Kommentar

Sym for livet

Vi treng ei betre symjeundervisning her i landet.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Sola og varmen er på veg tilbake. Snart skal titusenvis av barn løpe til stranda, ta på badetøy, blåse opp armringar og kose seg i det sannsynlegvis litt kalde vatnet. Ungdom skal kunne sykle ned til vatnet med venene sine, hoppe frå høgder, symje ut til flytebrygger og ha det gøy.

Sjølv om eg er veldig glad i å vere på stranda, kjenst det som om skuldra mine har blitt eit lite hakk høgare for kvart einaste år. Det er fint å høyre barnerop og plaskelydar frå barn som har det gøy. Men i bakhovudet er det også ein stemme som seier – tenk om! Har dei eigentleg kontroll? Er det vaksne i nærleiken som følger med?

Kanskje er det fordi eg veit at det kvart år også er nokre situasjonar der det går heilt galt. I fjor var det 79 som døydde av drukning i Noreg, dei fleste av desse var vaksne menn. Mange falt frå båt. 13 døydde under bading. Nokre av desse var barn eller ungdommar. Det er vanskeleg å finne ord til å skrive om det, men det er alle foreldres mareritt.

Symjekurs for barn i Oslo kostar 2600 kroner

Skulen har i læreplanen plikt til å lære barn å symje. Men det fungerer ikkje i praksis. Norges svømmeforbund gjennomfører jamleg undersøkingar om kor gode barn er til å symje. Undersøkinga som kom i 2021 viste at mange ikkje har lært det dei skal lære.

Når elevane fullfører fjerde klasse, er det ei rekke kompetansemål som dei skal kunne. I norsk skal dei kunne velje bøker på biblioteket etter interesse, bruke komma og utforske forskjellar mellom hovudmål og sidemål, for å nemne nokre eksempel. I symjing skal dei kunne dykke og hente ting på botnen av bassenget, og kunne symje 100 meter på rygg. Ved sist undersøking var det berre 39 prosent av femteklassingane som klarte det læreplanane sa at dei skal kunne innanfor symjekrava. Berre éin av tre lærarar meiner at desse måla er realistiske. Mangel på nok undervisningstid i bassenga, og nok tilgang på symjebasseng, er med på å bidra til det.

Les også: Skremmebildet Sverige

Berre eit av fem barn hadde lært å symje på skulen. Resten hadde lært dette andre stadar. Barn frå familiar med innvandrarbakgrunn har også mindre symjeopplæring heimefrå enn resten. Skulane klarer altså ikkje ta det ansvaret dei eigentleg har for at barn lærer denne heilt grunnleggande ferdigheita. Då blir det opp til kvar enkelt familie å finne ut av det.

Nokon bor nært ein symjehall, andre må reise langt. Der eg bur har vi fleire kommunale basseng med grei pris i nærleiken, men ein bør vere komfortabel med nærkontakt med andre badande, både i basseng og garderobe, om ein oppsøkjer desse i den travlaste tida i helgene. Andre har badeland eller andre private tilbod, ofte med ein høgare pris, som sitt nærmaste alternativ.

Det finst symjekurs, men dette er for eit mindretal. Eit google-søk på symjekurs for barn på 5 eller 6 år i Oslo viser at det for eksempel kostar 2600 kroner for ein halvtime i veka mellom april og juni. Ein må fort vekk gå ein god del kursrekker som det, før ein pode blir symjedyktig. Dette er ikkje for alle. Det er også berre 7 prosent av femteklassingane som er med i symjeklubb eller går på symjekurs.

Konsekvensen er at økonomisk og sosial bakgrunn fort vekk speler tungt inn i kven som får, og kven som ikkje får, lære. Vi veit frå andre undersøkingar at barn frå familiar med høg inntekt deltek i langt større grad på fritidsaktivitetar enn barn frå familiar med lågare inntekt.

Les også: Barn må få lov å klage

Dette er trippelt uheldig, for barna opplever for det fyrste utestenging ved å ikkje kunne delta på dei aktivitetane klassekameratar er med på, og går glipp av fellesskapet utafor skulen. For det andre går dei glipp av gleda, meistringa, og utviklinga desse aktivitetane kan gi. Og for det tredje kan det i tilfelle som symjing bety at dei går glipp av ein heilt fundamental ferdigheit.

No er det ei rekke indikatorar på fattigdom som er aukande. SSB kom i førre veke med tal som viste at det blei ei auke i 2023 i kor mange som slit økonomisk. Ein av fem har ikkje pengar til å handtere ei uføresett utgift. Ser ein på denne gruppa, eller kven som ikkje har råd til å gå til tannlegen eller bytte ut utslitne kler, er åleineforsørgarar overrepresenterte.

Det er politikk som må til for å løyse dette, og det skjer ikkje med eit knips. Det tar lang tid å bygge fleire basseng. I fjor sommar blei prisen på badebillett i Oslo halvert ut året, og det kosta ikkje meir enn 80 kroner for ein vaksen og tre barn. Dette var eit konkret dyrtidstiltak frå det førre byrådet. Høgre-byrådet som tok over styringa av byen har ikkje vidareført satsinga. No er vi tilbake på den gamle prisen.

Skal vi få ned talet på drukningar framover, bør fyrst og fremst skulane trappe opp sin innsats. Det er den beste måten å sikre at alle lærer dette godt nok på. Men så lenge det ikkje fungerer så godt som det burde, er det til stor hjelp med grep som gjer at familiar som sit rundt frukostbordet og vurderer ein helgetur i symjehallen ikkje ender med å droppe det fordi det kostar for mykje.

Les også: Kjør debatt, også om EU

Les også: EØS er viktigere enn noen gang

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen