kvotar til å faktisk bidra til fleire arbeidsplassar langs kysten, og samtidig blir det delt ut milliardverdiar til nokre få, utan at fellesskapet får skatt igjen for det.

No er det opp til Stortinget å avgjere korleis fordelinga skal ende, og kven som vil kunne få glede av å hauste av den verdifulle ressursen som fisken i havet er.

Les også: Rita og Morten mister tre millioner i pensjon: – Det er så bittert

Les også: Selv en garvet utenriksjournalist sitter med tårer i øynene