Debatt

Vi må gjere meir saman

KRONIKK: Ifølgje SSB lever 6588 barn i fattigdom i Rogaland. Berre i Stavanger kommune gjeld det 1765 barn. Slik kan vi ikkje ha det.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, 8.-kandidat til stortingsvalet, Rogaland KrF, Bystyrepolitikar for Stavanger KrF

Det er berre to dagar att til konfirmasjonen. Midt i dei travle dagane før konfirmasjonsdagen tikkar det inn ei tekstmelding frå ei veninne. Der står det: «Dette er ei kronerulling for ein familie vi kjenner til. Dei har konfirmant, men har ikkje råd til å invitere til fest. Kan du hjelpe?» Ein familie i vår by opplever dette, og det slår meg at dette nok ikkje er den einaste familien. I løpet av to dagar klarte ein å samle inn nok pengar og lage ein flott fest. Heldigvis.

Fattigdom er underkommunisert i landet vårt; det blir snakka for lite om. Det er tabu. Fattigdom er framleis i 2017 eit stort problem i Noreg, først og fremst for dei som opplever det. Det er ingen som treng å svelte her i dag, men det er mange som på grunn av trang økonomi opplever at dei står utanfor, at dei ikkje kan melde sine barn på fritidsaktivitetar eller arrangere bursdagsselskap. At dei ikkje kan arrangere konfirmasjonsfest. Vi kan ikkje akseptere at barn og unge opplever å vokse opp i fattigdom.

KrF har på Stortinget invitert til ein tverrpolitisk dugnad mot fattigdom. Ja, for det handlar om å stå saman. Eg registrere at det pågår en debatt i media om kva parti gjør mest for å kjempe mot fattigdom. Det gleder mitt sosialarbeider-hjarte at Ap og Høyre kranglar om kven som bryr seg mest om fattigdom, noko som er og har vore ei hjartesak for KrF i lang tid.

Den kjende sosiologen Robert Putnam skriv i boka «Our kids» at ulikskap i seg sjølv er eit problem, også når alle får det betre. Skal rike og fattige barn konkurrere om dei same jobbane, kan eit aukande skille imellom dei vere eit problem i seg sjølv. For det andre stadfestar han at det er en sammenheng mellom ulikskap i resultater og ulikskap i moglegheiter. Er foreldrene dine fattige, har du ikkje same moglegheit som når foreldrene dine er rike, uansett kor hardt du jobbar. Då er prosjekta HOLF (Heilheitleg oppfølging av lavinntektsfamiliar) og Eg vil lære (fokus på barns potensiale og foreldrerettleiing) som Stavanger kommune har sett i verk viktige prosjekt. Vi jobbar på ulike felt for å forebygge utanforskap og ulikskap saman.

KrF i Stavanger har saman med fleirtalspartia satsa sterkt på skule og barnehage. Satsing på utdanning veit vi er eit av dei viktigaste områda for å førebygge vedvarande fattigdom, og å bli ein del av arbeidslivet er eit viktig tiltak mot fattigdom. Derfor vil vi skape ein god skole for alle – uansett lommebok. Alle menneske har moglegheit, og ein god skule vil bidra til at alle barn blir sett og kan realisere sitt potensial. Det legg grunnlaget for vidare utdanning og arbeid. Utan ein god skule vil fattigdom og sosiale problem bli ført vidare til neste generasjon.

Saman med dei samarbeidande partia har KrF vedteke og styrka ein eigen plan mot barnefattigdom, der ein mellom anna sikrar gratisplassar til SFO, opplevingskort og gratis fritidsaktiviteter for familiar med lav inntekt.

Kjell Ursin Smith sa det så fint for nokre år sidan: «Vi må aldri måle byen etter hvor godt de som har mest har det, men hvordan de som har det vanskeligst har det. De bør ha det bedre her enn andre steder.»

Folk er ikkje fattige fordi dei er dumme eller late. Den siste levekårsundersøkelsen i Stavanger kommune er med på å beskrive kven lavinntekthusholdningane er. Grunnane er oftast at foreldra har lav utdanning, er utanfor arbeidslivet, er eineforsørgere, eller er innvandrarar frå Afrika, Asia eller Latin-Amerika. Eit anna kjenneteikn er at lavinntektsfamiliene bur trangt og at dei oftare leiger bustad. Her ligger Stavanger dårlegare an enn landsgjennomsnittet. Det har sannsynligvis samanheng med kostnadsnivået for kjøp og leie av bustad. Det er ikkje berre ein ting som er med å hindre at menneske kjem i fattigdom og blir langvarig fattige, vi må arbeide langsiktig og målretta og tenke universelt og heilheitleg. Fleire tiltak samtidig.

I Stavanger var det fram til 2010 ein nedgang i andel barn og unge som vokste opp i lavinntektsfamiliar. Denne trenden har sidan snudd, og særlig frå 2012 har det vore ei tydelig auke i barnefattigdommen. Nivået er framleis relativt lavt i Stavanger, men det er ein tendens til at barnefattigdommen aukar kraftigare i Stavanger enn i andre bykommunar, fylket og i landet.

KrF har saman med posisjonspartia i fleire år prioritert budsjettmessige prioritering på tidleg innsats. I følgje Karin Gustavsen (samfunnsforskar KoRus-Sør, sosionom og sosiolog ved Borgestadklinikken kompetansesenter) seier at ein ikkje berre må ha innsatsen overfor barnehagar, men og i ungdomsskular. Dette fordi ein også i ungdomsalder er formbare for endring.

Saman med eit samla oppvekststyre i Stavanger har KrF vedteke ei satsing nettopp på ungdomstrinnet, både med den digitale satsinga og styrking av budsjett for ungdomstrinnet.

Eg har eit brennande ønske om at alle barn skal oppleva livskvalitet i kvardagen. KrF vil leggje til rette for dette blant anna ved å tilby støtte til fritidsaktivitetar og ferietilbod for sårbare barn og familiar på landsbasis. Vi vil også styrke barnetrygda og fjerne eigenandelar ved helsetenester for personar med dårlig økonomi.

Men sjølv om det offentlege kan gjere mykje, handlar det også om at vi må bry oss om kvarandre. Det handlar om nestekjærleik, menneskeverd i sentrum. Slik som mi veninne gjorde da ho tok initiativ og sette i gang kronerullinga for familien ho kjende til.

Ein god barndom varer heile livet. Mi viktigaste drivkraft som politikar er å gjere alt eg kan for at alle barn skal oppleve ein trygg og god barndom! Det er også grunnen til at eg valde KrF som mitt parti.

Mer fra: Debatt