Debatt

Nei til utvida amerikansk militarisering av Rygge

Kva meiner politikarane i Moss og kommunane rundt om dette? Kva meiner Viken fylkeskommune?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

16. april la regjeringa fram ein tilleggsavtale til utvida militært samarbeid med USA. Den medfører at Rygge flyplass skal bli eit såkalla «omforent område» der amerikanarane får rett til å bygge eigne installasjonar og infrastruktur. Avtalen regulerer i tillegg inn- og utreisereglar, jurisdiksjon og skatte- og avgiftsfritak for amerikanske mannskap.

For å bli uhyggeleg konkret kan eit slikt amerikansk militært område bli eit viktig bombemål.

—  Magne Aasbrenn

USA flyg alt jagarfly frå Rygge. I den amerikanske kongressens 2018-budsjett stod Rygge flystasjon oppført med 10,3 millionar dollar. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) hevdar at den nye avtalen held den politiske linja som seier at vi ikkje skal ha amerikanske basar eller atomvåpen på norsk jord. Likevel blir Rygge i praksis ein amerikansk base når USA kan bruke flystripene og bygge der med svært lite norsk innsyn. Amerikanarane skal få «utøve politimyndighet» på desse områda.

Eg etterlyser reaksjon frå lokale, politiske styresmakter på dette avtale-forslaget. Kva meiner politikarane i Moss og kommunane rundt om dette? Kva meiner Viken fylkeskommune? Dei har vel ikkje formell rett til å blande seg i forsvarspolitikk, men her må likevel ein protest vere på sin plass. Saka skal bli lagt fram for Stortinget denne hausten, og avtalen kan ennå stoppast. Stortingskandidatane frå Østfold bør tvingast til å tone flagg og melde ifrå om dei støttar tilleggsavtalen eller ikkje.

For å bli uhyggeleg konkret kan eit slikt amerikansk militært område bli eit viktig bombemål i første runde av ein krig mellom NATO og Russland, med svært alvorlege følger for Østfold. På kortare sikt bidrar auka basebygging til auka spenning og konflikt i Nord-Europa, der avspenning må vere eit prioritert mål.

Mer fra: Debatt