Valgdagen derpå

KRONIKK: Så er det over. Vi har gjort vår borgarplikt. Resultatet er klart. Heimesitjarane kan bare ha det så godt og må finne seg i at «det er dei som stemmer, som bestemmer», skriv Jarl Wåge.

Av Jarl Wåge

Valdagen derpå syg enkelte på søte karamellar. Andre slikkar salt av sviande sår. Vinnarane jublar, og taparane deppar. Poltikarar har i vekesvis stått på og gjort ein formidabel innsats for det dei trur på. No er det to år til neste gong dei skal rase land og strand rundt og late som om dei tykkjer det er stas å besøkje sjukeheimar, barnehagar og skular. Ikkje på lenge skal dei sparke ball med høghæla sko, ligge på alle fire og mate kvalar, spytte morellsteinar lengst muleg eller (gudhjelpeossalle) utføre kleine dansemoves. Så kvil deg politikar, det har du fortent. 

Dagen derpå kan det sjå ut som om ein liten Doriansk val-orkan har feia over landet. Det politiske landskapet er ikkje totalrasert, men jaggu er det enkelte som har fått eit skikkeleg opprydningsarbeid å gå i gang med.

Dei «små tullepartia», dei som lurte veljarane sine og gjekk inn i ei regjering dei lova å ikkje gå inn i, har blitt enda mindre sjølv om dei stadig insisterer på at dei får megagjennomslag for eigen politikk ved å sitte i regjering. Og sjå om ikkje partiet som lanserte tullepartiomgrepet, FrP, også har blitt redusert til eit nokså lite tulleparti. Dei som var bompengepartiet par excellence, malte seg rett og slett inn i ein ugjennomtrengeleg bomring.

Lenge prøvde mange å knekkje FrP-koden. Mellom andre tidlegare partisekretær i AP, Martin Kolberg. Det ein spurde seg, var korleis eit parti med eit slikt program kunne vere blant Noregs tre største. Ingen fann eigentleg ut av det. Butta det imot, spelte dei bare ut eit drygt innvandrarkort, sa nei til vegbommar og vips, så fekk dei ny oppslutnad.

Denne gongen har partiet som har gjort det å snu kappa etter vinden til ei kunstform, gløymt å snu kappa. Eller sagt på ein annan måte; dei tok ikkje innover seg at folk meiner alvor med klimaengasjementet sitt. Medan dei har stått på sidelinja, bua, vifta med bilde av flyktningbåt i solnedgang og insistert på at menneskeskapte klimaendringar er ei sosialistisk oppfinning, har Oslo blitt Europas Miljøhovudstad i 2019, og MDG har surfa av stad på ei grøn bølgje. Bompengar inga hindring. FrP har denne gongen rett og slett gjort som Fanden i Peer Gynt og «ikke beregnet sitt publikum».

Medan MDG og «jævla sosialistar» har utmanøvrert regjeringspartia i dei største byane, har Trygve Slagsvold Vedum og SP gjort det same i distrikta. Han har òg vist seg å vere ein eminent kappesnuar med nase for kva som er viktig for folk i meir grisgrendte strok. Antisentralisering, antipolitireform, antikommunesamanslåing og antiGrünerløkkacaffelatte har funne klangbunn frå den trongaste dal til den ytterste, nøgne ø. Difor har SP blitt Noregs tredje største parti og den største vinnaren i dette valet.

AP er ikkje vinnarar. Det har gått same vegen med dei som med dei fleste sosialdemokratiske partia i Europa; den vegen høna sparkar. Sjølv om dei framleis er det største partiet, har dei hatt store tilbakeslag. Jonas Gahr Støre er i den uheldige situasjonen at han må leie eit parti med både konservative og radikale veljarar. Då er det lett å forskreve seg, hamne i spagat og bli litt det eine og litt det andre. Og same kor langt Gahr Støre har strekt seg, har han ikkje klart å hindre at AP blør tilhengjarar både til SV, Rødt og SP.

Partia med dei kjekkaste leiarane i klassen, SV og Rødt, treng ikkje ta omsyn til radikale og konservative og kan vere tydelege når dei promoterer eigen politikk utan å vere redde for å trakke på raudblå tær. Dette er ein av grunnane til at dei har hatt suksess i årets val mens AP har blødd. Rødt kunne truleg fått enda større oppslutnad om ikkje eit fleirtal på landsmøtet gjekk inn for å ikkje fjerne «kommunisme» frå prinsipp-programmet deira. 

Statsminister Erna Solberg er heller ikkje av dei som jublar i dag. For eitt år sidan, medan ho framleis overoptimistisk surfa på ei potent høgrebylgje, sa ho at etter valet skulle annankvar nordmann bu i ein høgrestyrt kommune. Her gjorde ho rekning utan vert. Ikkje ein gong i hennar kjære Bergen har Høgre hatt suksess. Der er Bompengepartiet nesten like store.  Det kan sjå ut som om Halfdan Sivertsen sin mangeårige draum om at «vinden i fra høyre snart skal snu», har gått i oppfylling.

Det vil bli gjennomført mange meir djuptpløyande analysar enn denne av kva som gjekk galt for dei det gjekk galt for. Sjølv om dette var eit lokalval, kjem ein heilt sikkert ikkje utanom bråket og kranglinga i regjeringa som ein grunn til at regjeringspartia no kjenner bakrusen herje i kroppen. For nokre veker sidan hadde dei krisemøte om bompengar. Desse hersens kronene som i valkampen overskugga alt frå klimakrise, eldreomsorg, utdanning til kamp mot kriminalitet. Så langt gjekk det med bompengekranglinga at Solberg til slutt måtte sette foten ned og truge med «mistillit» mot eiga regjering.

MDG har i valkampen ganske så forakteleg blitt kalla vannmelon av politiske motstandarar: «Grøn utanpå og raud inni». Valdagen derpå kan det sjå ut som om mange av veljarane tykkjer det er greitt at heile Noreg er ein vannmelon.