Live Maria Roggen og Helge Lien, to sjeler og ein tanke på eit makelaust album dei kan erobre verda med.

Årets beste!

Live Maria Roggen og Helge Liens nye duo-album «You», er det beste i meir enn ein klasse.


For fem år sidan gav duoen med namnet LiveLien ut ei plate med nyskapte versjonar av norske klassikarar, musikk til dikt av lyrikarar som Bjerke og Børli, og med gjendiktingar frå andre språk. Kjemien mellom dei to var der frå første låt, og med albumet «You» får vi denne gongen norske og nordiske låtskrivarar i engelsk språkdrakt. Eit unnatak er Elin Rosselands «Elegi» med den norske teksten hennar sungen av Roggen. Elles har dei med dødsforakt teke for seg Morten Abel, den unge Bendik Hofseth, Jon Eberson, Sidsel Endresen, Roger Andreassen, for ikkje å snakke om Tron Graffs Pussycat-låt «Just A Little Teardrop», med fleire. Alt i ei herleg blanding  dristige arrangement, og det er nesten som ei åtvaring når Lien opnar med ein tung mørk pianotone i «Cries Like A Baby». Her finst det ikkje dødpunkt, LiveLien tok den nasjonale jazzscene i Oslo storm på lanseringskonserten.

Platetittelen «You» (Ozella/Musikklosen) er etter Arnt Håkon Ånesens låt av same namn. Om ein kan snakke om to sjeler og ein tanke, er det om denne makelause duoen, som har lagt lista for årets album høgt.

Reise med stil

Torstein Ekspress er ikkje eit reisebyrå, men ein platedebut med albumet «Reiseliv» (Just For The Record/Musikkoperatørene).   Trompetist Torstein Lavik Larsen har skrive spennande låtar for eit akustisk laid back jazzband, med Hanna Paulsberg på saksofon, Fredrik Luhr Dietrichson på bass, og Hans Hulbækmo på trommer. Musikarar som kjenner kvarandre frå ulike konstellasjonar lagar spennande nye, her med ein stor papirbåt å navigere etter. Symbolikken bak vekkjer til ettertanke og arrangementa stilige, frå eit band å rekne med. 

Mads Hedbergs plass

«True Temperament» (Ghost Town/Musikkoperatørene) heiter bandet frå gitaristen Mats Hedberg, som frå år i utlegd i Italia no let seg lansere på våre kantar. På akustisk og elektrisk gitar mest med eigne låtar.