Nye takter

Øiseths horn

På flygelhorn, trompet og bukkehorn viser Hildegunn Øiseth sitt format på nok eit sterkt album.

«Time Is Coming» (Losen/Musikklosen) er det fjerde frå ein musikar som før debuten «Hildring» hadde ein større karriere utanlands enn i Noreg. Etter ni år i Bohuslän Storband hadde ho Sør-Afrika som base i to år og starta eit band der. Sidan har ho turnert både Noreg og verda, og opnar det nye albumet på flygelhorn med Frode Fjellheims «Hildegunn vuelie», der «vuelie» er eit ord for joik. Med Espen Berg på piano, Mats Eilertsen på bass og Per Oddvar Johansen på trommer har Øiseth henta musikarar frå øvste hylle i norsk jazz. Alle er også låtskrivarar, og Øiseths tittelsong «Time Is Coming» på bukkehorn opnar med ein enkel pianotone frå Espen Berg, før Hildegunn og bandet til Eilertsens basskomp gjer det til ein fest å høyre på. Ein forrykande «Savolainen» er signert trompetisten Øiseth, pianist Berg gjev sin eigen «Velkomst» det han fortener, og geitebukk-hornet tonar ut plata med «Families» av Per Oddvar Johansen.

Hildegunn Øiseth har vore reisande med musikk i mange land. Med «Time Is Coming» har ho gjort sitt beste album.

I tilfelle brann

«In Case Of Fire» (Yellowbird/MusikkLosen) er den danske vokalisten Trinelise Værings album med bandet Offpiste, eit band i elektro-farvatnet mellom jazz og funk. Væring har gjesta Noreg ved mange høve, ofte saman med saksofonisten Fredrik Lundin. Dei to har skrive det meste på det nye albumet. Bassist Thomas Vang er mann for mange innslag, så også perkusjonist m.m. Jeppe Gram. Og det er duka for verkeleg groovy arrangement i samklang med Trinelise Værings sterke og distinkte vokal, med tydelege meldingar til ettertanke.

I rommet mellom

Vekas bonus er «The Space Between» (Losen/MusikkLosen), signert Medbøe/Eriksen/Halle. Eit vakkert, sakte album med Skottland-utvandra Haftor Medbøe på gitar, Espen Eriksen på piano og norsk/danske Gunnar Halle på trompet er noko å ta med inn i mørketida.

Mer fra Dagsavisen