Bøker

Framleis like briljant

Andre bind i Elena Ferrantes Napoli-kvartett er minst like fengslande som det første, samfunnsanalysa minst like skarp.

Dagsavisen anmelder

Bilde 1 av 3

Roman

Elena Ferrante

«Historia om det nye namnet»

Omsett av Kristin Sørsdal Samlaget

Kjærleik. Klassekamp. Kvinneliv. Italienske Elena Ferrante si andre av fire bøker frå Napoli byrjar akkurat der den første, «Mi briljante venninne», slutta. Den briljante skomakardottera Lila er, berre seksten år gammal, blitt gift med kjøpmakarsonen Stefano. Eg-forteljaren er venninna Elena, og no får vi på første side vite at mykje at det ho skriv, er basert på Lila sine dagbøker, som Elena sverja på å ta vare på utan å opne. Sjølvsagt har ho likevel lese, kvart einaste ord, i notatbøkene som «utstrålte den same tiltrekkingskrafta som Lila hadde hatt frå ho var lita».

For Lila er framleis i sentrum av forteljinga. Nygift, til ein mann som slår. Slik alle menn i den fattige bydelen av Napoli tidleg på sekstitalet slår konene sine. «Vi hadde sett fedrane våre banke opp mødrene våre heilt sidan barndommen. Vi vaks opp med førestillinga om at ein framand knapt skulle vere borti oss, mens faren, kjærasten og ektemannen vår kunne fike til oss når dei ville, av kjærleik, for å oppdra oss, for å oppdra oss nok ein gong.»

Lila aksepterer det. Slik er livet. «Historia om det nye namnet» – som altså er namnet Lila har gift seg til – handlar mykje om kor trongt rommet er for jenter, for kvinner, i eit ekte machosamfunn. «[Eg såg] alle mødrene i den gamle bydelen klart og tydeleg. Dei var hissige, dei var hundsa [...] Dei vanskjøtta seg sjølve, blei utmagra med innhole auge og kinn eller fekk digre rumper, hovne leggar, tunge bryst [...] Og Gud i himmelen, dei var ti, maks tjue år eldre enn meg. Likevel verka det som dei hade mista alle dei feminine trekka som vi jentene verdsette så høgt [...] Dei hadde blitt etne opp av kroppane til ektemennene, til fedrane, til brørne [...] Når starta den forvandlinga? Med husarbeidet? Med graviditeten? Med julinga?»

LES OGSÅ: Briljant klassereise

Det er dessutan ei sterkt klassemedviten bok, om Elenas som dreg og Lila som blir. Ei bok som viser at ein kan tene pengar, men likevel ikkje klare å kjøpe seg klasse. At ein kan skaffe seg utdanning, men likevel kjenne banda strame mot den boklause bakgrunnen ein kom av. Det er ei bok om forelsking og kjærleik, og om vennskap. Om å vere ung samtidig som ein liksom skal vere vaksen, håplaust forelska i heilt feil person. Og om den brennande, altoppslukande sjalusien som oppstår når han du alltid har elska vel ho andre. Vel venninna.

Alt dette ekstremt fengslande fortald, i ei historie av den typen som sveipar ein opp og med, kor ein bare må lese litt til, og litt til, for å finne ut korleis det går. Kva i all verda skjer no? Korleis skal Lila klare å vikle seg ut av denne situasjonen? Kvifor oppfører ho seg slik ho gjer? Kven er ho eigentleg? Spørsmåla driv lesaren vidare, medan svara blir nøsta opp, historia rulla fram, heile tida medan det kjennest som ein til stades i det som blir fortald. I Napoli tidleg på sekstitalet, eller i eit varmt, mygginfisert rom på ferieøya Ischia den sommaren den syttenårige Lila vert sendt dit for å styrke kroppen – fordi slekta er misnøgde med at ho fleire månader etter bryllupet enno ikkje er blitt gravid.

Det handlar om å vere ung. Hormonstinn tenåring, forelska og fortvila, underlagt strame reglar for kva som er lov og ikkje. Om å elske ei venninne, men også hate henne. Om å kjenne seg grå og ordinær i møtet med den briljante andre. «Ja, det er Lila som gjer skrivinga slitsam. Livet mitt pressar meg til å sjå for meg korleis hennar hadde vore viss ho var i min stad, korleis ho ville ha brukt hellet mitt. Og livet hennar kjem stadig til syne i livet mitt, i orda eg har sagt, der det ofte er eit ekko av hennar, i ein bestemt gest som er ei tilpassing av ein av hennar gestar, i mitt mindre [...] Og ut av dette kjem ei krevande måling av tilbakelagd tid fullstendig basert på det upålitelege måleinstrumentet som ord er.»

Følg Dagsavisen på Twitter og Facebook!

Det er lettlese, spanande, fascinerande, og sluttar med ein real cliffhanger som gjer at ein allereie no gler seg til neste bind, som ifølge Samlaget kjem på norsk til våren. Rett nok finst bok tre og fire allereie på engelsk, men Kristin Sørsdals solide omsetjing til fintflytande, støyfri norsk gjer det verdt å vente nokre månader på det norske framhaldet.