I ei tid der vi ser angrep på den nordiske modellen, som Tesla-streiken så tydelig viste oss, er det viktigare enn nokon gong å stå saman for rettane til alle arbeidarar.
Wolt-budene som no går saman i ei viktig strid treng vår støtte. For mange av oss har eit bud vore ein kvardagshelt i til dømes eksamensperiodar eller da byane våre blei nedstengt under pandemien. Men bak den nyttige overflata skjuler det seg ein urettferdig realitet.
Desse arbeiderane, som jobbar for Wolt, er i dag klassifisert som sjølvstendige næringsdrivande, noko som betyr at dei ikkje har tilgang til dei grunnleggjande rettane som vi andre tar for gitt – som sjukepengar, ferie og pensjon.
Det er ein situasjon som skapar usikkerheit, og mange av budene opplever at inntekta varierer kraftig frå månad til månad. Det å måtte leve med slik usikkerheit er ikkje det vi ønskjer for arbeidarane våre i Noreg. Selskap som baserer seg på dette er ikkje lengre kun eit storbyfenomen.
Det er lett å bli fascinert av fleksibiliteten plattformøkonomien tilbyr. Å kunne jobbe når det passar deg, er jo kjekt! Men denne fleksibiliteten kjem med ein prislapp.
Det er på tide å kjempe for anstendige arbeidsforhold for Wolt-budene.
Wolt-budene står ofte heilt aleine når det kjem til å forsvare rettane sine. Uten faste ansettelsesforhold er dei ikkje beskytta av arbeidsmiljøloven, og det er lett for arbeidsgjevarar å endre lønn og arbeidsvilkår utan forvarsel.
Det som skjer no, er at budene kjem saman for å heve røysta si. Dei er lei av å bli behandla som brikker i eit spel, og har starta ein kamp for betre arbeidsvilkår.
Fleire av dei har gått til sak mot Wolt, og det er eit modig steg i kampen for å bli anerkjente som arbeidstakarar med rettar. Dette er ikkje berre ei kamp for dei som jobbar for Wolt; det er ei kamp for alle som jobbar i plattformøkonomien.
Den norske modellen er bygd på samarbeid, rettferd og likeverd. Vi må ikkje la plattformøkonomien bli ein trussel mot desse verdiane. Det er viktig at vi står saman og støttar budene i kampen deira.
Vi må forlange at arbeidsgjevarar i plattformøkonomien også må ta ansvar for arbeidarane sine. Det er på tide å innføre lover og reguleringar som sikrar rettar for alle som jobbar i denne nye økonomien.
Arbeidarparti-regjeringa har allereie skjerpa definisjonen av kva ein arbeidstakar er, og vi har ei moglegheit til å forme framtida for arbeidslivet vårt.
Det er på tide å kjempe for anstendige arbeidsforhold for Wolt-budene, og for alle som norske arbeidstakarar.
La oss sikre at plattformøkonomien ikkje raserer den norske modellen!