Tidleg innsats fremjer læring

DEBATT: Mange barn og unge får ikkje hjelp når dei treng det.

Av Gerd Ingunn Opdal, regiondirektør Statped Vest

Nytt skule- og barnehageår er eit godt tidspunkt for laget rundt barnet til å ha fokus på tidleg innsats heilt frå starten av. Statped vest har eit lågterskeltilbod, der kommunar og fylkeskommunar kan få rask tilgang til kompetanse som bidreg til auka læring hjå barnet.

Har barn og ungdom behov for tilretteleggjing i læringssituasjonen, er det viktig å kome i gang raskt. Statped arbeider for at prinsippa førebyggjande arbeid og tidleg innsats er inkludert i opplæringsløpet. Vi prøver ut eit lågterskeltilbod som skal gje riktig hjelp når behovet er der.

• Fagleg drøfting i anonyme saker.

• Sakene er anonyme, Statped veit ikkje kva barn eller ungdom det gjeld.

• Tilbodet har pedagogisk/spesialpedagogisk fokus og legg vekt på mogelege tiltak, tilretteleggjing og inkludering.

• Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og Statped kan avtale eit møte kort tid etter førespurnad.

• I praksis bidreg tilbodet til at ambisjonane om tidleg innsats blir verkeleg for fleire.

• Teknologiske løysingar, som til dømes videomøte, gjer at vi når ut til samarbeidspartane raskare.

I Statped ser vi fram til at regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule hausten 2019. Meldinga er eit resultat av arbeidet til eit regjeringsoppnemnt ekspertutval. Det har konkludert med at det er for mange barn og unge i opplæring som ikkje får riktig hjelp når dei treng det.

I mellomtida kan både barn, unge og tilsette glede seg til barnehage- og skulestart i august. Med Statped vest sitt lågterskeltilbod vil vi leggje til rette for samarbeid og eit godt og inkluderande læringsmiljø for alle.