Nye takter

Rosseland i stort format

Elin Rosseland platedebuterte på norsk. 25 år etter syng ho på norsk på stor plate med Trondheim Jazzorkester.

Trondheim Jazzorkester & Elin Rosseland
«Ekko»
MNJ (MusikkLosen)

Keith Jarrett m/Jan Garbarek og Charlie Haden
«Arbour Zena»
ECM (Musikkoperatørene)

Thomas Clausen, Steve Swallow
«Morning … Dreaming»
Stunt (MusikkLosen)

For dei som ikkje hugsar, så var det på platedebuten med Fair Play Elin Rosseland song norske tekstar, med Vigleik Storaas, Trond Kopperud, Tor Ytredal og Johannes Eick. Bandet og musikken gjenoppstod på MaiJazz i fjor. No gjeld det Trondheim Jazzorkester, som i 2010 engasjerte songaren, komponisten og tekstforfattaren Rosseland til å skrive musikk til konsert på Trondheim Jazzfestival. Suksessen var stor, bandet gjekk i studio i fjor, Tomas Eidsvåg er vokalist saman med Rosseland, og med eit dusin kvinner og menn, seks av kvar, er «Ekko» eit kanonverk. «Ekkoet» er den første songen, i eit vakkert arrangement med blåserekkje Ida Marie Sørmo (fløyte), Hildegunn Øiseth (trompet), Hanna Paulsberg (saksofon), Karin Hammar (trombone), Shannon Mowday (bassklarinett). Perkusjonistane Kopperud og Helge Norbakken startar opp «low» med Rosseland, og Vigleik Storaas er over tangentane, trombonist Karin Hammar melder seg på. «Ekko» er platas tredje låt, og vi er i gang med eit ni låtar/songar stort album, der dynamikken i bandet verkeleg kjem til sin rett, både instrumentalt og ikkje minst vokalt, med dei to songarane.   
Rosseland som også underviser, har vore skuledannande for vokalistar i norsk jazz. Ein minnerik trio var med vibrafonist Rob Waring og bassist Johannes Eick, og saman var Rosseland, Sidsel Endresen og Eldbjørg Raknes dynamitt i impro-trioen ESE. Frå mange år som vokalist i «Søyr» er Rosseland ikkje ukjend med større format, her i eit ungt band der gitarist Hedvig Mollestad, bassist Jo Fougner Skaansar, og bassklarinettist Stig Aarskog også er med. Saman har alle tolv skapt ein atmosfære rundt musikken til Elin Rosseland, som det no må ryddast plass til på fleire scener.  

Jarrett-Garbarek i ECM-pakke
Under merkelappen «Re: Solutions» gjev ECM ut ein serie album, remastra til nyutgjeving både på 180 grams vinyl, som cd og digitalt. Til første utgjeving høyrer sju album frå sytti- og åttitalet, og to av dei er signert Keith Jarrett, med den historiske trioen Jarrett, Jan Garbarek og Charlie Haden på albumet «Arbour Zena», i samspel med eit strykeorkester med medlemmer av radiosymfoni-orkesteret i Stuttgart. Vladen Gustesh fører taktsokken på det mektige albumet, med «Mirrors» som lengste stykke. Om det har Keith Jarrett skrive at han ser på det som eit av sine rikaste og lyrisk inspirerte verk. Mektig er også saksofonspelet til Jan Garbarek, og på opningsstykket «Runes» og «Solar March» kjem også basspelet frå Haden til sin rett. Alt i nyoppussa utgåve, til glede for øyret same kva avspelingsutstyr du har.
Den andre Jarrett-utgjevinga er «Ritual» frå 1982, der Dennis Russel Davis, som både er pianist og orkesterleiar, spelar Keith Jarretts todelte komposisjon «Ritual» solo på piano. Dei to samarbeidde musikalsk i fleire samanhengar.
 
Snadder
Thomas Clausen piano og andre tangentar, og Steve Swallow bass, det er snadder. Albumet heiter «Morning … Dreaming» og er destinert til å bli eit publikumsband i særklasse ikkje for dei store salane, men kvar som helst elles. Steve Swallow kjenner alle, Thomas Clausen kan i alderen 65 også kalle seg nestor, ein gong i ein uforgløymeleg trio med Palle Mikkelborg og Niels-Henning Ørsted Pedersen. Han er elles på farten nok i innland og utland til å bli lagt merke til av Steve Swallow, som han like godt inviterte til turne i Danmark og innspeling av plate. Atmosfære, folkens, og felles glede i å spele både gamle og nye songar, eigne og andres. På dette albumet har Clausen skrive all musikken sjølv, pianisten som Swallow hadde lagt merke til på plate med Gary Burton, Swallows gamle medspelar frå han spelte ståbass.
Merittlister er kjedelege, men dette handlar om intuisjon, og om omvegar til eit møte mellom to sjeler på ei scene, med ti songar til deg og meg. Det er snadder.

Krokofant!

Kryssar du ei krokodille med ein elefant blir det hybriden krokofant. Det er også tittelen på bandet som med plata «Krokofant» (Rune Grammofon/Grappa) debuterer med brask og bram, som dei seier i jungelen. Der møttest gitaristen Tom Hassland og jungeltrommeslagaren Skalstad i ei gitarsjappe på ein stad dei kallar Kongsberg, og dei fekk også med seg saksofonisten Jørgen Mathisen (The Core) i studio, der dei med «Polyfant» opnar med eit brak.  Både sterkt og høgt og fort kan det låte, ikkje minst når neste låt heiter «Superman», men slik er også jungelens lov. Det skjer i ordna former når gitaren og saksofonen følgjer kvarandre i lange drag over trommene, med fartsprøva «ejs» i eit kort stormløp mot det siste lange sporet «castaway». Ei herleg forundringspakke av ei avslutning, med vakker musikk i fri flyt i landskapet som krokofanten når alt kjem til alt stammar frå. Ein sterk platedebut.

Herwigs horn

Trombonisten Conrad Herwig (64) er eit veletablert namn i amerikansk jazz, med eit tjuetal album og ei lang merittliste elles. I vårt overskotslager ventar «A Voice Through The Door» (Criss Cross/MusikkLosen), eit stroke album med Ralph Bowen (saksofon), Orrin Evans (piano), Kenny Davis (bass) og Ronald Edwards (trommer), og med låtar Conrad Herwig har skrive sjølv.

Mer fra Dagsavisen