– Umenneskelege reklamekroppar

KRONIKK: 85 prosent av unge jenter opplever kroppspress, skriver bystyremedlem i SV, Ingrid Kristine Aspli.

Av Ingrid Kristine Aspli, bystyrerepresentant for Stavanger SV. Kronikken stod først på trykk i RA 3. april 2018.

Då eg kom inn i ungdomspolitikken for 20 år sidan var kampen mot «skjønnhetstyranniet» ei av dei fyrste kampanjane eg var med på. Eg lærte då at om Barbie hadde vore levande med same kroppslege proporsjonar, så hadde ho ikkje klart å stå oppreist, og heller ikkje hatt plass til alle indre organa. No, 20 år seinare, les eg om ukrainske Valeria Lukyanova som sultar seg hardt for å bli ei levande Barbie, og som har ein million følgjarar på Facebook. Det er alarmerande. Eg grøssar over kor aktuell denne kampen framleis er.

For 20 år sidan ville eg ut i gatene og markere all  reklame som eg visste var  retusjert. Og kva er retusjering? Jo, det er når bilete av modellar endras digitalt i etterkant, til dømes ved at kroppen slankas, brysta forstørras, halsen blir forlenga, eller nasen rettas på. Dette førekjem svært ofte. Du kan vere rimeleg sikker på at den bikinikroppen som heng i busskuret er noko heilt anna enn slik den dama faktisk såg ut.

Eg lærte at dei kroppane som byr seg fram på reklameflater, dei påverkar unge menneske si oppfatning av kropp. Eg kjente på det personleg, eg hugsar at eg kjente meg meir og meir mislukka jo meir eg bladde i moteblader. Det er ein dokumentert samanheng mellom å sjå  retusjert  reklame og å kjenne på eit auka kroppspress, særleg hjå ungdom. Forskarar har funne ut at ein kjenner seg meir misnøgd med eigen kropp, etter å ha sett bilete av tynne modellar eller idealkroppar, enn om ein har sett på vanlege eller store kroppar. Dette er like aktuelt i dag.

Ønskjer å endre på utsjånaden sin

I rapporten « Retusjert  reklame og kroppspress» frå 2014, oppga 85 prosent av unge jenter og 30 prosent av unge gutar at dei opplever kroppspress, og nærmare 70 prosent av jentene meinte at  reklame hadde størst påvirkingskraft på dette presset.

I ein fersk rapport frå organisasjonen Press, kjem det fram at ungdom heilt ned i 12-årsalder ønskjer å endre på utsjånaden sin. Samanhengen mellom kroppsbilete og dårleg psykisk helse er godt dokumentert, særleg gjeld dette for jenter i tenåra. I følgje folkehelseinstituttet er spiseforstyrringar den største psykiske lidinga blant jenter mellom 13 og 25 år.

Politikarar har ansvar

Ungdom ser omtrent 5000 kommersielle bodskap, dagleg. Det er massivt. Om ein 14-åring synes kroppen sin er mislukka, ønskjer seg større puppar i konfirmasjonsgåve, og hyllar Valeria Lukyanova på Facebook, så er ikkje det eit individuelt problem. Det er eit problem på system- og samfunnsnivå.

Våre barn og ungdommar har gjennom barnekonvensjonen rett på eit levevis som fremjar god fysisk og psykisk utvikling. Vi politikarar har ansvar for å legge til rette for at ungdom får eit sunt forhold til eigen kropp og sjølvbilete, vi har eit ansvar for førekomsten av spise – og kroppsbileteforstyrringar. Kropp og sjølvbilete hjå barn og ungdom er komplekse fenomen, som dreier seg om mellom anna haldningar hjå foreldre, i venekretsen, kulturen i ulike idrettsmiljø, sosiale medier,  reklame- og motebransjen. Vi må arbeide breidt for ungdom si psykiske helse, men å ta eit oppgjer med  reklame retta mot unge menneske som dyrkar uoppnåelege kroppsideal, er ei viktig brikke i dette arbeidet.

Dei siste åra har mange tatt kampen mot kroppspress og  retusjert  reklame. I 2015 lanserte Sanitetskvinnene kampanjen «Lei av å bli lurt – krev merking av  retusjert  reklame. Kampanjen samla 26.000 underskrifter, som vart sendt helseminister Bent Høie.

Fekk ikkje fleirtal

Ungdom mot  retusjert  reklame, eit nettverk av ungdomsorganisasjonar, har i fleire år arbeida for denne saka. Ungdomsorganisasjonen Press har sidan 2011 gitt ut «Gullbarbie» – ein verstingpris som delas ut kvart år til ein aktør som har vore «best på å få ungdom til å føle seg verst».

I 2016 var temaet kroppspress oppe i Stortinget, men forslaget frå SV, KrF, Sp, og MDG om å merke  retusjert  reklame fekk diverre ikkje fleirtal. Argumenta imot var mellom anna at ein trudde dette ville ha avgrensa effekt på kroppspress blant unge menneske, samt at det ville vere vanskeleg å regulere.

Sidan har heldigvis fleire tatt grep lokalt rundt om i landet: Trondheim, Kristiansand og Tromsø har innført regulering av  retusjert  reklame. I mars i år vedtok bystyret i Oslo forbud mot  retusjert  reklame på alle kommunale reklameflater. Alle parti stemte for, med unntak av Frp. SV vil halde fram med denne kampen, både nasjonalt og lokalt.

Får vite at dette er juks

SV på Stortinget legg denne veka fram eit forslag til ein nasjonal handlingsplan mot kroppspress, med tiltak som forbod mot marknadsføring av kosmetisk kirurgi og slankeprodukt, samt merking av  retusjert  reklame. Vi vil merke reklamen slik at kvar einaste forbipasserande får vite at dette er juks. I tillegg er det ein tenkt konsekvens at påbod om ei slik merking vil føre til mindre retusjering, rett og slett fordi det skulle vere ønskjeleg for reklameaktørane å sleppe å få eit slikt stempel på sine plakatar.

Vår nabokommune  Sandnes vedtok nettopp at  retusjert  reklame på kommunen sine bymøblar skal merkas, etter eit innbyggarinitiativ frå Sanitetskvinnene. No må Stavanger følgje etter. Stavanger SV vil gjere det vi kan for at dei umenneskelege ideala som heng rundt omkring i byen vår skal merkas, eller fjernas.

Eg grøssar over kor aktuell denne kampen framleis er.