Bøker

Briljant klassereise

Nydeleg skildring av jenters vennskap og byrjinga av ei klassereise på 60-talet, av anonym italiensk forfattar.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Elena Ferrante

«Mi briljante venninne»

Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal

Samlaget

Lila er slem. Men også briljant. Fattig og lurvete, men sterk. Ein ekte rakkarunge, redd verken vaksne eller ungar. Elena er djupt fascinert. Ho vil bli venninne med denne nye jenta, som oppfører seg annleis enn alle andre, og verkar omgitt av eit eige kraftfelt.

Noko ho klarer, men ikkje utan kostnad. For dess meir glitrande ho kjenner at Lila er, jo gråare kjenner Elena seg. Ofte følest det som ho berre er ein svak skugge i sitt eige liv, som om ingenting har kraft og farge om ikkje Lila er der for å tilføye det. Sjølv om det utanfrå sett går bra også med Elena, på skulen og etter som tenåra skrid fram i kjærleiken.

Likevel er det verdt det. Lila er spesiell. Modig og ekstremt intelligent, definitivt etla til noko eige. Slik ser det i alle fall ut gjennom Elenas auger då dei to veks opp saman i fattige Napoli på 1950- og 60-talet, også då ho godt oppi sekstiåra bestemmer seg for å fortelje hennar og Lilas historie. Særs Lilas.

«Mi briljante venninne» er, som tittelen og innleiinga her røper, ein roman om vennskap. Faktisk eit glitrande eksemplar av arten, med sjeldant gode skildringar av dei elsk-hat-mekanismane som kan ligge i botnen av dei relasjonane som for veldig mange menneske er dei klart mest langvarige og ofte også blant dei mest definerande i livet.

Det i seg sjølv er godt gjort. Men det er ikkje det einaste som gjer «Mi briljante venninne» til ein strålande roman. I tillegg til Lila og Elena, er her nemleg ein annan, nesten like viktig hovudperson, som er like spanande og livaktig skildra som dei. Nemleg byen Napoli på femti- og sekstitalet, og då særs den fattige bydelen kor jentene og familiane veks opp. Ein farleg stad, kor døden er vanleg innslag i kvardagen. «Vi levde i ei verd der barn og vaksen ofte fekk skadar, frå såra kom det blod, de kom verk, og nokre gonger døydde folk [ ...] Verda vår var slik, full av ord som kunne drepe: krupp, stivkrampe, flekktyfus, gass, krigen, dreiebenk, ruinhaug, arbeid, bombinga, bombe, tuberkulose, verk»

Napoli på femtitallet er ein stad kor familien betyr enormt mykje, og eldgamle familiefeidar styrer korleis folk skal og bør og må te seg. Fattigdommen er stor, horisonten liten, krigen ikkje langt unna. Det uttalt politiske tek aldri hovudrolla i Ferrante si bok, men det ulmar og putrar i bakgrunnen. Dette er eit tydeleg klassesamfunn, kor folk kjenner sin plass, no og i framtida. Det er dessutan eit sterkt mannsdominert samfunn, kor mennene er dei som bestemmer over pengar og familiemedlemmer, og unge kvinner har makt nesten berre som objekt for menns begjær – så lenge dei klarer å halde seg attraktive nok.

Utdanning rokkar ved begge strukturane. Romanen fortel særs tydeleg kva kraft som kan ligge i lærdom, men også korleis skulegong både gir moglegheiter til individa og framandgjer dei frå samfunnet dei kjem frå. Elena, forteljaren av historia, får gå på skule. Lila får det ikkje, sjølv om ho er ekstremt intelligent. Det endrar kven dei er, begge.

«Mi briljante venninner» er ekstremt interessant lesen både med klasse- og kjønnsbriller på, samtidig som det fine, mellommenneskelege dramaet i botn held mål også for brillelause.

Elena Ferrante er eit pseudonym, kor ingen veit stort meir om forfattaren enn at ho (eller han) har fått publisert sju romanar sidan 1992, og så langt er omsett til 23 språk. «Eg meiner at bøker, når dei er skrivne, ikkje treng forfattarane sine. Har dei noko å seie, vil dei før eller sidan finne lesarar. Viss ikkje, vil dei det ikkje», har ho skrive i eit brev til forleggaren sin, som visstnok heller ikkje veit kven ho er. Dette er ei bok med mykje å seie. Ho bør finne mange lesarar.