Kultur

Ut i verda med Marcus Miller

– Eg vil lære verdas musikk å kjenne, seier Marcus Miller før konserten i Oslo i kveld.

Dit kjem han med «Afrodeezia», eit album som er frukta av ei reise med ti stoppestader, men og inspirert av den rolla han har som «UNESCO Artist for Peace supporting and promoting the UNESCO Slave Route Project». Vi nådde han i telefon frå Leverkusen.

– Reiser du rundt i verda oppdagar du fort at slavetida ikkje er over, seier Miller, som ikkje blandar FN-oppdraget han fekk i 2012 direkte med den musikalske karrieren. Men då han på den førre plata «Renaissance» skreiv songen «Gorée», kalla opp etter slavemuseet på øya Gorée i Dakar, fekk han lyst til å gå opp dei musikalske spora vidare.

Reisande i band

– Plata er ein måte å ære dei på, seier Miller som på det elleve spor lange albumet har med sitt faste band som kjerne. Resten er musikarar frå dei stadene han har valfarta til. Dei faste som også kjem til Cosmopolite er Louis Kato på trommer, Alex Hana på saksofon, Adam Agati på gitar, Brett Williams på piano. Attåt elbass og bassgitar trakterar han mange instrument, og med det rike tilfanget av både songarar og musikarar på reisa, har det resultert eit album det smakar fugl av. Og det reindyrka basskompet vi er vane med, er ikkje like reinhekla heile vegen.

– Eg ville attende til dei rytmiske kjeldene som har gjeve oss jazz, soul og rhythm and blues, med fotavtrykk frå byrjinga i Afrika til nokre hamner langs slaveruta. Reisa tok meg og bandet mitt frå Marokko og Nigeria til Paris, Sao Paolo, Louisiana, og til slutt til det urbane nord, Chicago, Detroit, og New York, seier Miller, som har skrive all musikken sjølv, og som på den tredje songen «Preacher’s Kid» har lagt inn eit uvanleg vakkert korarrangement.

– Det er ein song til far min, organist, pianist og korleiar, og min største påverkar både som musikar og menneske. Han spela mest i svarte episkopale kyrkjer søndagar, og han kunne spele Bach og Beethoven resten av veka, seier Miller, som har sitt gladaste minne frå då far hans kom inn i konsertsalen medan Marcus spelte med Miles Davis.

– Han gjorde det same då han kom eins ærend til ein konsert i Toronto. Det var ein stor augneblink for meg.

– Du har gjeve ut eit titals plater i eige namn, veit du kor mange du har vore med på?

– Ein stad mellom 500 og 600, men dei fleste er eingongsjobbar som bassist eller instrumentalist som det er fast betaling for. Vanleg honorar får du som komponist eller produsent.

– Kven er favorittbassistane dine?

– Paul Chambers og Ron Carter.

Begge spelte med Miles Davis, og Ron Carter er still going strong, og har endeleg gitt ut eit storbandplate «My Personal Songbook» med sine eigne songar.

– Han har alt sendt plata til meg, seier Miller, som er nevøen til Wynton Kelly, pianisten til Miles Davis i mange år, som døydde i 1971. På elbass og slappingbass-lista hans står James Jameson (1936-83), Larry Graham, Stanley Clarke og ikonet Jaco Pastorius.

«Hylyfe» som opnar Millers nye plate, er etter ein musikkstil populær i Vest-Afrika. På «B’s River» spelar Miller bassklarinett på ein song tileigna ektefelle Brenda som dreiv hjelpearbeid i Zambia, og som opnar med at Miller spelar på det lokale strengeinstrument gimbri.

Over til bizet

– På ein festival i Marokko spelte vi for 30.000 menneske, seier Miller. Han ville ære minnet om dei no avdøde keyboard-spelarane George Duke og Joe Sample. Etter ein jobb nær Rio De Janeiro drog Miller med bandet til eit studio for å spele inn «We Were There», før «I Still Believe I Hear» (Je Crois Entendre Encore) er eit musikalsk eit høgdepunkt på meir enn måte.

– Kva meiner du med å spele ein av verdas mest kjende songar frå operaen «Perlefiskarane» av George Bizet?

– Eg samarbeida med ein tenorsongar om å lage eit album med opera blanda med jazz. Ben Hong er cellist, suksessen var stor og komposisjonen til musikken til Bizet har hengt ved meg sidan eg høyrde han første gongen.

Det slår intervjuaren at det musikalske arrangementet til elbassens konge og den musikalske arvingen etter Miles, ikkje hadde gått heilt heim.

– Eg har gjort det med respekt. Far min spelte også klassisk musikk, med Mozart og Haydn som favorittar, seier Miller.

Bodskapen

– Held du talar når du er på turne?

– Eg har meir enn nok med alle konsertane, men med det ærendet eg er i for UNESCO, hender det at eg minner om vår tids slaveri, og at eg dedikerer det eg gjer som musikar til arbeidet for å avskaffe slaveriet.

– Når kom du i kontakt med Miles Davis?

– I 1981. Miles Davis som hadde hatt eit lengre fråver frå musikken, hadde høyrt om meg og spurd om kven eg var. Og eg fekk ein telefon. «Vi skal ha ein konsert om to timar, kan du bli med?» Eg sa ja, og det var ikkje mange instruksar å få før vi sette i gong.

Fem år etter skreiv Marcus Miller det meste av musikken til Miles Davis’ legendariske albumet «Tutu». Det minner sterkt om då Miles Davis i 1969 høyrde Dave Holland i London, og det kort tid etter kom ein telefon frå USA med beskjed frå Miles om å ta første fly over. Dei gjekk på scena og byrja å spele utan at det vart sagt noko, og Holland vart bassisten på «Bitches Brew».

– Kva vil du seie om stoda til jazzen i dag i USA?

– Eg har merka ein ny energi blant ungdomen, og ein større lidenskap i musikken. Og vi har fått eit nytt stort namn med saksofonisten Kamasi Washington. Han er ein hip type, og er ikkje redd for å vise det. Det same gjeld Alex Han, altsaksofonisten i bandet mitt som spelar i kveld.

Tilfellet vil at herr Washington prydar framsida til haustens program på den Nasjonale Jazzscena i Oslo, med konsert 24. november. På Marcus Millers «Afrodeezia Tour»-konsert på Cosmopolite i Oslo i kveld, spelar han med Adam Agati (gitar), Brett Williams (keyboards), Alex Bailey (trommer), Mino Cinelu (perkusjon), Alex Han (saksofon) og Marquis Hill (trompet).

Mer fra Dagsavisen