Kommentar

Frykt og uvisse gjer bistand viktigare

«Det vil helst gå bra» og «Verda går framover». Desse munnhella er rett og slett blitt ugyldige dei siste åra.

.
Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg hugsar dei godt, dei kom gjerne på slutten av ei bekymringsytring. «Ja ja, verda går framover, trass alt». Nei, ho gjer ikkje det. Ikkje akkurat no.

UNDP Human Development Report kom no i september. Den slår fast at verda for andre år på rad er i tilbakegang. Rapporten frå FNs utviklingsorganisasjon rapporterer at 9 av 10 land opplever at det går feil veg. Trenden for menneskeleg utvikling, det vil seie helse, velferd, utdanning og tryggleik er på veg nedover. Verst er det for fattige land.

Eg har heller ikkje noko imot dei grå og slitne, men trur det er aller viktigast at vi er internasjonalt orientert og engasjert.

Det er ein brutal tanke dette, at ting ikkje ordnar seg og blir som før igjen.

Vi har vore så vane med at det går bra. I 30 år, i perioden frå 1990 til 2020 har verda sett ein framgang som aldri før i historia. Ein milliard menneske kom seg ut av fattigdom. Svært mange fleire unge fekk utdanning. Dødelegheita for barn og mødrer vart nesten halvert. Farlege sjukdomar som polio vart nærast utrydda med vaksinar. Tuberkulose og malaria vart temde, og aids var under kontroll. Framgangen var likevel i ferd med å bremse opp, då det kom ein plutseleg bråstopp. Covid-19.

Pandemien skapte mellom 100 og 150 millionar fleire ekstrem-fattige og var det største økonomiske tilbakeslaget i verda sidan andre verdskrigen. Ein reknar no med at rundt 700 millionar menneske lever i ekstrem-fattigdom. Det vil seie at dei må klare seg på mindre enn 1,9 dollar dagen. Det forferdelege er at dette talet går opp i staden for ned.

I kjølvatnet av pandemien vart tilliten til styresmakter redusert og makthavarar brukte situasjonen til å undergrave demokratiet. Unntakslover vart innførte og media og sivilsamfunn sette under angrep, ofte under dekke av å skulle beskytte landet mot korona. Dette førte til splitting og polarisering i mange land.

UNDP peikar i rapporten sin på at polarisering og uvisse hindrar samarbeid for å takle kriser.

Rett etter valet i fjor haust skreiv eg ein kronikk her i Dagsavisen, der eg konkluderte med at verda var blitt meir tilspissa, hardare og farlegare. Kor farleg ho skulle bli, berre nokre månader seinare, ante eg ikkje då.

Putins grufulle angrepskrig på Ukraina, dramatiske klimaendringar, matkrise og framleis pandemi i delar av verda har gjeve store negative konsekvensar for milliardar av menneske. Meir bekymring, utryggleik og uvisse når det gjeld eigen situasjon er resultatet av desse overlappande krisene.

UNDP rapporterer at ein tredjedel av befolkninga i verda kjenner seg engsteleg og om ei kraftig forverring av psykisk helse over heile verda.

Dette undergrev menneskeleg utvikling. Dårlegare psykisk helse er eit alvorleg anslag mot utsiktene enkeltmenneske og familiar har til å forbetre eigen situasjon. Frykt og uvisse fører til fleire kortsiktige løysingar, mindre tru på framtida og redusert vilje til å satse og investere, finn UNDP i sin rapport. Evne og vilje til store, viktige løft og langsiktige løft kjem i skuggen av krig, klima og sjukdom.

Dette er ein situasjon som kallar på handling, ikkje på maktesløyse og resignasjon. Først og fremst må alle desse utfordringane møtast i fellesskap. Her må så mange som mogleg vere med på å løfte i flokk. Klimaendringar, matmangel og smitte kjenner ingen grenser.

Derfor blir internasjonalt samarbeid viktigare no. «Jeg tror på de grå, slitne, hardtarbeidende, ikke-populistiske politikerne nå», skreiv tidlegare stortingsrepresentant Marianne Marthinsen i spalta si i Aftenposten nyleg. Eg har heller ikkje noko imot dei grå og slitne, men trur det er aller viktigast at vi er internasjonalt orientert og engasjert.

Er det noko som kjenneteiknar dette året, er det at alt vi opplever som kritisk og utrygt hos oss, har opphav i internasjonale spørsmål. Dei akutte: Inflasjon og auka matprisar, energikrisa vi er del av og flyktningestraumen frå Ukraina som no nesten er gløymt. Dei langsiktige: klimaendringar og naturtapet, polariseringa og utfordringane mot demokratiet. Internasjonale årsaker, felles løysingar.

Også det eg jobbar med – bistand – blir viktigare no. Vestlege næringslivsinvesteringar i utviklingsland er kraftig redusert, det er også landa si eiga evne til å mobilisere sjølv. Når mykje anna bryt saman, må bistanden framleis vere der. Den kan bidra til å løyse dei store oppgåvene i verda, som å redde klimaet og sikre menneske helsehjelp, og den er viktig i akutte humanitære kriser. Bistanden har vist seg å vere ei robust finansiering, som toler påkjenningar. Det såg vi under pandemien og like så under finanskrisa i 2008.

Bistand er også fleksibel. Då kampen om vaksinane stod som hardast for ei tid tilbake, klarte Noreg å flytte på 2,8 milliardar for å motverke pandemien i utviklingsland og sikre ein rettferdig tilgang på vaksinar. Denne fleksibiliteten kan kome godt med no, når nye kriser legg seg oppå kvarandre. I Norad fryktar vi mattryggleiken i fattige land det neste året, og ser dei aukande behova det kan gje.

Vi lever verkeleg i krevjande tider. Globale tider.