Debatt

Barn skal ikkje vekse opp i fattigdom

Å redusere skilnadar og førebyggje fattigdom er eit prioritert område for regjeringa.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I eit debattinnlegg den 7. november spurde Thale Skybak i Redd Barna om kva eg gjer for dei fattige familiane. Svaret er at eg har sett i gang fleire tiltak – men det er framleis ein veg å gå.

Å redusere skilnadar og førebyggje fattigdom er eit prioritert område for regjeringa. I Hurdalsplattforma slår vi fast at fattigdom skal reduserast, særleg den som gjeld barnefamiliar. Det er viktig både for barna og familiane, og for samfunnet. Dette arbeidet starta allereie for to år sidan, då vi tiltredde.

For å kunne nå desse måla må vi prioritere den innsatsen som verkar best. Vi har prioritert dei universelle velferdsordningane for å nå ut til alle barnefamiliar. Vi har gjennomført ein meir omfordelande skattepolitikk, som gjer meir til dei som har minst frå før.

Skybak seier at det ikkje har vore politisk vilje til å prioritere barnetrygda. Det kan eg vere einig i, men ikkje medan vi har vore i regjering. Som Skybak peikar på, er barnetrygda auka dei to siste åra. Styrkinga har vore på i underkant av tre milliardar kroner.

Regjeringa har òg styrkt tenestetilbodet for barn og unge ved å prioritere rimelegare barnehage, gratis deltidsplass i SFO og auka studiestøtta. I forslaget til statsbudsjettet neste år føreslår vi eit ytterlegare og kraftig kutt i barnehageprisane.

Vi har også løyvd meir pengar til rimelegare eller gratis aktivitetstilbod gjennom ordninga «Tilskot til å inkludere barn og unge». Den er styrka med 181 millionar kronar. I tillegg føreslår vi ei betydeleg styrking av områdesatsingane.

Skybak seier at det ikkje har vore politisk vilje til å prioritere barnetrygda. Det kan eg vere einig i, men ikkje medan vi har vore i regjering.

Samstundes har vi forstått at vi treng å prioritere verksame tiltak. Regjeringa sette difor ned ei ekspertgruppe som har vurdert kva for tiltak som har best effekt og korleis den offentlege innsatsen bør prioriterast for å sikre barns levekår og hindre at fattigdom går i arv.

Ekspertgruppa har to hovudtilrådingar – å auke barnetrygda og å gjere barnehagen meir tilgjengeleg for alle. Eg meiner regjeringa her får full støtte til betydninga av universelle ordningar for barn og unge, noko som er i tråd med politikken til regjeringa og som ligg til grunn i Hurdalsplattforma.

Rapporten frå ekspertutvalet er eit viktig kunnskapsgrunnlag i det vidare arbeidet med å redusere forskjellar i levekår. Rapporten er no sendt på offentleg høyring. Innspela vil vere viktige når regjeringa skal leggje fram ei ny stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet blant barn og unge. Her samarbeider fleire departement på tvers for å betre levekåra til barn og unge. Det vil vere eit viktig arbeid for å få barn ut av fattigdom.

I høyringa vil nok eit av tiltaka i rapporten, som Skybak peikar på, bli diskutert. Det handlar om å skattleggje barnetrygda, for å finansiere auka barnetrygd til dei som tener minst.

Det er ein interessant og viktig debatt eg ser fram til. Det vil i tilfelle bety å innføre eit nytt formål for barnetrygda, nemleg å bruke den til fordeling mellom barnefamiliar. I dag fungerer barnetrygda godt som tiltak for utjamning mellom barnefamiliar og andre grupper utan barn.

Så når Skybak spør meg kva eg gjer, så er mitt svar følgjande: Eg vil fortsetje det arbeidet vi har starta, og høyre på innspela og tilbakemeldingane som kjem i høyringa.

Barn skal ikkje vekse opp i fattigdom – det oppnår vi kun ved gode og gjennomtenkte tiltak.


Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt