Nye takter

Jazz på norsk

Med det vakre albumet «Min Gylne Time» viser også duoen Ung og Freidig at jazz på norsk er sant.

Som vokalist har Andreas Backer gjort duo-albumet «Voice & Percussion» med bassist Raymond Striid, rein solo på «Voice Improvisations», og i kvartetten Hot Four med «Eye Of The Moose», alle innan ei friare jazzform. I mine øyre råkar han blinken best når han syng standardlåtar på norsk på «Min Gylne Time» (AHB/ Musikklosen), med Maren Selvaag på piano, og med vokalist Heidi Skjerve som gjest på to songar. I eit band med Klaus Ellerhusen Holm (saksofon), Per Oddvar Johansen trommer, og med Per Axel Prydz som dugande omsetjar til norsk.

Første bod er å syngje med den stemme du har, og at det er gode omsetjingar/tekstar. Og eit band av klasse som her enkelt og utan fakter leverer, med sterke solistar. Arrangert av Backer/Selvaag saman eller kvar for seg, får den eine etter den andre av kjende låtar eit nytt liv, med Maren Selvaag i nydeleg tonefølgje på piano. Frå «Men nydelig» (But Beautiful) til «Min Gylne Time» («My shining Hour», med Heidi Skjerve som gjest på «En klissvåt dag» («A Foggy Day») og «En annen dag» («Some Other Day»). Eit vår-album av jazz på norsk.

Kvinnene går Fire!

Med sitt andre album «Ritual» (Rune Grammofon/Musikkoperatørene) tar den svenske jazzhæren Fire! Orchestra leiinga blant store band denne våren. Med eit kompani kvinner som verkeleg set sitt bumerke i eit band som starta med trioen Fire!, og som vart Fire! Orchestra med 21 musikarar. Vokalistar er Miriam Wallentin og Sofia Jernberg, instrumentalistar på kvinnesida er Susanna Santos Silva, Hild Sofie Tafjord, Anna Högberg, Mette Rasmussen og Lotte Anker. Mats Gustafsson starta trioen Fire! med Johan Berthling (bass) og Andreas Werllin (trommer), og bandet tonar ut i eit elegant tema med «Ritual, part 5».

La Tana For You

Sjekk debuten til vokalist Lou Tana frå Paris, som på «For You» (ACT/Musikkoperatørene) syng songar på fransk og engelsk laga i kompaniskap med pianist Alexey Asantcheeff og kvintetten hans.

Mer fra Dagsavisen