Tydelege vaksne og trygge ungdomsmiljø

KRONIKK: Det hadde blitt rapportert om uro på skuleområdet. Vald og bruk av narkotika.

Av Anne Kristin Bruns, Stavanger KrF

Det hadde blitt rapportert om uro på skuleområdet. Vald og bruk av narkotika. Så ein laurdagskveld tok nokre foreldre med seg termosen med kaffi og bollar og sette seg under overbygget på skulen. Fleire foreldra sat der heile kvelden, traff ungdommar og andre som trekte mot denne staden. Dei var tydelege vaksne tilstades, snakka med dei og viste igjen på ungdommen sin arena. Dei viste konkret at foreldre på lag kan skape eit trygt og sunt ungdomsmiljø.
Overbetjent Kathrine Sæland Rotseth, leiar for forebyggande avsnitt i Stavanger, seier i RA den 8. februar, at politiet er urolege for liberale haldningar til narkotika, og at bruk av narkotika og vald blant unge under 18 år auke dramatisk. I fjor gikk antal narkotikasaker i taket i følgje henne, frå rundt 60 saker til over 160 saker i løpet av året.


Som barnevernspedagog, som har jobba med rusfeltet i heile mitt yrkesaktive liv, veit eg at dette må vi stå saman om. På eit møte med politi, barnevern, foreldre, rektorar og tilsette i fritidssektoren i Stavanger kommune drøfta vi situasjonen i byen vår med tanke på ungdomsvald og rusmisbruk. Mykje kan gjerast med offentlege midlar. KrF har saman med dei samarbeidande partia sett av 3 mill kroner til strakstiltak mot ungdomsvald. Rådmannen har foreslått å  styrke barnevernet, K46 og Uteseksjonen. I tillegg vil dei opprette ein fritidsmentorstilling og auke helsesysterstillinga på ein vidaregåande skule.


Strakstiltaka vil fungere til ein viss grad. Likefult er det ikkje nok. Vi må ha foreldre på lag som kan skape eit trygt og sunt ungdomsmiljø, slik som foreldra med termosen. Ein rektor i eit område med levekårsutfordringar uttrykte det slik: Haldningsendring kostar ikkje mykje pengar, men det kan koste både tid og energi. Vi som er foreldre må stå saman med skulen, fritidsordningar og det offentlege hjelpeapparatet for å skape ein kultur der det ikkje er OK at ungdom ruse seg eller er valdelege.
I august sist år var eg på Island og fekk grundig innføring i ”Islandsmodellen”. Kort fortalt, når det viste seg at alkoholbruken blant 10 klassingar var svært høg, bestemte ulike fagmiljø seg for å samarbeide og sjå kva dei kunne gjere. Det vart ei politisk satsing på fritidsaktivitetar  ved at kommunar og stat gjorde det mogleg for alle barn mellom 6-18 år å delta på ein fritidsaktivitet gratis. Foreldre blei meir involvert i heim-skule samarbeidet og oppfordra til å bruke meir tid med borna sine, ikkje berre kvalitetstid, men også kvantitetstid.


No har KrF saman med regjeringspartia innført det same fritidskortet i Noreg, og det gjev rom for lokale variantar for samarbeid på tvers, noko vi i Stavanger KrF vil jobbe for framover. Atter ein gong tenke eg at foreldre på lag kan skape et trygt og sunt ungdomsmiljø. Kva mamma eller pappa seier betyr mykje gjennom heile oppveksten. Erfaringane frå Island viser at når foreldre er aktive og deltakande,  skaper det tryggleik på ulike arenaer. Ungdom ønsker tydelege foreldre og tydelege vaksne. Det er helt nødvendig å få foreldra med på laget for å skape ein bedre og tryggare ungdomskultur. Omfattende forskning viser at foreldre er viktige forebyggarar og rollemodellar. Kva haldning foreldre har til ulike rusmiddel verke inn på ungdommen sine valg. Også det som politikarar og andre trendsettarar seier og meine om nettopp legalisering av narkotika har ein sterk påverknad.


Studien «Å ha mammas stemme på fest» (2018) viser at mange ungdommer tek etter det ein har med seg heimanfrå. Vi har etter mi meining behov for ei haldningsendring som må starte hjå oss voksne.
Det er fire ting som kjennetegner ungdom som får tilbode cannabis, og som vel å takke nei. Dei har eit godt forhold til foreldra sine, foreldra har oversikt over kven ungdommen heng med og kvar dei oppheld seg, ungdommen veit at foreldra har kunnskap om skadeverknader knytta til cannabisbruk og foreldra bruke sjeldan alkohol (Burdzovic, Bretteville-Jensen, Pape 2016).


Etter initiativ frå KrF saman med SLT koordinator i kommunen (Samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak) har Gautesete skule i Stavanger starta med Sterk&Klar, eit foreldrerettleiingsprogram. I Sterk & Klar jobbe dei med grensesetting gjennom å arrangere foreldretreff for foreldre som har barn på ungdomsskular. Dei gjer foreldre bevisste på korleis dei kan påvirke både barna sine og lokalmiljøet. Gjennom informasjon på nettsida deira oppmuntre dei foreldra til å sette grenser i fellesskap, bry seg om kvarandre sine ungar, og vere aktive rollemodellar. Noko av det viktigaste dei gjer er å lage ein møteplass for tenåringsforeldre, der dei kan møtast og snakke om rus, sosiale medier og psykiske helse.
Foreldre på lag kan skape eit trygt og sunt ungdomsmiljø. Da må vi tilby gode møteplassar for foreldre der dei kan diskutere utfordringar og moglege løysingar.
Det handle om meir enn ein ein termos ein laurdagkveld, men det er ein start. Foreldre på lag kan skape eit trygt og sunt ungdomsmiljø.

Kva mamma eller pappa seier betyr mykje.