Desperate menneske hoppar frå båten som er i ferd med å gå rundt utanfor kysten av Libya sist veke. Den italienske kystvakta redda 500 migrantar, men minst sju personar drukna. 1.000 menneske har drukna nord for Libya så langt i år, ifølge IOM. FOTO: MARINA MILITARE/NTB SCANPIX

Dødens sesong har starta

Flyktningar har stranda i Hellas. Store grupper flyktningar ventar i Libya. Libya er heimsøkt av kaos og anarki. Desperate menneske druknar i Middelhavet.

Verden

 

– Europa har abdisert, og viser liten vilje til å ta ansvar, seier seniorrådgjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen til Vårt Land.

Organisasjonen meiner Europa må:

* Evne å ta i mot langt fleire kvoteflyktningar.

* Evne til å relokalisere 160.000 flyktningar som kom i fjor, alle EU-land må stille opp.

* Evne å ta i mot dei som no bur seg på å reise over Middelhavet.

* Bruke meir pengar på førebyggjande samfunnsbyggjande arbeid i særleg land sør for Sahara.

Les også: Filmet tragediene i Middelhavet

Reiseklare

Ein million flyktningar tok seg inn i Europa i fjor, og skapte mottakskriser i land etter land. For å stoppe massevandringa nordover langs Balkan-ruta, blei EU og Tyrkia i vinter samde om ein sterkt kritisert avtale:

* Flyktningane skal stoppast i Hellas - og returnerast til Tyrkia.

Desperate flyktningar og migrantar svara på den omstridde avtalen straks det blei stille sjø over Middelhavet: Dei som har samla seg i Libya byrja å gå ombord i stadig dårlegare båtar for å ta seg til Italia.

I Libya

EUs utanrikssjef, italienske Federica Mogherini, opplyser at minst 500.000 flyktningar og migrantar ventar i Libya. EUs grensevaktorgan, Frontex, opererer med liknande tal. Blant dei ventande er det store grupper med særleg unge menn frå land sør for Sahara.

– Vi veit at dei største gruppene som i fjor kom til Europa via Balkan, syrarar, irakarar og afghanarar, no leitar etter nye ruter. Vi høyrer at syrarar i Tyrkia har byrja å fly til Sudans hovudstad Khartoum for så å ta seg vidare nordover til Libya langs landevegen, fortel Nesse.

Sist veke skaut talet på båtreisande over Middelhavet i veret. Resultat: Nesten 15.000 menneske blei plukka opp i eit tital redningsaksjonar. Berre på torsdagen blei heile 4.000 migrantar og flyktningar redda i Middelhavet. Til samanlikning blei berre 1.641 plukka opp veka før.

FNs høgkommissær for flyktningars representant i Italia, Barbara Molinario, opplyser at stille sjø fekk menneskesmuglarar i Libya til å setje ekstra mange båtar på havet.

Grunna godt ver over den midtre ruta i Middelhavet er det venta ekstra mange båtar i dei komande vekene.

– Mykje er usikkert om kvar og når. Men vi veit at mange vurderer å dra – og ønskjer å dra over havet, seier Nesse.

Hittil i år har det kome 195.000 over Middelhavet. Nesten 40.000 av desse har kome til Italia frå Libya.

Les også: Endrer ikke rute

Druknar

I det EU-landa vona at flyktningkrisa hadde segla inn i rolegare farvatn, kjem meldingane om uroar:

* Dårlege og overlessa flyktningbåtar kantrar og folk druknar.

* IOM har registrert at nesten 1.500 menneske har mista livet hittil i år, under forsøk på å krysse Middelhavet. 1.000 har drukna nord for Libya.

* Berre førre veka mista 700 livet i tre forlis, melder UNHCR.

Anarki

I Libya, landet mange reiser utfrå, er der få lyspunkt. Sidan NATO og Norge bomba Muammar Gaddafi vekk frå makta - og til folkegalgen - i 2011, har det nordafrikanske landet vore herja av kaos og anarki.

Landet med tre regjeringar, der FN og verdssamfunnet støttar den ferskaste, evnar ikkje å vere herre over eigen kyst. Difor kontrollerer menneskesmuglarar kyststrekningar og hamner for utskiping av desperate flyktningar som vil betale seg til Italia.

For å stoppe smuglartrafikken til Italia, har den internasjonalt støtta regjeringa i Libya bede EU hjelpe til med opplæring av landets marine og kystvakt – noko EU er villig til. Samstundes sender EU-land krigsskip til kysten utanfor Libya.

Avtale

Tysklands mektige regjeringssjef Angela Merkel snakkar om at EU bør få ein avtale med Libya lik den ein har med Tyrkia: Libya, som har fått ei regjering, kan få pengar for å handtere store mengder flyktningar og migrantar - og ein kan sende dei som kjem til Europa tilbake til Libya.

Forslaga provoserer menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW):

– Ingen fortener å bli returnerte til Libya, eller oppleve å strande i Libya, seier Judith Sunderland, visedirektør for Europa, i ei kunngjering.

HRW har inspisert interneringsleirar Libyas innanriksdepartement driv i landet. Rapportar fortel om tortur, overgrep, overfylte leirar og elendige tilhøve.

Stranda

Medan migrantar, for det meste unge menn frå land sør for Sahara, og særleg Vest-Afrika, og flyktningar søkjer mot Libya for å finne ein ledig båtplass, har ei anna stor gruppe menneske stranda i Hellas.

Greske styresmakter opplyser at landet har store utfordringar med å handtere vel 50.000 migrantar og flyktningar som kom til Hellas i tida etter at EU-Tyrkia-avtalen blei signert.

– Sist veke byrja greske styresmakter å flytte ei stor gruppe frå grensa mot Makedonia, men dei gjer ikkje anna enn å flytte dei til ein annan stad, seier Pål Nesse i Flyktninghjelpen, og understrekar at liva til dei som har stranda i Hellas ikkje blir nemneverdig betre. (Vårt Land)

Les også: Flyktningtragedien i bilder