Nye takter

sPace is the plaCe!

Morten Qvenild og Gard Nilssen på guterommet kallar seg sPacemoNkey, med «The Karman Line» som knallsterkt resultat.

sPacemoNkey
«The Karman Line»
Hubro (Musikk­operatørene)

Karokh
«Karokh»
Loyal Label (MusikkLosen)

Danilo Perez
«Panama 500»
Mack Avenue (MusikkLosen)

Soga seier at dei fann tonen i bandet til Matias Eick og ville gå duo. Resultatet er eit album der Qvenild ikkje berre spelar stort piano og elektronika, men lik Espen i Knøttene i alle fall poserer med miniutgåva. Men det er neppe forklaringa på at vi under ei malmtung opning på piano, tidleg høyrer spinkle klangar i bakgrunnen som for eit utrena øyre kan vere rusk i elektronikken. Viktigare er at dei to kanaljane Qvenild og Nilssen, som attåt trommene slår på alt anna han kjem over, har snikra eit heilt improvisert, sterkt debutalbum, som har fått namnet etter The Karman Line. I ei høgd på hundre kilometer over havet rundt kloden er det skiljet mellom jordatmosfæren og det ytre rommet, oppkalla etter den ungarsk-amerikanske ingeniør og fysikar Theodore von Karman (1881-1963) som rekna seg fram til at utanfor Karman-lina var lufta for tynn til vanleg flyverksemd. Våre tankar går til Voyager I, romfartyet av 1971 som like godt flaug ut av heile solsystemet, og stadig er på farten.

Alt dette for å fortelje at gutane våre med «Karman Line» tek oss med på ei musikalsk romferd av dimensjonar, frå «Aeorinautics» og «Chopping Wood In My Brad New Moon Boots» til «Meanwhile In a Galaxy Far Away» (!) før «Landing Day». Det er eit album Carl Sagan hadde likt.

Karokh!

Bomber og granatar! Her er bandet som med vokalist Ina Sagstuen fremst sidan 2010 har herja i inn og utland, og som samlar superlativ nok i musikkpressa til å tapetsere vegger og tak med, og som altså gjev ut albumet «Karokh» - eit ord som lyder som eit eksplosiv i seg sjølv. Sleppkonserten for både vinyl, CD og digitalt format stod på Nasjonal Jazzscene i Oslo, og klipp både frå Tyskland og Frankrike fortel at bandet «resiste aux compairasons» (trassar samanlikningar med) det meste der ute. Plata kjem ut på det New York-baserte Loyal Label, og både Ina Sagstuen og resten av dei sju musikarane vil mange kjenne att frå Skadedyr, Monkey Plot, Ich Bin Nintendo og andre i både jazz, impro- og andre sfærer og som låner frå både kraut, støyrock, drone og amerikansk surf for dei som kjenner sjangerkatalogen. Den enkle versjonen er at med Karokh kan alt skje på ein måte som får håret til på reise seg på alle. Krutsterkt blir det i alle fall, så det er berre å ruste seg.

Panama 500

Om du ikkje fekk med deg femhundreårsjubileet i fjor for den første europeiske (spanske) busetjinga på vestsida av Panama i år 1513, og dermed den første europeiske busetjinga ved Stillehavet i heile Amerika, får du sjansen med albumet «Panama 500». Det er Panama-pianisten Danilo Pérez som ikkje berre har sin eigen jazztrio med Adam Cruz og Ben Street, men som i trio med John Patitucci og Brian Blade også er ein del av Wayne Shorters kvartett. Utanom Shorter er alle med, saman med perkusjonistar frå Cuba, Brasil og Panama, fiolinisten Alex Hargreave, og folk frå guna-indianarane, dei innfødde i denne delen av Amerika, som ikkje vart oppdaga utanfrå, då det var folk der frå før. Perez legg vekt på å kalle det ei «nyoppdaging», når den spanske sjøfararen Vasco Núñez de Balboa i 1553 kryssa Panama på det smalaste, og grunnla den første permanente europeiske busetjinga på Stillehavskysten.

Med dette som kart og kompass opnar albumet med «Rediscovery Of The South Sea», av Perez kalla ein ouverture til «Panama 500» og «Reflections On The South Sea». 500-årsdagen for opninga av kanalen i 514 vert markert med «Canal Suite» i tre delar, og med alle musikarar i samspel med dei innfødde avsluttar Perez sitt mest ambisiøse prosjekt med «Celebration Of Our Land».

Sjøen live ved Sjøen

At skaren av unge norske jazzmusikarar gjenoppstår i stadig nye konstellasjonar, er albumet «Sjøen – Live I !» (Hagtorn/Plugged Music) nok eit døme på. Her har leiar og felespelar Håkon Aase samla kvintetten Harald Lassen (saksofon), Johan Lindvall (piano), Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass), Axel Skalstad (trommer) og han sjølv i bandet Sjøen, med musikk framført på Energimølla på Kongsberg i april i fjor. Lassen er kjend frå både Mopti og Pixel, Lindvall frå album på same selskap, Tveite frå trioen Hullyboo, Aksel Skalstad frå Krokofant. Med låten «Femmila» er albumet dobbelt aktuelt framfor årets neste og siste femmil. Framifrå, original musikk i det dei kallar i grenselandet mellom klassisk norsk og indisk kunstmusikk og skandinavisk jazz er det uansett, og plata er ein del av ein liveplateserie. 5. mars er det sleppkonsert på Nasjonal Jazzscene, og opptak frå konserten kan dukke opp på seinare album.

Kanonmøte

Om du ikkje har høyrt den danske saksofonisten Niels Vincentz, så spelar han på albumet «Is That So?» (Stunt/MusikkLosen) med kanonlaget Cameron Brown på bass, Billy Hart på trommer og Tom Harrell på trompet. Innspelinga var i New York 23. september i fjor. Vincentz, Hart og Brown har skrive musikken, og frå «Jericho Rose» til «Is That So?» er resultatet absolutt godkjent.

Mer fra Dagsavisen