Debatt

Send rekninga til tobakksindustrien

Det er på tide at tobakksindustrien betaler for dei enorme skadane dei påfører oss.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tobakk er ein av verdas største trugslar mot folkehelsa. Kvart år tar tobakk livet av over åtte millionar menneske. I Noreg mistar me 16 menneske om dagen.

Alle veit at tobakk drep, men dei færraste er klar over kor mykje tobakksindustrien skadar naturen og klimaet.

Ingrid Stenstadvold Ross

Tobakksproduksjon forureinar lufta vår. Industrien slepp ut store mengder giftige klimagassar. Det gjer òg dei store skipa og lastebilane som fraktar sigarettane til verdas krikar og krokar.

Tobakksproduksjon fører til avskoging. Tobakksbønder ryddar millionar av tre der dei skal dyrke tobakken. Store mengder tre går også med til tobakkspapir og emballasje.

Truls Gulowsen

Tobakksbruk forsøplar og øydelegg livet i vatn. Kva finn norske barn når dei vandrar langs strender og plukkar plast? Jo, snusboksar og sigarettsneipar. Det forsøplar naturen og forureinar elvar, innsjøar og hav. Sneipar inneheld plast og giftige kjemikaliar, og nikotinen i tobakk er ikkje berre skadeleg for menneske, men også for dyr.

«Forureinar betaler» har i over 40 år vore eit førande prinsipp innanfor norsk miljøforvaltning. Selskap skal gjere det dei kan for å forureine mindre og sørge for at søppel blir tatt hand om på ein miljøvennleg måte. I Noreg har vi òg lang tradisjon for at industriar som påfører samfunnet store kostnader, tar si del av rekninga.

Samfunnsøkonomar har kome fram til at røyking kostar oss rundt 80 milliardar kroner i året. Likevel drar staten berre inn sju milliardar i avgifter. For tobakksindustrien er dette ein drope i havet. I 2018 hadde verdas seks største sigarettprodusentar eit overskot på over 500 milliardar kroner.

Tobakksindustrien tener seg altså søkkrike på å lage produkt som fører til sjukdom og død. Likevel blir dei ikkje stilt til ansvar.

Er det verkeleg riktig at norske skattebetalarar skal betale for behandling og helseplager når det er tobakksindustrien som gjer oss avhengige?

Eit soleklart nei, meiner vi i Kreftforeningen og Naturvernforbundet.

Alle veit at tobakk drep, men dei færraste er klar over kor mykje tobakksindustrien skadar naturen og klimaet.

Akkurat no jobbar regjeringa med ei folkehelsemelding og ein nasjonal strategi for det tobakksførebyggjande arbeidet. For å følgje opp strategien, må politikarane hente pengar frå statsbudsjettet.

Vi har eit langt betre forslag: Lat tobakksindustrien ta rekninga for røykesluttprogram over heile landet og for fjerning av søppel! Det er på tide at dei som står bak skade på helse og miljø, tar ansvar og ryddar opp etter seg.

Mer fra: Debatt