Debatt

Ferrante-feber til fjernsyn

«Alle» las bøkene om Lila og Elena. No kjem HBO-serien basert på «Mi briljante venninne». Så spørst det om romanstoffet toler overgangen til skjermen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Mi briljante venninne» var ein supersuksess då ho kom i norsk omsetjing våren 2015. Kritikarane, meg inkludert, jubla nærast i kor. «Briljant om vennskap», skreiv eg, og rosa dei sjeldant gode skildringane av elsk-hat-mekanismane som kan ligge i botnen av vennskap, av dei relasjonane som for mange er dei mest langvarige, og ofte også blant dei mest definerande, i livet.

Les heile meldinga av «Mi briljante venninne»

Romanen skildrar dessutan Napoli frå og med femtitalet til vår tid på spanande og livaktig vis. Han viser kor farleg byen er, og klassedelt. Ikkje minst er det farleg å vere kvinne, nederst på rangstigen. Boka syner at sjølv om utdanning kan vere ein veg ut, så er ikkje det nokon tornefri veg, heller tvert om.

Bind to, tre og fire av kvartetten utbroderer det første bok sette igang, og kan kort oppsummerast i eit bokstavrim: Kjærleik. Klassekamp. Kvinneliv. Vi følger framleis Lila og Elena, gjennom ungdomstid og vaksentid, til ekteskap og morskap, personleg og politisk oppvakning, i kvar sitt miljø. Mennene er der, ofte særs valdeleg til stades, men bøkene viser aller mest korleis det er å vere kvinne i ei ekstremt macho verd, og kor få roller ein har å velje mellom då. Same kor briljant ein elles måtte vere.

Les meldinga av bind to: «Historia om det nye namnet»

Det er dessutan bøker om kunst, om korleis litteratur blir til. I rameforteljinga er den briljante Lila forsvunnen, noko som får forteljaren, Elena, til å setje seg ned og skrive ned historia deira. Det er tungt arbeid. Alle som var der hugsar same situasjonen ulikt, og alle har ulik agenda idet dei fortel. Elena også, og definitivt Lila.

Les meldinga av bind tre: «Dei som flyktar og dei som blir»

Sjølv om Napoli-syklusen er lettlesen og spanande, er dette med andre ord kompleks litteratur, i bokform fortalt over nærare to tusen boksider. Mandag har TV-serien basert på kvartetten premiere på strøymetenesta HBO. I første omgang kjem det åtte episodar, melder HBO, men målet er 32 totalt, fordelte på fire sesongar.

«Når eg skriv ei bok, og nokon vil lage film, blir eg først glad. Så byrjar arbeidet. Det første inntrykket mitt er traumatisk [...] Eg arbeidde med teksten i årevis, og no verkar alt tømt for rikdom: stader, hendingar, karakterar [...] Den tette styrken eg trudde eg hadde oppnådd er borte. Eg må innsjå at eg har mislukkast i å ta med ting som no verkar viktige, og gav for stor plass til det som no verkar overflødig», skriv Elena Ferrante, kjapt omsett frå engelsk, i den faste spalta ho har i avisa The Guardian.

Slik set ho ord på ambivalensen mange skjønnlitterære forfattarar – og lesarar – ofte kjenner i møte med film- og TV-versjonen av bøker. Vil det som i bokform verka sterkt, bli platt og banalt når ein viser det fram? Kva må kuttast, og kva får bli? Og passar skodespelarane med slik dei «skal vere»? Napoli-kvartetten fortel i sakte kino, vert det kanskje for stilleståande på skjermen?

Les også: Ferrante bør få Nobelprisen

Ifølge Emily Temple, som er kritikar for litteraturnettstaden LitHub.com, var det mange som gjekk undervegs fordi dei kjeda seg då dei to første episodane blei viste på filmfestivalen i Venezia. Men, skriv ho vidare, «lat oss vere ærlege: boka er også langsam, særs i starten, med masse folk og relasjonar. Det er derfor slik autofiksjon følest som livet». Temple har sett seks episodar, og konkluderer med at serien verkar særs lovande. Det gjer også filmmagasina «Variety» og «The Hollywood Reporter» som etter å ha sett to episodar berømmer både skodespelarar, miljøskildring, og at historia held seg tett til bøkene.

Mandag kan HBO-abonnentar sjølv ta turen til Napoli på femtitalet, og sjølv gjere seg opp si eiga meining. God reise!

Mer fra: Debatt