Kultur

Så tida mest sto stille

Med framføringa av «L’amour de loin» på opningskvelden, syner Festspillene i Bergen si framifrå vilje til satsing; på det nye og på det tidlause.

OPERA
«L'amour de loin»
Av Kaija Saariaho, libretto: Amin Maalouf
Regi og scenografi: Elmgreen & Dragset
Med: Jaakko Kortekangas, Pia Freund og Helene Gjerris
Musikalsk leiar: Baldur Brönnimann, Bergen Filharmoniske Orkester

Smektande, velforma og mystiske klangar møtte publikum i Grieghallen onsdag kveld, då Festspillene i Bergen opna med samtidsoperaen «L’amour de loin». Framfor eit scenebilete av teikningar i kvitt, svart og blått, tona komponist Kaija Saariaho sin musikk fram, til tekstar av Amin Maalouf. Det klang vakkert og inntagande, så tida mest sto stille.

Til denne første norske oppføringa av verket var kunstnarduoen Elmgreen & Dragset inviterte som regissørar. Dei hadde løyst oppgåva med glans; ein animert versjon av forteljinga fulgde oss gjennom det drøyt to timar lange strekket. Kunstnarduoen let den gamle legenden liggja til grunn, og fortalte gjennom enkle bilete om middelaldertrubaduren Jaufré som drøymer om kvinna han berre har fått omtalt – «beautiful without the arrogance of beauty, noble without the arrogance of nobility».

Uoppnåelig kjærleik

Dei nesten banalt naive framstillingane understreka både den poetiske, middelalderprega teksten og det romantiske, innåtvende uttrykket i Saariaho sin musikk. Men dei to kunstnarane lukkast òg i å aktualisera historia på fleire plan. Ei parallell framstilling om to som finn kvarandre på nettet, samt andre, meir abstrakte bilete, gav beretninga nytt innhald. Ny spaning fekk oppstå i vekslinga mellom forteljingar, og mellom bilete som vekselvis understreka og kontrasterte musikken

«L’amour de loin» handlar om uoppnåeleg kjærleik, det vonde skjæringspunktet mellom illusjon og røynd. Jaufré bestemmer seg for å reisa over havet for å møta kvinna han lengtar etter, men vert sjuk på vegen, og døyr i armane til Clémence. Dei tre solistane; Jaakko Kortekangas, Pia Freund og Helene Gjerris, sto for innlevde ytringar av lengsle og fortviling; på alle måtar særs overtydande.

Sitrande

Personleg skulle eg ynskt at desse tre fekk meir plass, i eit lydbilete der samanstillinga mellom det akustiske og det forsterka i orkestret ikkje var godt nok balansert. Orkesteret kunne til tider høyrast ullent, og likeeins klang koret, kringkasta frå ein stad bak scena, ofte i overkant uklårt og fjernt.

Slik vart dramatiske utladningar aldri massive – og dei mange, rike klangfargane som kjenneteiknar verket kom ikkje alltid til sin rett. Men jamnt over var det ei sitrande beretning som utspelte seg i Bergen, i spennet mellom middelaldersk song og samtidige klangar – over eit tema som stadig er tidlaust.

Mer fra Dagsavisen