Nye takter

Grieg storband

Etter tre trioplater med Grieg og «Norwegian Song», har Dag S. Arnesen samla Bergen Storband til eit album til.

«Norwegian Song IV» (Odin/Musikkoperatørene) er med nye arrangement både av Grieg musikks og andre norske folketonar. I størstedelen av sitt musikalske liv har pianisten Arnesen fordjupa seg i den amerikanske jazzen, og han ville lage ein symbiose mellom det norske og det amerikanske. Resultat er eit klassisk storband-album, som opnar med ein gangar, som held fram med «Mellom bakkar og berg» og «Våren» _ til saman 9 songar i Arnesens arrangement for eit tjuetals musikarar.

«Ønsket er at eg med denne CD-en kan bidra til å ta vare på den norske songskatten, og samtidig gjere fleire merksame på Edvard Griegs musikk», seier Arnesen. Hans første musikkutdanning var klassisk, men som sentral norsk og bergensk jazzmusikar i ein mannsalder, gjorde han suksess med tre «Norwegian Songs». Ikkje minst på grunn av ein makelaust vakker versjon av Griegs «Ved Rondane». Før med trio, no med eit tjuetals storband, har han laga ei plate klar for hitlistene denne våren.

Assosiert med vatn!

Musikarane er Christian Balvig (piano), Adrian Christensen (bass) og Fredrik Bülow (trommer). Bandet heiter Balvig/Bülov/Christensen, og bandet «Associated with Water» (AMP Music/Musikkoperatørene) og formatet trio har fått eit nytt spennande tilskot som fekk meg til å bråvakne denne morgonen. Trio er så mangt, her med tre musikarar som gir opp både klassisk og jazz som referansar, med komposisjonar som er like enkle som dei er distinkte og vakre. Han set deg i godlag frå ei trommebassert opning som flyt over i store og små perler. Og du blir like nyfiken på kva som kjem rundt neste sving. Vitsen er finne øyar av musikalske idear står det. Eg er med!

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Monteverdi og jazz!

«Monteverdi In the Spirit of jazz» (ACT Music/Musikkoperatørene) er eit stort album med kor, musikarane Paolo Fresi, Richard Galiano, Jan Lundgren, Lars Danielsson, og fleire i ACT-stallen som hyller Claudio Monteverdi.

Mer fra Dagsavisen