Nye takter

Samtida i norsk jazz

- Vi er gode fordi vi likar å spele saman, sa musikarane etter den første Moskus-plata, og dei likar det framleis.

Moskus
«Mestertyven»
Hubro (Musikk­operatørene)

Erik Halvorsen Trio
«Under- grunnane»
Norcd (Musikk­operatørene)

Baker Hansen - Chet på norsk
«Ei som deg»
Norcd (Musikk­operatørene)

Googlar du på «moskus», konkurrerer bandet med siste nytt om ein truga dyreart, men står seg godt. Namnet på bandet gav seg sjølv då bassisten Fredrik Luhr Dietrichson kom att frå ein tur i Dovrefjell, etter å ha møtt ein flokk moskus i skisporet i mørkret. Etter strålande meldingar vart debutalbumet «Salmesykkel» nominert til to Spellemannprisar - beste jazzplate og besten nykomar - og ei herverande avis kalla det «Årets nominasjon», av eit til då ukjent slag i musikkverda. Når eg sjølv kalla plata og bandet «Framtida i norsk jazz», var grunnen at bandet med pianisten Anja Lauvdal som førstedame, så utan frykt og på tvers av stilart-trøya, skaper både vakker og ikkje så «vakker» musikk, med dristig handsaming av instrumenta, i eit format (piano bass trommer) med tradisjonar. Med tittelen «Salmesykkel» var det også heider og ære for dei hippe instrumenta harmonium, trøorgel og pumpeorgel.

Med omsyn til instrumenta, har bandet med oppfølgjaren «Mestertyven» erstatta klangen til flygelet med å byte instrumentet med eit streit piano under innspelinga i Risør kyrkje, for å gje musikken eit meir «heimekoseleg» uttrykk. Pianisten syng innimellom også med si eiga stemme, Hulbækmo romsterer friskt med trommene, bassisten er på plass, og det er sånne enkle låtar som «Tandem med sankt Peter» som kan få håret til å reise seg på ein. Det opnar med «Fjesing» og sluttar med «Gammel-Eirik», og eg kjem på at Lauvdal dessutan er leiar for det store bandet «Skadedyr». Googlar du det ordet, er det inga grense for råd om måtar å utrydde utyet på. Men prøv dykk aldri på ein moskus.

Chet på norsk

For to år sidan song Annjo Greenall sine eigne omsetjingar av kjende Bille Holiday-songar til nynorsk på det stilige albumet «Eg vandrar langs kaiane». Med «Blåmann Blåmann» gjorde Jan Erik Vold det ultimate stuntet med sjølvaste Chet Baker, nett før meisteren døydde. Ingen går Baker i næringa når det gjeld å syngje songane som han gjorde til sine. Men det dukkar opp eit band som kallar seg «Baker Hansen - Chet på norsk», med vokalisten og attdiktaren Sigurd Rotvik Tunestveit som gjer det med stor suffisanse med plata «Ei som deg». Der han syng klassikarar som «Look For the Silver Lining» («Sjå etter lyse renda») og sju andre, på klingande nynorsk. Attpåtil med ei røyst som i leten ikkje er ulik den karakteristiske røysta til Baker. Det gjeld også måten å syngje scatsong på.

Men Tunestveit står på eigne bein, i bandet der Thomas Husmo Litleskare spelar trompet, Kjetil Jerve piano, Stian Andreas Andersen bass og Tore Flatjord trommer. Alt gjort med respekt og utan å strekkje fellen lenger enn han rekk. Ein garantert scenesuksess er det, med «E bli så lett forelska». «Gong etter gong», «Om du drog frå meg», gjett kva låtar det er. Ei innvending er at dei gode tekstane burde følgt med CD-heftet, men dei vil vonleg bli lagt ut på nett.

Jazz-undegrunn

Har du ikkje høyrt om Grunnane, så vit at det er ei adresse sør for Bergen der Erik Halvorsen bur, spelar piano og leier sin eigen trio. Herav også album-tittelen «Undergrunnane», som er det andre albumet etter debuten «Erik Halvorsen Trio» i 2007. Eit originalt album har det vorte med ein trio av meritterte musikarar. Det gjeld også brørne Ivar og Magne Thormodsæter på trommer og bass, der sistnemnde har Vossajazz-prisen frå 2004 i revirsamlinga. Og musikken? Pianisten og komponisten kallar han «undergrunns», i tydinga tøyeleg i alle retningar med jazzen som ramme, men med eit meir rocka og eit heimestrikka preg som dei kallar det motsette av ECM. Inspirasjonen har Halvorsen henta frå mange kjelder, og det speglar seg att i eit annleis album, med eit originalt toneval for framifrå musikarar. Undergrunns, men ikkje utan grunn.

God påske til alle.

Nokon med eit hjarte?

Berre tittelen - «Anyone with a Heart» (Act/MusikkLosen) - og det er den finske pianisten Iiro Rantala som står bak. Denne gongen med Iiro Rantala String Trio, ein strengetrio med han sjølv på flygelet, Adam Baldych på fiolin og Asha Valcic på cello, og med musikk han har skrive sjølv.

På ACT Music kjenner vi pianisten Rantala, ein gong i den utagerande Trio Töykeät, frå «My History Of Jazz», ein lovsong til det å vere musikar i det heile, i kvintett med bassist Lars Danielsson, Morten Lund på trommer og den same Baldych på fiolin. På «Lost Heroes» (som han fekk den tyske jazzkritikarprisen for) heidra han heltane sine solo på piano. Til ACT-katalogen høyrer også «Jazz At Berlin Philharmonic», no er det hjarterom det gjeld, i eit vakkert samspel med strykarane i trioen. Det er eit sjeldan «jazztrio»-format, men Rantala visste tydeleg kven han skulle gå til med sin eigen musikk, og med «Somewhere over The Rainbow» frå den store songboka han elskar mest.

Pelt ser framover

«Face Forward, Jeremy» (HighNote/MusikkLosen) er trompetisten Jeremy Pelt (38) sin eigen beskjed til seg sjølv på hans trettande album sidan 2002. Ein trompetist i tradisjonen til Lee Morgan og Freddie Hubbard vert han kalla, her også med vokale innslag i ein kvintett med diverse gjester på vegen. Ein merittert ung musikar som har skrive det meste sjølv, og beskjeden er klar: Framåt, Jeremy.

Mer fra Dagsavisen