Nye takter

Kenny Wheelers standard

Han lever enno, og med «Six for Six» innspelt då han var 78, toppar han ein sterk plateserie.

Kenny Wheeler
«Six for Six»
CamJazz
(MusikkLosen)

Jan Lundgren Trio
«Flowers Of Sendai»
Bee Jazz
(Naxos Norge)

Sakata/Lonberg-Holm/Gutvik/Nilssen Love
«The Cliff Of Time»
PNL Records

På merket CamJazz er også pianisten John Taylor, som både i gruppa Azimuth (med Norma Winstone) og elles har vore Wheelers nære medarbeidar, og som spelar ei viktig rolle på det sterke albumet «Six for Six». Med ein tittel som spring ut av at det er Wheelers første sekstett sidan han i 1980 spelte inn «Around 6». Stan Sulzmann og Bobby Wellins spelar saksofon, Chris Laurence bass og Martin France trommer, på eit album der bestefar struttar av vitalitet i eit tett og pågåande samspel med resten av bandet. Fødd i 1930 i Canada, og busett i UK sidan femtitalet, er han britisk og europeisk jazz’ grand old man, med musikk som stadig blir spelt av andre. Han kom tidleg med i eit miljø av frie improvisatorar då han spelte med trommeslagaren John Stevens. Frå 1975 var han i ECM-stallen til 1999, og sist vi skreiv om han her, var i fjor då han samarbeida med Norma Winstone (som også syng i vokalgruppa Vocal Summit), og det britiske koret London Vocal Project på det storslåtte albumet «Mirrors». I 2012 kom den sterke storbandplata «The Long Waiting», og det høyrer med at han i 1968 platedebuterte med «Windmill Tilter» med orkesteret til John Dankworth, ein nær jamgamal nestor i britisk jazz som døydde 1927, 82 år gammal.

Jazz også på svenska

Jan Lundgren høyrer til ein tradisjon svenske pianistar som ikkje går i fotefara til Jan Johansson, men som lik pianistar som Bengt Hallberg, bassisten Georg Riedel, saksofonisten Arne Domnerus, gitaristen Rune Gustafsson, trompetisten Jan Allan og mange i den krinsen har ei eiga evne til å setje lydaren i godlag. Samstundes som han i 1997 braut gjennom med albumet «Swedish Jazz», med den same trioen som på det nye albumet «Flowers Of Sendai». I trioen spelar Matias Svensson bass og Zoltan Csösz jr trommer. Perlene sit laust, slik dei ofte gjer i dette laget av musikarar som sidan verket «Adventures in Jazz And Folklore» på sekstitalet gjorde svensk jazz til eit omgrep. Fødd i 1966 har Jan Lundgren spelt inn over førti album i eige namn, han har spelt med heile lista av svenske jazzmusikarar, og undrar du deg over namnet Sendai, så er det ein stor by i Japan som har initiert eit album med songar av han sjølv, Georg Riedel, Richard Galliano, Paolo Fresu («Fellini»), og Mattias Svensson som med «Mulgrew» minnest den avdøde pianisten med etternamn Miller. Billy Strayhorns «Lush Life» høyrer med, før Jan Lundgren rundar stilsikkert av med sin eigen «Man In The Fog». Han har sjølv starta Ystad Sweden Jazz Festival, som har suksess i byen til Kurt Wallander.

Japan-Norge

Fotball-VM nærmar seg finalen, Japan var tidleg ute, Norge kom aldri inn, og no er det bare Argentina og Tyskland det står om. Det påverkar ikkje det musikalske samkvemmet mellom norsk og japansk frijazz, som blomstrar på eit nytt album frå stall Paal Nilssen-love. Trommeslagaren med kloden som arbeidsplass er også ei eldsjel bak All Ears og Blow Out-festivalane, og det var under den japanske saksofonisten Akira Sakatas visitt der i fjor, det vart arrangert ein ekstra konsert med tilhøyrande plateopptak. Tittel «The Cliff Of Time», med gitarist Ketil Gutvik, cellist og elektronikar Fred-Lonberg Holm, og Nilssen-Love sjølv som snøgt brukar å sveitte våt ei skjorte bak trommene. Gutvik er den nye i dette bandet. Han har lang fartstid i norsk impromusikk, og som med Gutvik Ukentlig også byens minste klubb - ein nøkkelperson i hovudstadens impromusikk. «The Women in the Dunes», «The Dancing Girl of Izu», «Face of Another» og «When a Woman Ascends the Stairs» er namnet på låtane, dei held koken uansett VM.

Horace Silver

Jazzpianisten Horace Silver som døydde 85 år gamal 18. juni, kan det skrivast ei bok om. Som komponist, pianist og bandleiar er han også den personifiserte Blue Note-musikaren, som saman med Art Blakey var opphavet til The Jazz Messengers. Ei av dei vakraste platene hans er «Song for My Father», til ære for faren som lærde han folkemusikk frå Kapp Verde. På albumet «Love and Peace» heidra Dee De Bridgewater han med tretten av songane hans. «Nicas Dreams», «Sister Sadie», «The Preacher» er klassikarar frå komponisten som på femtitalet saman med Art Blakey gav ut dei legendariske «A Night At Birdland»-innspelingane med Clifford Brown (trompet), Curley Russel (bass) og Lou Donaldson (saksofon). På femtitalet spela han også med Miles Davis, men den første plata var med Stan Getz, etterpå med Coleman Hawkins og Lester Young. Han gav ut over tjue plater på Blue Note, og var med på tallause andre, seks av dei med saksofonisten Hank Mobley. Med eit stilreint og melodiøst pianospel sette han farge på musikken, ikkje så ofte åleine, men i band og på plater som gav merket Blue Note ein høg standard.

Live på Montmartre

I mai 2010 vart den legendariske jazzklubben Montmartre opna att i København, og «Live at Montmartre» (Storyville/MusikkLosen) innspelt då, er med bassist Eddie Gomez og pianisten Carsten Dahl. Som raud russ var eg sjølv på klubben i Store Regnegade i 1962, i 1976 vart han stengt. Når Eddie Gomez som spelte med Bill Evans møter Carsten Dahl, er det så som så med lyden. Gamle standardlåtar er det ein kan vente frå eit slikt møte, som eit nostalgisk minne.

Mer fra Dagsavisen