Stavanger

På tide med gratis kollektivtransport

Privatbilismen har hatt ein eksplosiv vekst dei siste åra; i perioden 1997-2001 kom det til 190.000 nye bilar, og totalt sett tel den norske personbilparken no om lag to millionar køyrety.

Fleire bilar på vegane er ikkje berre eit problem i høve til forureining og støy, men fører òg til stadige konfliktar mellom bustadområde og vegnettet.

Både på Hundvåg, Våland og Tasta har bebuarane mobilisert mot store utbyggingsprosjekt fordi vegane legg beslag på enorme areal og skaper eit utrygt oppvekstmiljø for borna.

Kvart år døyr mellom 300 og 400 menneske i trafikken, og fleire tusen blir alvorleg skadde. Kampen mot veksten i privatbilismen handlar altså om langt meir enn CO2.

Lite framtidsretta

Trass i alle dei negative verknadene av auka bilbruk, har dagens storting synt liten vilje til å tenkje framtidsretta med omsyn til transport. Miljøpartiet Dei Grøne tykkjer det er trist at lokalsamfunn og det globale miljøet skal måtte li fordi norske toppolitikarar ikkje torer tenkje nytt, og vi meiner der er på tide med ei skikkeleg satsing på tiltak som kan redusere privatbilismen.

Betre byplanlegging, tettare busetjing og større bruk av avstandskommunikasjon kan avhjelpe situasjonen noko, men slik samfunnet er organisert i dag, er det utopisk å tru at vi innan rimeleg tid skal klare å redusere transporttrongen vesentleg.

Samfunnsstrukturen krev at vi skal vere i stand til å flytte oss raskt over lange avstandar, og det er innanfor denne ramma vi må finne konstruktive løysingar.

Hurtig og komfortabel

Sjølv om ikkje-forureinande transport er å føretrekkje, både med omsyn til helse og miljø, er det berre hurtige og komfortable transportformer som i større skala kan ta opp konkurransen med bilen.

For å kunne snu utviklinga i ei meir berekraftig og arealsparande retning, er det difor naudsynt å gje kollektivtransporten eit kraftig løft. Viss vi vil at fleire skal velje buss og tog framfor bil, må både avgangsfrekvensen, rutetilbodet og sørvisen betrast. Det må òg i endå større grad enn i dag løne seg å reise kollektivt.

I utlandet har det blitt gjennomført fleire vellukka prøveprosjekt med gratis eller tilnærma gratis kollektivtransport. For åtte år sia blei det innført gratis buss i den belgiske byen Hasselt, og talet på passasjerar blei etter kort tid tolvdobla.

Prosjektet blei fyrst sett på som useriøst, men i dag er dei fleste samde om at det har vore ein stor suksess. Mange bilvegar er fjerna til fordel for trerekkjer og sykkelstiar, og bybiletet er endra i positiv retning.

Nulltakst

Svenske Kristinehamn hadde nulltakst i perioden 1997-2001, noko som førte til at dobbelt så mange tok bussen. Men på grunn av økonomiske problem gjekk kommunen over til lågtakst for fire år sia, og fleire søkte tilbake til bilen.

Ein rapport om forsøka i Kristinehamn slår fast at nulltakst er mest tenleg i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

Det syner seg nemleg at når billettprisane blir reduserte med ein tidel, aukar talet på passasjerar med mellom tri og fire prosent. Ei fjerning av taksten gjev langt betre effekt. I Noreg har styremaktene likevel nøgd seg med billettrabattar for einskildgrupper; vi har aldri hatt eit omfattande kollektivprosjekt.

Miljøpartiet Dei Grøne tykkjer det er på tide at vi tek alternative transportformer på alvor, særleg no som Noreg slit med å følgje opp klimaforpliktingane i Kyoto-avtalen.

Vi vil arbeide for at det så snart som råd blir sett i gong omfattande prøveprosjekt i norske byar.

Mer fra Dagsavisen