Debatt

Tenk deg eit samfunn fritt for vald – ønsketenking?

KRONIKK: Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem også i Noreg, skriv Anne Kristin Bruns (KrF).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, 2. nestleder i KrF Kvinner og styremedlem i Rogaland KrF Kvinner, Bystyrerepresentant Stavanger KrF

I dag er det den internasjonale kvinnedagen – alle kvinner og jenters dag. Gratulerer! Vi har kome langt i landet vårt og i verda, men eg kan ikkje teie når det gjeld vald og valdtekter overfor kvinner. Vald overfor kvinner er eit stadig tilbakevendande problem. Omlag kva fjerde kvinne i verda opplever vald i eigen heim av ektefelle, kjæreste, tidlegare partner, eigne barn eller andre i nære relasjonar. Vi ser det i alle samfunnslag uavhengig av nasjonalitet eller religion.

Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem også i Noreg. Vald mot kvinner er eit angrep på kvinner sin grunnleggande menneskerettigheit, slik som retten til liv, helse og politisk og økonomiske deltaking. Vald mot kvinner er eit fenomen som rammar kvinner i alle aldre og samfunnslag.
For mange av oss er det vanskeleg å tru fordi det ikkje er ein del av vår kvardag. Eg trudde det heller ikkje før eg såg det i møte med kvinna som kom innom der eg jobba, hardt skada og slått. Ho kom rett frå legevakten fordi ho ikkje våga å gå heim.

Men vald gjeld ikkje berre kvinner. Vi har og mange barn som lever med vald. Når eitt av fem barn sjølv seier at dei enten har opplevd grov vald eller mild vald i oppveksten, blir eg svært uroleg. Det er eit faktum at når ein blir utsett for vald, kan det få grunnleggande helseskader, ein opplever utryggheit og avgrensingar i livsutfaldinga. Når det gjeld barn, viser forskning at det er minst like skadeleg for barn å vere vitne til vald som sjølv å bli utsatt for vald.

Studiar frå 2014 viser at også menn erfarer valdsovergrep frå kvinner. Sjølv om dette er markert mindre i omfang enn overfor kvinner, skal ein ikkje sjå bort frå det.

Korleis skal vi forhalde oss til vald i nære relasjonar? Eg trur det kan hjelpe å ta tak i haldningar i samfunnet.

Jenter som sexobjekt er diverre ikkje noko nytt, og det viser oss at vi treng både å snakke om det og reagere på det. Gjennom media dei siste dagane har vi blitt gjort merksam på nedverdigande haldningar og grove tekstar i russesonger 2017. Vi har eit stort problem om dette blir bagatellisert. Heldigvis har både ungdommar sjølv og media sett søkelys på dette som negative haldningar.

Handlingane som kjem fram i russesongane er ekstreme, men dei oppstår ikkje i eit vakum. Det finnes tydeligvis grobunn for slike haldningar i vårt samfunn.

Det handlar om menneskeverdet og korleis vi både omtalar, tenkjer og ser på kvarandre. Forebyggande og haldningsskapande arbeid er det beste verktøyet for å bekjempe vald. Vi må arbeide aktivt på alle arenaer.

Gjennom politikken kan vi lage lover. Vold i nære relasjonar, seksualisert vald, prostitusjon og menneskehandel kan vi som samfunn regulere, noko som er viktig også for våre barn og ungdommar. Sexkjøpslova har vist oss at lovverk kan endre haldningar. For unge menn i Norge er det mindre aktuelt å kjøpe sex no enn før lova blei innført. Sjølv om loverket ikkje kan gjere heile arbeidet, viser det ei retning samfunnet ønskjer å gå.

KrF fekk gjennom i budsjettforhandlingane på Stortinget ein opptrappingsplan som skal forhindre vold mot barn og tredoble regjeringa si satsing på dette området. Vi sørga for at 500 millionar kroner blei sett av til styrking av barnehusa, forbedring av etterforskinga av vold mot barn og medisinsk undersøking av volds- og overgrepsutsatte barn. Det blei sikra meir til Kriposseksjonen som arbeide med seksual lovbrot og bekjempelse av internettrelaterte overgrep mot barn og unge. KrF vil ha trygge barn.

Faktum er, som vi alle må ta innover oss, at i kvar klasse sit der i gjennomsnitt 1–2 barn som er utsatt for alvorleg vold og overgrep. Desse barna sitt einaste håp er at nokon rundt dei ser kva som skjer og gjer noko med det. Vi har alle ei plikt til å melde, ei meldeplikt og avvergeplikt. Dette gjeld særleg tilsette i offentleg sektor, men det gjeld også meg og deg. Vi har ei samfunnsplikt å melde frå om vi veit at barn lever under slike forhold. Det er kanskje eit av våre største tabu og eit stort samfunnsproblem. Det er ingen privatsak, men eit samfunnsansvar.

Korleis vi snakkar om og til kvarandre blir det jobba med heile tida, og dette er viktig. Særleg viktig er dette overfor alle barn og unge, men kanskje bør ein på ein meir systematiske måte involvere foreldre i dette arbeidet. Barnehage og skular har ei unik moglegheit å engasjere foreldre og påverke deira haldningar. Helsestasjonar og andre yrkesgrupper som har ein nær relasjon og tillit hjå foreldre har og ei viktig rolle her.

Som tenåringsmor blir eg stilt overfor mange spørsmål og utfordringar. Eg har fire barn, to gutar og to jenter. Det er viktig for meg å lære mine gutar respekt for jenter og korleis dei omtalar og tenker om dei. Og det er like viktig for meg å lære jentene mine å krevje og forventa at alle respekterer deira grenser og valg. Eg som forelder er den viktigaste rollemodellen for mine barn. Kva eg seier og ikkje seier legg barna mine godt merke til. Vi som er foreldre har eit særleg ansvar for haldningskapande oppdragelse overfor barna våre med tanke på menneskeverd og respekt for andre.

Rogaland KrF Kvinner har sett dette på dagsordnen akkurat i dag på sjølve kvinnedagen, gjennom eit arrangement som vi har kalt: Frihet fra vold. «Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv!» seier Arnulf Øverland. Difor kjempe vi saman for eit samfunn fri frå vald.

Mer fra: Debatt