Nye takter

Møster-seglas 
mot jordas indre

Med «Inner Earth» er musikken til prosjektet Møster! ein sakteflytande lava-seglas mot jordas indre.

Møster!
«Inner Earth»
Hubro Musikk-operatørene

Mark Turner Quartet
«Lathe Of Heaven»
WCM (Musikkoperatørene)

Jacob Karlzon 3
«Shine»
Musikk- operatørene

Slik lanserer utgjevaren det andre albumet med prosjektet Møster!, som med live-albumet «Edvard Lygre Møster» debuterte til ære for den førstefødde sonen. Albumet sende Møster høgt opp på listene til New York City Jazz Record. Men kva har vi no i jordas indre å gjere i lag med Møster, Hans Magnus «Snah» Ryan, Nikolai Hængsle Eilertsen og Kenneth Kapstad?

Han er ikkje lett å artsbestemme. På Oslo Jazzfestival i år stod Kjetil Møster fram på ein konsert der både Charles Lloyd, Ornette Coleman og andre sveva i bakgrunnen, i eit klassisk akustisk format med piano, bass og trommer. I Molde var han sjølvskriven i det nye jazzbandet Reflections In Cosmo med Thomas Strønen, Ståle Storløkken og Hans Magnus «Snah» Ryan. Etter ein festival på turné med endå fleire artistar og band slepper han sitt andre album med prosjektet Møster!, som opphavleg vart til i samband med eit bestillingsverk til Kongsberg Jazzfestival. Med studialbumet «Inner Earth» tek musikken ei ny retning, men same kva band han spelar i, har han ein saksofontone i botnen som lik ingen andre fører tankane til Coltrane. No har bandet teke steget over i progrock-leiren, seier meisteren sjølv, og med titlar som «Central Sunrise», «Magna Movement», «Mount Vesuvio» og «Underworld Risk» vert musikken skildra som ein søkjande, psykedelisk og sakte flytande lava-seglas mot jordas indre. Det er ingen dårleg metafor, så kvifor ikkje ha seriehelt og ingeniør Knut Berg med på ferda også?

Lathe of heaven

«Lathe of Heaven» er ECM-debuten som leiar for Mark Turner, ein spennande amerikansk saksofonist som vi for ei veke sidan møtte i bandet til den hyperaktive italienske pianisten Stefano Bollani. Vi kjenner Turner frå trioen Fly med Larry Grenadier og Jeff Ballard, og frå bandet til Billy Hart. Med Avishai Cohen på trompet, Joe Martin på bass og Marcus Gilmore på trommer leier han eit band utan «akkord-instrument». Musikken er full av referansar, tittelen er etter ein science fiction-roman av Ursula K. Le Guins, les eg utan å bli klok på kva «Lathe Of Heaven» betyr. Men vi slår oss til ro på planeten Jorda for å nyte vakre, gjerne kunstferdige, originale låtar i gode arrangement. «Year Of The Rabbit» er omtalt som ein allegori til Fly-albumet «Year Of The Snake», og med «Ethans Line» kan Turner ha hatt pianisten Ethan Iverson frå Billy Harts kvartett i tankane. «The Edenist» er etter ein sci-fi-novelle, men for deg og meg er det uansett musikken som avgjer. Sidan eg første gong høyrde den stillferdige Turner i Norge, har han gjort eit sympatisk inntrykk. «Lathe Of Heaven» vil gjere deg godt uansett himmel. Meir kan du ikkje forlange.

Get Karlzon!

Jakob Karlzon vil at musikken skal skine. Difor kallar den svenske pianisten plata til trioen Jacob Karlzon 3 «Shine», og det er ein strålande oppfølgjar til «More» som kom i 2012. Hans Andersson er bassist på begge, Robert Mehmet Ikiz har teke over trommene etter Jonas Holgersson, og det er eit gjennomført groovy album du garanterte vil like. Med Karlzons flanerande pianospel kvilande på det rytmiske teppet til trommeslagar Ikiz, som også er motoren i Nils Landgrens Funk Unit, og bassisten Andersson. Vita fortel om over 100 konsertar dei to siste åra, og den vakre, drivande tittellåten drar deg med frå første spor. På eit album der Karlzon, som kallar seg instrumental låtskrivar, på ein song nær - ein sitrande versjon av U2s «I Still Haven’t Found What I’m Looking For» - har skrive all musikken. Karlzon som også er pianisten til Viktoria Tolstoy seier: «Jazztradisjonen var aldri min grunn til å spele improvisert musikk. Det som trigga meg var mogleiken til å kommunisere med andre gjennom å bruke det veldig breie spekteret. Og det er av største viktigheit for meg å gjere det utan fordomar, både som musikar og menneske».

Med det høver det å avslutte albumet med låten «A Thousand Conclusions».

Musikkens sjel

Om musikken ikkje har sjel, er han ingenting, står det på omslaget til Lars Danielssons «Liberetto II» (ACT/MusikkLosen), oppfølgjaren til «Liberetto», der Arve Henriksen var norsk gjest. Her spelar Mathias Eick, som opnar det nye albumet med «Grace», på albumet til ein musikar som med det store verket «Libera Me», med «Pasodoble», «Tarantella», «Melange Bleu» med fleire, har utvikla sin eigen «third stream» mellom jazz og klassisk. Som sist har han med den armenske pianisten Tigran, som også denne gongen spelar sin eigen nye «Swedish Song». Han er også medkomponist til Danielsson på «View From The Apple Tree», resten av musikken har komponisten, bassisten, cellisten og pianisten Danielsson skrive sjølv. I det faste bandet spelar John Paricelli gitar og Magnus Öström (ex E.S.T.) på trommer. Medverkande elles på kvart sitt spor er Dominic Miller (gitar) Zohar Fresco (perkusjon/vokal) og Cæcilie Norby (vokal). Mathias Eick har samarbeida med Danielsson før, og er med sitt særeigne, melodiske trompetspel ein perfekt match på nok eit stilig album frå Lars Danielsson.

Harrell og Turner!

Tom Harrell leverer! Etter å ha gjort eit sterkt inntrykk på årets Moldefestival med bandet bak fjorårsplata «Colors Of A Dream» er trompetisten ute med albumet «Trip» (HighNote/MusikkLosen) og med saksofonisten Mark Turner i bandet! Dei går godt i lag, og på bass spelar Harrells faste Ugonna Okegwo, på trommer Adam Cruz. Og han slår an tonen med den groovy låten «Sunday». Det er hans trettiande album i eige namn, attåt ei lang liste som medspelar, frå ein komponist, arrangør og stilskapar som 68 år gamal framleis er ein bas i moderne amerikansk jazz.

Mer fra Dagsavisen