Innenriks

Koronamilliardar til kommunane i saldert budsjett

Regjeringa vil gi kommunane og fylka 7,3 milliardar kroner meir i koronakompensasjon enn det som så langt er løyvd. Pengane kjem i det nysalderte budsjettet.

Ifølgje NRK får Oslo 1 milliard kroner meir dekt. Ifølgje kanalen hadde kommunen berre vågd å håpe på 200 millionar kroner.

– Oslo var veldig ramma av pandemien, og vi brukte veldig mykje pengar, så at vi får noko tilbake, er veldig bra, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).

6,9 milliardar kroner går til kommunane, medan fylka får 400 millionar. For kommunane blir 4,9 milliardar fordelte med ein lik sum per innbyggjar, medan 2 milliardar blir fordelte som skjønnsmidlar.

Saken fortsetter under videoen

– Vi har komme til at det er rett å dekkje dette fullt ut. Kommunane står i ein krevjande situasjon. No får dei litt meir handlefridom til å vareta dei oppgåvene dei har i forhold til barn og eldre, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

KS-leiar Gunn Marit Helgesen meiner dei har fått gjennomslag for kravet om full dekning av kostnadene.

– Dette er veldig gode nyheiter. Det er jo eit løfte dei har gitt, og vi forventar jo at dei held løfta sine. Men dette ser veldig bra ut, seier ho.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra Dagsavisen