Debatt

Tida for bortforklaringar er over

DEBATT: Nærpolitiet er ikkje styrka, etterforskingsløftet er ikkje gjennomført. Arbeiderpartiet meiner at regjeringa for lengst har brutt forliket som blei inngått i Stortinget om nærpolitireforma.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Lene Vågslid. Leiar av justiskomiteen på Stortinget, Ap

Måndag 20. mai omtalte Dagbladet ferske tal frå SSB som viser korleis veksten i årsverk i politietaten har utvikla seg dei siste to åra. Denne statistikken lika ikkje Høgreregjeringa. Justisministeren seier han ikkje tar dei på alvor. Tala som viste at mange norske kommunar nærast er sopa for politifolk dei siste 2 åra fekk også kommunikasjonsavdelinga til Høgre til å vakne. Innlegg med tittel «Distriktene har fått mer politi» blir sendt til aviser over heile landet med klar avvising av SSB-statistikken. Dette til tross for at tillitsvalte i politiet, politistasjonssjefar og lensmenn over heile landet bekreftar tala frå SSB.

Nærpolitireforma trådde i kraft 1. januar 2016 og målet var blant anna at politiet skulle vere meir tilgjengeleg og tilstade lokalt. Men dette er ikkje fyrste statistikk eller rapport som er nedslåande. Fleire rapporter det siste året har bekrefta at gjennomføringa av nærpolitireforma er ute av kurs. Rapporten fra Fafo og Oslo MET som baserer seg på 3.100 respondentar i politiet er nedslående og viser at det lokalet politiets tilstedeværelse er svekka. At polititilsette opplever at det ikkje er nok ressursar til at ein kan gjere jobben sin på ein god måte, og at den uformelle kontakten med nærmiljøet, som har skapt trygghet og kjennskap, er sterkt redusert til fordel for en meir kontrollerande og reaktiv tilnærming.

Det kjem tydeleg frem at det førebyggande arbeidet er svekka. Vidare har professorane Cathrine Filstad og Tom Karp gjennomført vekesvis med feltundersøkingar, observasjonar, samtaler og spørjeundersøkingar av 4500 polititilsette som blei presentert i en rapport i januar 2019. Filstad seier under lanseringen av rapporten at: «Hadde denne typen endringsprosess blitt presset gjennom i det private næringslivet så tror jeg ikke det hadde vært en eneste ansatt igjen».

Denne rapporten viste blant anna at 80 prosent trur det førebyggande politiarbeidet blir enten dårlige eller same som før på grunn av reforma, nesten 80 prosent seier at beredskapen blir dårlegare eller same som før, 90 prosent seier at tilgjengeligheiten for publikum til politiet har blitt dårlegare.

Til tross for desse rapportane, til tross for SSB sin statistikk, tviheld høgreregjeringa på versjonen om at «vi er på rett kurs!». Nei, vi er ikkje det. Ein del har blitt betre, men langt i frå godt nok. Reforma var og er nødvendig. Vi treng sterke felles einingar sentralt. Men nærpolitiet er ikkje styrka, etterforskingsløftet er ikkje gjennomført. Arbeiderpartiet meiner at regjeringa for lengst har brutt forliket som blei inngått i Stortinget om nærpolitireforma.

SSB sin statistikk er absolutt ikkje uinteressant, den viser at reforma ikkje har styrka nærpolitiet. Vi veit det blant anna er fordi den er kraftig underfinansiert. Stortinget har vedtatt at alle gjenverande tenstestader skal styrkast. Det kan ikkje vere sant samtidig som politistasjonen på Notodden nedbemannar, samtidig som Skien kommune har 34 færre årsverk i politiet no enn for to år sidan. For mitt fylke Telemark sin del kjem vi netto svært dårleg ut, med over 30 færre årsverk i politiet på to år.

Tida for bortforklaringar er over. Arbeiderpartiet krev handling og pengar. Eg undrast over kvar KrF og Venstre har blitt av. Som parti bak forliket hadde dei same krav som oss, men no har det blitt heilt stille. Justisministeren har varsla ei «løypemelding» om reforma til hausten. Saman med den må det koma eit solid løft for ressurssituasjonen i politidistrikta, samt justerte ambisjonar.

Prioritet nummer ein no må vere politiets fyrsteline – nærpolitiet og etterforskingskapasitet. Å sørge for at folk får eit reelt styrka nærpoliti der dei bur.

Mer fra: Debatt