Kultur

Danielssons dans

– Kvifor eg alltid spelar med nordmenn? Dei set ein farge på musikken som eg likar, seier

Det er ein snøvåt Oslo-morgon, Danielsson har nett vore i frukostfjernsynet med Eick, som også er med han på den koreanske songaren Youn Sun Nahs vakre «Voyage» som Danielsson produserte. Nyleg var trompetisten også med Danielsson på ein konsert med eit bestillingsverk for stort kor og orkester i Berlin.

– Mathias hadde eg så vidt høyrt om, og tok ein sjanse. Trompetistar som han finst knapt lenger, og for meg er det også viktig med ein person som spelar låten, seier Danielsson. Merket er Act Music, der bassisten, komponisten, cellisten, melodikamannen m.m. Danielsson har levert fem perlealbum. «Tarantella», «Pasodoble» i duo med den polske pianisten Leszek Mozdzer (som også er med på «Tantarella»), «Melange Bleu» der det er ein haug norske musikarar med, så også på storverket «Libera Me». Og perla: «Salzau Music On The Water» i duo med trombonist Nils Landgren.

– Innspela på ei lita bryggje ved ein liten innsjø grytidleg om morgonen i sekstida i Salzau, under Jazz Baltica-festivalen. Det var Siggi Loch i ACT sin idé, og då vi byrja å spele vakna folk i telta rundt og kom ut for å høyre på, eit veksande morgonpublikum, og for ein lyd!

Med Liebman & Co

– Kva var den første plata du gav ut i eige namn?

– «New Hands» i 1986 med saksofonisten David Liebman, Bobo Stenson og Jon Christensen. Sidan då har eg alltid hatt med norske musikarar, seier Danielsson og ramsar opp Balke, Wesseltoft, Molvær, Eivind Aarset, Eick og Kringkastingsorkesteret. Han har også spela musikken til Vince Mendoza med Oslo-Filharmonien, musikk han seinare spela inn med tysk orkester på albumet «Blauklang».

– Du har spela inn 15 album i eige namn, men må ha vore med på mange hundre. Veit du kor mange?

– Har inga aning, men om eg seier 500 er det sikkert ikkje for mykje. Den første gongen min i studio var i 1979-80, for å spele inn rocksingelen «Give It Up».

Lars Danielsson er fødd i Småland i 1958, i 1979 flytta han til Göteborg, no pendlar han mellom Göteborg og København etter å ha gifta seg med danske Cæcilie Norby, som han også skriv musikk for.

– Korleis kom du på å lage band med Liebman, Christensen og Stenson?

– Eg hadde turnert med Dave Liebman og Tolvan Big Band. Så funderte eg litt og ringde både han og dei to andre spurde om dei ville vere med, og dei sa ja på flekken. Så gjekk vi i studio, og slik det lét når vi spela den første låten på «New Hands», slik lét bandet kvar einaste gong sidan. Det var magisk, som om bandet var ferdig før vi spela musikken. Eg opplevde noko liknande når eg spelte med pianisten Leszek Mozdzer. Det var ein viktig skule å kom rett inn på eit så høgt nivå, seier Danielsson. Det vart tre plater til med Liebman og kvartetten. Sidan står namn som John Scofield, Jack DeJohnette, John Abercrombie, Brecker-brørne, Alex Acuna og nokre titals andre på den amerikanske merittlista hans.

Peacock & McCartney

– Eg har alltid likt å spele med amerikanske musikarar, og er glad for å ha trommeslagaren Eric Harland med på plata mi, seier Lars. Akkurat då stig lyden av ein standardlåt på piano opp frå jazzbutikken Bare Jazz. Umiskjenneleg Keith Jarrett, frå siste album med Gary Peacock og Jack DeJohnette, «Yesterdays».

– Kvar gong eg høyrer Gary Peacock, tenkjer eg at det er ingenting eg kunne gjort annleis på bassen.

– Er han favorittbassisten din?

– Saman med Palle Danielsson og Niels-Henning Ørsted Pedersen – og Paul McCartney! Når han spelar, snakkar vi om basslinjer!

– Kvifor vart du jazzmusikar?

– Eg høyrde Oscar Peterson på TV i 1977. Same år søkte eg på musikkhøgskulen og kjøpte Bachs cellokonsert på plate. Så kom eg ikkje inn på musikkskulen, og eg bytte til meg to plater med Chick Corea. Løpet var lagt, men eg kjøpte cellokonserten til Bach også, seinare.

Verket

– Korleis er det å skrive store bestillingsverk for band og symfoniorkester?

– Å få eit stort orkester til å spele med den same intensiteten som ein duo er vanskeleg. Men eg kjempar for å få det til. Og det er jo fantastisk å få spele musikken sin med eit stort orkester!

– Tarantella er ein italiensk dans. Har du spela til dans?

– Sidan eg var 12 år! I band med trekkspel og hammondorgel, seier Danielsson.

Mer fra Dagsavisen