Debatt

Nei, Jens. Ingen fredspris til deg

Jens Stoltenberg fortener ingen Nobels fredspris. Ikkje ein einaste annan verdsleiar heller.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Venstrepolitikar Abid Raja har nominert Jens Stoltenberg til Nobels fredspris. Det er nobelt det, men eg seier nei. Ja, ikkje misforstå: Eg har stor sans for Jens Stoltenberg. Han gjer meg faktisk stolt. Ingen nordmann har ein så viktig og framskoten jobb i verda som han. (Nei. Å springe etter ein ball er ikkje viktig!).

Verda har hamna i ein overhengjande farleg situasjon. Ein maktkåt Vladimir Putin er den viktigaste grunnen til det. Brutale Hamas og ein maktsjuk Benjamin Netanyahu er andre grunnar. Det gjer at vi høyrer ekko av krigsklokker i omtrent kvar einaste krok av kloden vår.

EU-kommisjonen sin president, Ursula von der Leyen, uttalte nyleg at Europa bør være førebudd på krig. Ja, vi må vel det. Men nei og atter nei, von der Leyen: Vi må førebu oss så det ikkje blir krig. Aldri nokon gong.

Eg reknar med at ho meiner krig mot Russland. Skulle det skje at Europa hamnar i krig med den mektige naboen i aust, vil det innebere at NATO blir aktivt trekt inn. Då har vi plutseleg fått tredje verdskrig i fanget. Skal eg stave det? T-r-e-d-j-e v-e-r-d-s-k-r-i-g. Er det noko vi ikkje vil ha i fanget, er det akkurat det.

Jarl Wåge

«Eg veit ikkje korleis tredje verdskrig vil sjå ut, men eg veit at den fjerde vil bli utkjempa med treklubber,» har ein langt klokare person enn eg uttalt. Vi lever i 2024. Kan vi ikkje for ein gongs skuld vise at vi har lært av historien? At vi har lært av 1914, då nokre skot i Sarajevo utløyste ein krig som i løpet av nokre dagar involverte dei mektigaste landa i Europa og etter kvart hele verda?

Vi snakkar om fyrste verdskrig. Ein krig som tok livet av om lag 18 millionar menneskje. Berre på ein dag, i slaget ved elva Somme i Frankrike, blei 20.000 britiske soldatar drepne og 37.000 skada.

Les også: Åpner for «nye løsninger» i Ukraina

Om ikkje dette er nok til at vi lærer av historien, så må det for guds skuld hjelpe å minne om andre verdskrig. Ein krig som blei starta av ein maktkåt, stormannsgal, psykopatisk nazist som ville skape «Das dritte Reich» og gje den ariske rase «lebensraum», plass til å utfalde seg fritt.

Slik hamna verda i eit nærmare seks år langt mareritthelvete som krevde over 70 millionar menneskeliv. Av dei var nærmare femti millionar sivile tap. Kor mange som blei skada og traumatiserte har ein ikkje full oversikt over.

I tillegg til dødstal som er nesten umulege å fatte, blei flotte, store byar bomba attende til steinalderen og enorme jordbruksområde lagt brakk i mange år.

Dette er fakta som burde skremme vatnet av og ta nattesvevnen frå kvar einaste leiar i verda – anten hen er vald eller har tatt makta. Men gjer det det? «Europa bør førebu seg på krig,» sa von der Leyen, og ho skalv ikkje ein gong i stemmen då ho uttalte det.

Vi lever i 2024. Kan vi ikkje for ein gongs skuld vise at vi har lært av historien? At vi har lært av 1914, av 1940.

6. august 1945 sleppte amerikanarane ei atombombe, «Little Boy», over Hiroshima. Tre dagar seinare traff ei ny bombe, «Fat Man», byen Nagasaki. Dei to bombene tok livet av til saman 135.000 menneskje. I tillegg har fleire titalls tusen døydd av etterverknader.

Den kraftigaste atombomba som nokon gong har blitt detonert, «Tsar-bomba», blei prøvesprengt over Novaja Semlja, i dåverande Sovjetunionen, i 1961. Bomba hadde ei sprengkraft som var ufattelege 6.000 gongar større enn «Little Boy» som ramma Hiroshima.

Tenk om ho hadde blitt «prøvesprengt» over Oslo eller Berlin eller London eller New York. Nei, det orkar vi ikkje å tenkje på. Ikkje at det finst atomvåpen nok til å utslette oss alle mange gongar, heller.

Som om ikkje ein gong er nok.

Les også: Putin-alliert kaller utspill om Ukraina «ekstremt farlig»

«NATO må gå inn i Ukraina og krige aktivt mot Russland,» hevdar enkelte. Det er eg einig i. Ja, altså; om vi vil ha ein tredje verdskrig. Men om vi vil det, har vi kortslutta fullstendig mentalt.

Vi treng ikkje spå i kort eller kikke inn i krystallkuler for å skjønne at det vil bli ein atomkrig. Trigger-happy Kim Jung-un i Nord Korea har skaffa folket sitt meir atomvåpen enn mat, og han er meir enn viljug til å trykkje på atomknappen.

Putin har òg ein atomknapp og langt fleire atomkrigshovud enn våpenkåte Kim Jung-un. Vil Putin trykkje på atomknappen i ein pressa situasjon? Han har allereie rasla med atombombene sine.

USA disponerer om lag 40 prosent av verdas atomvåpen. Vil den til ei kvar tid sitjande amerikanske president trykkje på atomknappen om ei atombombe skulle treffe landet? Ikkje akkurat eit titusenkroners spørsmål, det.

Det som er sikkert, er at om det er folk igjen på jordkloden etterpå, vil fjerde verdskrig ikkje bli så farleg. Treklubber kan ikkje gjere så stor skade.

Eg klarer ikkje og vil ikkje ein gong spekulere i dei enorme øydeleggjingane ein tredje verdskrig vil føre til. Ikkje i kor mange som vil bli utrydda heller. Det som er sikkert, er at om det er folk igjen på jordkloden etterpå, vil fjerde verdskrig ikkje bli så farleg. Treklubber kan ikkje gjere så stor skade.

Hadia Tajik: Hatet mot demokratiet

Jens Stoltenberg fortener ingen Nobels fredspris. Ikkje ein einaste annan verdsleiar heller. Klarer han derimot å få slutt på krigen i Ukraina så verda kan sleppe ned skuldrene og vi slepp å førebu oss på storkrig – ja, då skal eg tenne fakkel og hylle han når han står på Grand Hotel-balkongen og vinkar til dei enorme folkemassene som taktfast roper namnet hans.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt