Debatt

Seksuell trakassering får ikkje dei naudsynte konsekvensane

Det er semje om at seksuell trakassering må ta slutt. Då må ein spørje seg: kvifor råkar konsekvensane av trakasseringa den utsette, ikkje den som trakasserer?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Når me ser kor utbreitt seksuell trakassering er i Noreg i dag, må me vedgå at me har eit lovverk som ikkje set dei største kjeppane i hjulet for den som seksuelt trakasserer ein annan. Tvert i mot: seksuell trakassering råkar den trakasserte dobbelt. Fyrst som utsett for dei trakasserande hendingane, så i prosessen ved å ta saka vidare.

To unge kvinner smiler

Dei siste åra har oppgjer i alt frå kultursektoren til forsvaret synleggjort kor stor utfordring seksuell trakassering er i arbeidslivet. Nyleg kom ei undersøking som viser at ein av fem i arbeidslivet har vore utsett for seksuell trakassering. Rettstryggleiken for dei utsette er alt for dårleg, og JURK meiner den må vesentleg forbetrast.

Gjennom arbeidet vårt i JURK – Juridisk rådgiving for kvinner, møter me kvinner som er utsett for seksuell trakassering i arbeidslivet. Typisk for sakene er at dei inneheld ein ujamn maktrelasjon mellom den som trakasserer og den utsette.

Trakassør er gjerne ein overordna og meir etablert kollega, eller arbeidsgivar sjølv. Me ser at trakasseringa varierer i alvorsgrad, frå upassande kommentarar til grove overgrep, men felles er jamvel den store påverknaden hendingane har på kvar av dei utsette.

Trakasseringa utgjer òg ei stor belastning og påkjenning, utover dei trakasserande hendingane i seg sjølv. Fleire vert sjuke, såpass sjuke at dei vert sjukmelde over lengre periodar.

Mange ser inga anna løysing enn å byte arbeidsplass. Trakassøren på si side held fram med å arbeide i same stilling, utan å få nokon reelle sanksjoner for handlingane sine.

Konsekvensane av seksuell trakassering må leggjast der dei høyrer heime, hos dei som kan hindre og førebygge seksuell traksssering: trakassør og arbeidsgjevar

Det er semje om at seksuell trakassering må ta slutt. Då må ein spørje seg: kvifor råkar konsekvensane av trakasseringa den utsette, ikkje den som trakasserer?

JURK er klare på at det rettslege vernet i saker om seksuell trakassering må bli meir tilgjengeleg og effektivt.

Diskrimineringsnemnda si myndigheit må utvidast, slik at dei kan gje oppreising og erstatning i alle saker. Spesielt viktig er det å gje Diskrimineringsnemnda mynde til ris bak spegelen når arbeidsgivar ikkje har gjort nok for å førebygge og søke å hindre seksuell trakassering. Ein må òg innvilge fri rettshjelp i saker om seksuell trakassering for nemnda og domstolane, slik at desse vert tilgjengelege tilbod.

Regjeringa skal legge fram ei Stortingsmelding om seksuell trakassering, og me vonar at desse forslaga vil bli prioriterte i det vidare arbeidet. Konsekvensane av seksuell trakassering må leggjast hjå dei som kan hindre og førebygge seksuell trakassering, altså trakassør og arbeidsgjevar.

Me har i teorien Diskrimineringsnemnda som eit lågtersketilbod allereie, men JURK ser i prosessen med å hjelpe klientar med å klage til Diskrimineringsnemnda, at ho ikkje verkar etter hensikta si. Den som har trakassert, har ofte ressursar til å nytte advokat gjennom prosessen for Nemnda. Det har sjeldan klagar.

For sjølv om det ikkje skal vere naudsynt å ha advokat for Nemnda, er det særs vanskeleg å føre saka si her utan juridisk hjelp. Tilbodet er difor i realiteten ikkje tilgjengeleg for dei svakaste i samfunnet.

Er saka fyrst komen til Nemnda, er prosessen ofte tidkrevjande og belastande for klagar. For tilfella der klagar vinn saka, er det lite sannsynleg at ho mottar noko anna enn eit dokument som seier at trakasseringa har skjedd, dette grunna Nemnda sin svært avgrensa kompetanse til å gi erstatning og oppreising.

Kvinnene som vel å ta i bruk det som skal vere eit lågterskeltilbod, risikerer slik å stå heilt aleine i ein tidkrevjande, skriftleg, juridisk prosess utan å få særleg kompensasjon.

Den maksimale summen klagar kan få, er av lovgivar rekna å vera omkring 10 000 kroner, sjølv om kvinna lir langt større økonomisk tap. Viss Diskrimineringsnemnda finn at arbeidsgjevar har brote lova ved å ikkje ha gjort nok for å førebygge og hindre vidare trakassering, kan nemnda verken gje kvinna erstatning eller oppreising.

I praksis fører dette til at klagar ikkje får reell kompensasjon for kva ho har vore utsett for og følgjene av det.

Trakassør og arbeidsgjever får heller ingen sanksjon. Dei kan gå vidare som om ingenting har skjedd, og i verste fall får trakasserande åtferd halde fram. Dette står i skarp kontrast med oppfatninga om at seksuell trakassering skal sikra rettvis kompensasjon for den utsette, og medføre sanksjonar for utøvaren.

Me er derfor avhengige av ei endring i lovverket, ei endring til eit lovverk som oppmodar folk til å melde ifrå om seksuell trakassering. Fyrst då vil det bli mogleg å ende problemet.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt